Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskeripolitikken truar arbeidsplassane og verdiskapinga langs kysten

Er vi gjennom mange års velmeinande fiskeripolitikk i ferd med å gjere landet ei bjørneteneste? Ei kursendring er naudsynt for å skape like konkurransevilkår, fleire arbeidsplassar og auke verdiskapinga frå fiskeressursane våre.

Kva slags liv vi skal ha langs kysten avheng av fiskeripolitikken, skriv kronikkforfattaren. Foto: Siri Juell Rasmussen

Fiskeripolitikk kan vere krevjande, men kjem til å bli eit av dei viktigaste politikkområda i tiåra som kjem. Sjømat Norge er opptatt av at landet kan og må skape meir aktivitet og verdiar basert på norsk fisk - ikkje berre for å utvikle sjømatnæringa, men også fordi ressursane frå havet kjem til å bli stadig viktigare for å trygge velferdsstaten.

Fiskerinæringa er ei gjennomregulert næring. Omsyn til fiskebestandane er sjølvsagt viktig, og treng handfast regulering. Men måla i fiskeripolitikken tek også omsyn til busetjing langs kysten, sysselsetjing og lønnsam drift. Dette er samfunnskontrakten til fiskerinæringa, men realiteten er at verkemidla i politikken ikkje lenger heng i hop med føremåla.

Det særeigne lovverket innanfor fiskeria var i utgangspunktet utforma for å verne fiskarane mot marknadsmekanismane, men har i kraft av symbolverdien overlevd sitt opphavelege føremål. Fiskarane i dag er profesjonelle og kapitalsterke næringsdrivande. Systemet er no i ferd med å gi utslag som undergrev måla om verdiskaping og arbeidsplassar i Noreg. Difor treng vi modige politikarar som tør stille krav om at fiskarane må oppfylle samfunnskontrakten.

Gjennom lovvern og ein politikk som gir opning for å samle fleire kvoter på ein båt, har fiskeflåten og fiskarane endra seg stort dei siste tiåra. Vi har fått færre båtar og meir konsentrasjon av kvotar. Vi har fått ein effektiv og svært lønsam fiskeflåte. Og fiskarane går i aukande grad på land for å eksportere fangstane sine uforedla ut av landet. Det gamle skiljet mellom fiskarane på havet og industrien på land vert gradvis viska ut.

Fiskeindustrien hamnar i ei klemme fordi konkurransevilkåra ikkje er like og konkurransen om råvarene strammar seg til.

Annonse

Med deltakarlova i den eine lomma og fiskesalslagslova i den andre, har fiskarane stor fridom til å tilpasse seg. Lovverket gir fiskarane både einerett til å eige fiskebåtar og monopol på omsetninga av fangstane. Dei kan overta fisken sjølv, utan å leggje den ut for sal gjennom eit fiskesalslag. I aukande grad blir fangstar omsett utan at fiskeindustrien får konkurrere om råstoffet, enten ved at fiskar sel fangstane sjølv gjennom eige eksportselskap, eller leverer fangstane direkte i utlandet.

Problemet er ikkje at fiskarane får utvikle verksemdene sine. Problemet er at det på land sit att ein fiskeindustri som ikkje får ta del i denne utviklinga og som gradvis vert tappa for konkurransekraft. Industrien må kjøpe alt råstoff gjennom salslaga og er prisgitt at reiarane byr fisken fram for sal i Noreg.

"Kor langt må denne utviklinga gå før det blir eit problem som engasjerer fleire enn dei som ser ho på nært hald?"

Det er fiskeindustrien som skaper verdiar utover fangstinntekta. Industrien sørger for arbeidsplassar og aktivitet på land, og doblar verdien av fisken før eksport. Ein norsk næringsmiddelindustri som framleis er konkurransedyktig internasjonalt, som sjonglerer marknadar over heile verda. Ein fiskeindustri som sikrar føremålet om at fisken skal kome kysten og folket til gode.

Vi har fått så grunnleggjande ulike konkurransevilkår for fiskeindustrien på land at det ikkje vil bere seg. Det norske regelverket skaper ei konkurransevriding som er ein trussel mot tusenvis av arbeidsplassar langs kysten, og vil føre til enda større eksport av råstoff.

Kor langt må denne utviklinga gå før det blir eit problem som engasjerer fleire enn dei som ser ho på nært hald? Det kan vi få eit svar på når regjeringa og den nye fiskeriministeren vår snart skal leggje fram ei melding til Stortinget om eit framtidsretta kvotesystem. Vil politikarane evne å sjå fiskeripolitikken i eit breitt perspektiv som også famnar om fiskeindustrien sine vilkår og samfunna rundt? Eller blir det meir av det same; stadig større fleksibilitet for reiarane, meir fisk på færre hender, auka eksport av råstoff og ein samfunnskontrakt utan innhald?

Neste artikkel

Norsk sjømatnæring satte ny eksportrekord