Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kritiske år ventar Arbeidarpartiet

Stortingsvalet blei eit skikkeleg nederlag for det største partiet i landet. Men det kan bli langt verre.

Same bodskap: Ap-leiar Jonas Gahr Støre har same bodskap som statsminster Erna Solberg, skriv kronikkforfattaren. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Same bodskap: Ap-leiar Jonas Gahr Støre har same bodskap som statsminster Erna Solberg, skriv kronikkforfattaren. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ørna i norsk politikk har landa. Etter valnederlaget har partiet vore samla for å finne ut av kva som gjekk gale. Partiet fekk berre 27,4 prosent av røystene. Men fallet berre held fram; Norfakta kunne for Nationen og Klassekampen 7. oktober legge fram eit barometer som viste 25,8 prosents oppslutning, etter eit fall på 1,6 prosentpoeng.

Dei to «støttepartia» SV (+0,5 prosentpoeng) og Sp (+1,1 prosentpoeng) ser ut til å ta Aps stemmer. Erna Solberg kan smila seg fram til ei ny toppmåling, 27,6 prosent (+1,6 etter valet), røyster ho har rappa frå Siv.

Helga Pedersen som klatra høgt på kort tid, til fiskeriminister, nestleiar i partiet og som vart kalla «nye Gro» av avisa Nordlys, har no vendt heim. Ho skal vera sauebonde og lærar, ein fin kombinasjon. Eg forventa at ho tok ordet «fisk» i sin munn når ho ville evaluera kva som gjekk gale. I eit stort intervju med Klassekampen 30. september seier ho nokså ullent at «vi ikkje ville ha eit godt nok svar på kva vi ville».

Men OBS! 19. september sa Pedersen at partiet ikkje fanga distriktsopprøret. Etter som ho har vore nestleiar i seks år, burde ho veta at det er eit kystopprør på gang i nord, og at dette vil kunne styrkast etter som Ap sviktar kystfolket. Eit slåande døme er korleis Nordkapp Ap har gjeve Grieg Seafood fri tilgang på tre fjordar.

• LES OGSÅ: Ap-lederen lover å rydde opp

To av desse er alt hardt skadd av utslepp frå ekskrement (fekaliar), nitrogen og fosfor, men også kopar, kadmium og PCB i nøtene. DDT, PCB6, PBDE7 og kvikksølv er trugande mot livet i havet. (Kjelde: Havforskingsinstituttet: Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2017, Fisken og havet – særnummer 2-2017: 100, 136-137)

Folk som har bore Ap fram, stikk no av. Kvifor? Medan den einskilde husstand i kommunen må ut med 4475 kroner i renovasjonsavgift kvart år, slepp Grieg unna med kroner 0. Det er Grieg-konsernet i Bergen som står bak føretaket. For 2017 har dei auka sin formue med 2.300 millionar kroner (39 prosent), og mykje av dette frå oppdrett (Kjelde: Kapital september 2017). For fjordane som har vore okkupert til oppdrett, har avgifta siste åra vore 92.400 kroner, om lag ein tidel av løna til Ap-ordføraren.

Historia om Ap handlar mykje om kyst og fisk. Det var i Nord-Noreg at dei store aktørane dukka opp. Tenk til dømes presten Alfred Eriksen (1864–1934) frå Karlsøy som også skipa til avisa Nordlys og kom på Stortinget. Ja, til og med ein same, Isak Saba (1875–1921) frå Nesseby, kom inn på tinget i 1906 som fiskarane og samane sin kandidat.

Mange av partihøvdingane kom frå sjarken og skøyta. Store namn var Jens Olai Steffensen (1891–1961) frå Bø i Vesterålen og Johannes Olsen (1895–1974) frå Havøysund. Steffensen er kanskje den største. Då sjøsamen var 15 år gamal tok han til å ro fiske. Etter seks år som kystfiskar drog han til Kirkenes for å jobba i AS Sydvaranger.

• LES OGSÅ: Aps fylkesleiarar kritiske til valkampen

Ordet «fisk» har vore fråverande, medan partileiar Støre har snakka om «havrommet».

Annonse

Det radikale livet der blei fronta gjennom Ellisif Wessel (1866–1949) og Nordens Klippe. Steffensen kom inn i partiet og der kunne han måle seg med både Martin Tranmæl og Johan Nygaardsvold.

Gjennom kampen for fiskeriressursane makta partiet å vinna Stortinget for Råfiskloven, 18/6-1938. Fem månader etter blei Norges Råsfisklag stifta. Alt dette skulle sikra folk langs kysten kontroll med og retten til eit rimeleg bra liv bygd på fisk. Fiskeinntektene kom allmugen til gode. Journalist Gunnar Grytås har skrive ei framifrå bok om dette; «Motmakt og samfunnsbyggar. Med torsken og Norges Råfisklag gjennom 75 år».

Skort på kunnskap ser ut til å ha ramma dei nye generasjonane i Ap. Det er påfallande få frå partiet i Nord-Noreg som dei siste åra har gjort seg gjeldande i kraft av å vera fiskar. Det er helst partibroilarar og kontoristar som har aksla partiet.

Då Helga Pedersen tok bladet frå munnen i Klassekampen 19. september hevda ho at dei ikkje har ført ein annan distriktspolitikk enn regjeringa. Sp i Finnmark har kapra veljarar og får ein mann på Stortinget. Eks-nestleiar Pedersen påstår at ein ikkje har nådd fram med bodskapen, men her motseier ho seg sjølv.

Bodskapen er jo den same som Erna Solberg og Siv Jensen, støtta av Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide, har preika. Ordet «fisk» har vore fråverande, medan partileiar Støre har snakka om «havrommet». Langs kysten skit no 800 oppdrettsføretak rommet fullt slik at kystfiskarane får fiskefelt og fangstar øydelagt for lang, lang tid.

I sorgprosessen har rådgjevaren til Jonas, Jonas Bals oppdaga at «Ap har for få politikarar med arbeidarbakgrunn» (Klassekampen 29. september). Men alt eit par veker før var fylkesleiarar inne på det same som Helga, Ap er nestan identisk med H og FrP.

Michael Brøndbo kommenterer: Kjøret mot Jonas Gahr Støre

Fallet vart dramatisk i Nord-Noreg, nedgang 7,8 prosentpoeng i Finnmark, 7,0 i Troms og 9,0 i Nordland. At fallet er størst i dei fire nordlegaste fylka heng sjølvsagt saman med fiskeripolitikken og frisleppet av forsøplinga frå Grieg Seafood, Marine Harvest o.s.b. Du veit kanskje at det er Erna si storesøster Marit som er toppleiar i Marine Harvest?

Fallet til Ap kan bli djupare. Partiet har ikkje ein einaste leiar «som har vatna bruket». Over heile Europa er sosialdemokratiet i krise. Er ørna så sjuk at ho aldri meir kjem seg på vengane?

Neste artikkel

Mat på tanken: Ber om ny vurdering av biodrivstoff