Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Respekt for barselkvinner, takk

Det handlar om å førebygge ammeproblem, infeksjonar og ernæringsvanskar hos spedbarnet. Det handlar om å oppdage gulsott, hjartefeil, depresjonar og andre medisinske utfordringar som både mor og barn lett kan få i barseltida.

Handlar om respekt: Å skape eit mor-barn-venleg samfunn er eit politisk ansvar og den beste samfunnsprioriteringa ein kan gjere, skriv Kjersti Toppe. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

I 2017 blei det født 56.600 barn i Norge. Dette gav eit samla fruktbarheitstal på 1,62 barn per kvinne. Det er det lågaste som er målt i Norge nokon gong.

Det blir rett og slett fødd for få ungar i dette landet. Fødselsunderskotet vil presse velferdsstatens bereevne i neste sving. Sjølvsagt er det mange årsaker til denne utviklinga. Men eg kan ikkje dy meg. Det er eit paradoks at medan tala om den lågaste fruktbarheita i norsk historie blir presentert, rasar ein debatt om kutt i liggjetid på sjukehus for kvinner etter fødsel.

Helseføretaka seier dei må prioritere helsekronene effektivt. Barselkvinner blir for dyre å ha på sjukehus. Dei må få oppfølging i kommunane i staden.

Ved Haukeland universitetssjukehus blir det no planlagt ein ny kvinneklinikk der ein ikkje bygger barselrom for normalfødande. Ein reknar med at 40 prosent av kvinnene skal ut mellom 6–24 timar etter fødsel. Det betyr ein stor reduksjon i gjennomsnittleg liggjetid, som ved Haukeland allereie er kutta til 2,8 døgn.

Ytterlegare reduksjon i liggjetid skjer utan at kommunane får byggje ut sitt tilbod i forkant. Kommune-Norge manglar så mange som 600–700 årsverk jordmødrer for at dei nasjonale faglege retningslinjene for svangerskap og barselomsorg kan bli oppfylt, for at jordmødrer kan reise på heimebesøk, og kvaliteten kan bli slik myndigheitene tilrår.

Eg skal ikkje trekke konklusjonen om at kort liggjetid på sjukehus for kvinner etter fødsel er ei årsak til låge fruktbarheitstal. Men kanskje det er ein samanheng like fullt. For kvifor er det blitt så enkelt for helseføretaka å kutte i liggjetid for mor og spedbarn? Før blei barseltida sett på som ei heilag tid, der kvinner og born heilt sjølvsagt fekk rom og tid. Dei fekk ekstra merksemd og omsorg av samfunnet. Det var husmorvikar til kvinner som trengde det.

Naboar kom med 'sengamat'. Barseltid, som i medisinen blir definert til dei seks vekene etter fødsel, blei respektert som ei sårbar tid. Her gjaldt det å ikkje «trøble» det til. Mykje kunne skje. Men no blir denne barseltida rekna i kroner og ører. Barselomsorg «løner» seg ikkje lengre.

At barselomsorg er blitt ein utgiftspost heng og saman med måten sjukehusa er finansiert på. I dag vert halvdelen av finansiering av kvinneklinikkane til med såkalla innsatsstyrt finansiering. Då vert sjukehusa premiert for aktivitet, inngrep eller spesielle diagnosar. Ei «frisk» kvinne med «friskt» born, er det lite pengar å hente på for sjukehusavdelingane.

Men dersom ein kan snakke om infeksjonar, ekstra blødingar eller store ernæringsvanskar hos barnet, kan ein sette takstar og dyre diagnosar slik at det vert meir pengar i kassa. Å prioritere ei ekstra jordmor for å gi god ammehjelp og førebyggje komplikasjonar hos mor og barn, fører ikkje til nokon ekstra midlar.

Skulle alle tenkt like kortsiktig økonomisk som norske sjukehus, så er det faktisk ikkje berre barselomsorga som ikkje løner seg lengre. Det løner det seg faktisk lite å få ungar i heile tatt. Å oppdra born er jo det reine økonomiske tapsprosjektet. Skal ein tenke kortsiktig økonomi er nok det luraste ein gjer å ikkje få born i heile teke.

Kvifor er det blitt så enkelt for helseføretaka å kutte i liggjetid for mor og spedbarn?

Annonse

Låge fruktbarheitstal fører til mindre utgifter for samfunnet dei neste budsjettåra. Mindre behov for subsidierte barnehageplassar. Færre helsesystrer. Færre som må få barnetrygd – den mest debatterte trygda i heile valkampen i fjor. Elska og hata, kanskje mest hata for di den kanskje kunne gå til nokon barnefamiliar som ikkje hadde like god trong for pengane som andre barnefamiliar.

Men kor har solidariteten med barnefamiliane blitt av? Kor har solidariteten med barselkvinnene blitt av? Er det rart at eit samfunn som reknar barselkvinner i kroner og ører, får ungdommar som ikkje ser det som naturleg å få barn før det løner seg betre – helst i 30–45 års alderen? Er det rart at fruktbarheitstala går ned?

Eit rikt samfunn som Norge trass alt er, burde ha råd til å ha eit svært godt tilbod for mor og spedbarn, og resten av familien. Vi burde ha råd til å gi kvinner som får barn i studietida eller er utan fast arbeid, ei monaleg økonomisk støtte. Vi burde har råd til å styrke barnetrygda.

Sjølvsagt burde vi det. Særleg dersom vi meiner noko med at låge fruktbarheitstal er eit problem. Skal fruktbarheitstala gå opp, må vi verkeleg vise at Norge er og vil vere eit mor-barn-venleg samfunn. På alle nivå.

Eit mor- barn-venleg samfunn handlar ikkje berre om kroner og ører. Det handlar også om verdiar, kultur og haldningar. Systematisk reduksjon av barseltilboda ved sjukehus viser at barselomsorga ikkje lenger er respektert. Direktørane i helseføretaka står med heva hovud og forsvarer kutt i bemanning og barseltilbod med at dette handlar om friske kvinner. Fødsel er trass alt ein naturleg ting.

I kampen om helsekronene vil dei prioritere kvinner med kreft, kvinner med psykiske lidingar eller kvinner med andre sjukdomar som står i behandlingskø. Helsekronene må brukast effektivt, må vite. Slik vert pengar prioritert til reparasjon, ikkje førebygging. Men kva verdiar ligg til grunn for ei slik prioritering, eigentleg?

Det finst ei grense for alt. Også for kor mykje norske sjukehus skal kunne kutte i barseltilbodet, utan at det er bygd opp tilsvarande tilbod i kommunane. Det handlar om å førebygge ammeproblem, infeksjonar og ernæringsvanskar hos spedbarnet. Det handlar om å oppdage gulsott, hjartefeil, depresjonar og andre medisinske utfordringar som både mor og barn lett kan få i barseltida.

Men mest av alt handlar det om respekt. Respekt for mor og barn og deira nye familie. Stortinget og regjering har her det største ansvaret. Å skape eit mor-barn-venleg samfunn er eit politisk ansvar og den beste samfunnsprioriteringa ein kan gjere. Ei slik satsing må skje i alle sektorar. Men den startar på fødeavdelinga.

Neste artikkel

Hvordan fikk Norge det store havet?