Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La kvinnene få liggja

I vinter har det vore ein stor offentleg debatt om forholda i norsk føde- og barselomsorg.

Debatt; Ein helseminister må tole at det blir ein offentlig debatt når utviklinga i barselomsorga går i feil retning. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix

For eit par tiår sidan reiste dei fleste barselkvinner heim etter 3-4 dagar på sjukehus. No vert dei fleste fødande skrivne ut etter to dagar. Helseføretak planlegg for enno kortare gjennomsnittleg liggjetid.

I Bergen vert det nye barne- og ungdomssjukehuset planlagt med at 40 prosent av kvinnene skal reise heim 6-8 timar etter fødsel. Samstundes viser tal frå Jordmorforeninga at det på landsbasis manglar så mange som 600-700 jordmorsårsverk i Kommune-Noreg for å oppfylle dagens faglege retningsliner.

Helseminister Bent Høie og regjeringspartia har gått langt i å skulde opposisjonen for å lage eit skremmebilete av norsk fødsel- og barselomsorg. Det er ikkje tilfelle. Det er å skyve frå seg ansvar. Å vise til at Noreg har låg spedbarns- og mødredødelegheit, er berre ein avsporing av debatten.

Det det handlar om er tryggleik for mor og barn. Ein helseminister må tole at det blir ein offentlig debatt når utviklinga i barselomsorga går i feil retning. Tendensen med kortare og kortare liggjetid på sjukehus fører til at fagfolk reagerer. Dei ser at tilbodet blir verre og at komplikasjonar ikkje vert oppdaga like tidleg som før.

Det er fagmiljøa som no ropar varsko. Jordmødrene, barnelegane og helsesystrene.

Barseltid på sjukehus er ikkje eit hotellopphald. Det er ei tid der fagfolk skal fange opp sjukdom og komplikasjonar tidleg. Mor skal etablere amming, og screeningprøver vert tatt først etter 24 timar. Barnedødelegheita i Noreg har gått ned takka vera fødsel- og barseltilboda våre.

Men er vi i ferd med å gløyme kor viktig observasjonstid nettopp er for å behalda den lave barnedødelegheita? Gulsott kan sjåast vanlegvis tidlegast andre levedøgn. Alvorleg gulsott kan gi barnet hjerneskade. I Noreg er det rapportert tre tilfelle av alvorleg gulsott dei siste åra, etter at tilstanden har vore fråverande i 20-30 år.

Annonse

Det er fagmiljøa som no ropar varsko. Jordmødrene, barnelegane og helsesystrene.

PasOpp-rapporten frå 2017 frå Folkehelseinstituttet viser at landets store sjukehus skårar dårleg på opplevd tilfredsheit av barselopphaldet. Dei saknar tilgjengelege jordmødrer. Tal frå UNICEF Norge sin kommuneanalyse i 2017 viste at 60 prosent av kommunane ikkje tilbyr heimebesøk innan to veker etter heimkomst, slik den faglege retningslinja krev. Ved Haukeland fant forskarar ein auke i talet på reinnleggingar i perioden 2002-2010, samanfallande med en reduksjon i liggjetid på barsel.

I fjor avdekka undersøkingar store manglar i barseltilbodet. Berre ein av tre fødeavdelingar varsla helsestasjon ved tidleg heimreise. Kvinner ved store sjukehus blir oftare sende heim mot sin vilje grunna kapasitetsmanglar. Det vart rapportert om auka førekomst av uheldige hendingar, som uoppdaga fødselsdepresjon, høgt blodtrykk, blødingar eller infeksjonar hos mor, barn med dehydrering, vektnedgang, gulsott, infeksjonar eller uoppdaga hjartefeil. Hendingar som i kunne vore unngått.

Leiar i Barnelegeforeninga er krystallklar. I Dagsavisen uttalte han at sjukehusa fyrst og fremst er opptekne av å spare liggjedøgn og fryktar alvorlege konsekvensar for den nyfødde.

Som Legeforeningen sa det i høyring her på Stortinget: Det er ikkje dokumentert at tidlegare utskriving er eit trygt alternativ. Tidligare utskriving av barselkvinner og deira barn vil krevje ein heilt anna koordinering enn det vi meiner å sjå vilje til i dag. Vi kan uansett ikkje begynne med å kutte i liggjetid før oppfølging i kommunane er ordentleg etablert. Viss endring i praksis gir færre barselsenger, vil jordmor/lege i praksis settast i ein tvangssituasjon kor fleire gråsonepasientar vert sende heim anten kvinna vil det eller ei. Kvinnas medbestemmelse vil verte kraftig vatna ut.

Barnekonvensjonen artikkel 24 slår fast at for å sikre barns rett til å nyte godt av den høgast oppnåelege helsestandard, og til behandlingstilbod, så må statspartane sikre eigna helseomsorg for mødre før og etter fødsel.

Noreg er eit av verdas beste land å føde i, vi har gode tenester for kvinner i alle fasar knytt til det å få barn. Men i dei seinare åra har sentrale og viktige fagmiljø gitt uttrykk for at tenestene til kvinner under svangerskap, fødsel og i barselperioden gradvis er blitt svekka.

Dette kan vi ikkje tolerere. No må regjeringa få slutt på ein praksis der mor blir sendt heim alt for tidleg frå sjukehuset.

Neste artikkel

Ærlig talt, politikere