Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frihandel er inga naturlov

Frihandelen er god på å skapa flyt av billege varer, men den tek ikkje omsyn til at mat blir produsert lokalt eller berekraftig, ei heller til retten og plikta land bør ha til å brødfø innbyggjarane sine.

Frihandel: WTOs generaldirektør Roberto Azevêdo leier WTO-møtet som starta i Buenos Aires i Argentina sundag. Foto: Martial Trezzini/Keystone / AP / NTB scanpix
Frihandel: WTOs generaldirektør Roberto Azevêdo leier WTO-møtet som starta i Buenos Aires i Argentina sundag. Foto: Martial Trezzini/Keystone / AP / NTB scanpix

I desse dagar er det ministermøte i WTO i Buenos Aires. Eit emne for møtet er i kva grad land skal kunna gi økonomisk støtte til eige jordbruk. Utfallet kan få følgjer for den norske matsikkerheita, og handlar om demokratisk kontroll med grunnleggande samfunnsbehov. Men det er inga naturlov at dette skal skje.

Det er verdt å minna om kva WTO er, og kvifor organisasjonen finst. WTO er Verdas handelsorganisasjon, og søker å liberalisera verdshandelen gjennom å samordna villkåra for handel. Organisasjonen vart skipa i 1995, som ein kulminasjon av forhandlingar i GATT (General Agreement on Tarrifs and Trade).

WTO la føringar for korleis, og kor mykje, kvart land økonomisk kan støtta sitt eige jordbruk. Land fekk avgrensingar i moglegheiter til å føra ein suveren jordbrukspolitikk, tilpassa lokale førehald. Dei gav bort handlingsrom for å få eit felles verdshandelssystem.

På WTO-møtet i desse dagar er det forslag som søker å redusera den økonomiske støtta til jordbruket ytterlegare. Det betyr i praksis færre moglegheiter til å demokratisk utforma politikk. Meir blir overlate til ein global kapitalstyrt marknad. Dersom dette blir resultatet, kan det føra til at mange norske bønder må driva med underskot eller leggje ned drifta.

Frihandelen er god på å skapa flyt av billege varer, men den tek ikkje omsyn til at mat blir produsert lokalt eller berekraftig, ei heller til retten og plikta land bør ha til å brødfø innbyggjarane sine.

I Noreg vil innskrenkinga av handlingsrommet som WTO legg opp til føra til at areal for korn og gras går ut av drift og gror att. Er dette ein pris verd å betala for billeg mat når ein veit at framtida vil trenga meir areal til matproduksjon? Skal ein la WTO-reglane bidra til å leggja areal brakk?

Skal ein gjera Noreg endå meir avhengige av importert mat? Norsk landbruk jobbar for å verta mindre avhengig av import til kraftfôr. Korleis klara det dersom ein ikkje har økonomiske føresetnader til å produsera mat i Noreg?

Frihandel er komen for å bli, meiner WTO. Men ein skal hugsa at WTO vart skipa i euforien etter kommunismens fall og Kinas entre på verdsmarknaden, og i vidareføringa av den unike velstands- og produktivitetsveksten i Vesten etter 1945. Det var i den tida då Berlinmuren fall og det var stor jubel. Frihandel var evangeliet, sanninga og ordet. «Ingen kjem til velstand, utan gjennom meg», sa frihandelen.

Dette var ein korttenkt draum som berre såg fram, og ikkje evna, eller ville, sjå bakom 1945. Den såg faktisk ikkje ei gong si eiga samtid. Då det var økonomisk krise i 1930-åra etablerte nemleg dei fleste landa i vesten toll og støtteordningar for å trygga det nasjonale jordbruket, og desse vart vidareført og forsterka dei første tiåra etter 1945. Vestens velstand vart bygga ved reguleringar og marknadsbalanse og ei blanding av stat og marknad.

Ordningane som kom på 1930-talet, og som vart forsterka etter 1945, var konklusjonen på ei konflikt som starta då det utvikla seg ein verdsmarknad for jordbruksvarer på 1870-talet.

WTO får det ofte til å sjå ut slik at frihandel er ei naturlov som dreg verda framover på linje med tyngdekrafta.

Annonse

Ført fram av teoriar om frihandel og komparative fortrinn i tradisjonen etter Adam Smith og David Ricardo, byrja ikkje minst korn å reisa langvegs: frå Australia og den Amerikanske prærien, til Europeiske hamner som Liverpool og Stavanger. Dette gjorde kornet billeg. Det var bra for dei mange arbeidarane i byane, men ikkje for bøndene. Det vart kime til konflikt.

Men ein fann eit svar i tollvern for matvarer, og ein indre regulert marknad. Slik oppnådde ein både eit nasjonalt jordbruk, og rimeleg mat til folket i byane. Mellom 1890 og 1930 innførte så godt som alle vestlege land tollkvotar og forskjellige former for marknadsregulering.

Etter den andre verdskrigen bygga både USA, EU og Noreg opp tollvern og høgare interne priser på jordbruksvarer. USA var faktisk pådrivar for at jordbruksvarer skulle vera ekskluderte frå frihandelen i GATT då avtalen vart signert i 1947. Standarden var nasjonalt eller regionalt regulert jordbruk, og det skapa auka produksjon, inntekter for bøndene og rimelege matvarer.

Det var ikkje før på 1980-talet at USA og andre vart pådrivarar for ei liberalisering av jordbrukshandelen, mellom anna fordi dei då lettare kunne selja overproduksjonen sin til trengande land i sør.

Poenget med denne historia er nett at det er historie, og ikkje naturlov. WTO får det ofte til å sjå ut slik at frihandel er ei naturlov som dreg verda framover på linje med tyngdekrafta. Men handelspolitikk endrar seg etter den historiske konteksten. På 1870-talet vart frihandelen driven av Storbritannia sin leiande posisjon og billeg korn frå settlerlanda. Den følgande perioden med regulering var i kontekst av kapitalistisk krise og endring av den globale maktbalansen.

Drivet for frihandel som me no ser, er i kontekst av kommunismens fall og endringar i handelsdynamikken mellom det globale nord og sør. Men dette byrjar bli ei stund sidan no, konteksten endrar seg att, og dei som styrer har rom for å handla.

Ein treng ikkje stå på sidelinja å sjå på når ytterlegare liberalisering skal diskuterast i WTO. For ulikt naturlover, kan historia formast av folk og politikk. Det handlar om å setja demokratisk suverenitet mot global marknadsmakt.

Den norske regjeringa bør avvisa ytterlegare innskrenking av retten alle land har til eigen matproduksjon.

Neste artikkel

Flere medier: Sandra Borch blir landbruksminister