Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felles reduksjon av produksjonsvolum – eit brot på konkurranselova

Det er overproduksjon av både svin og lam, men verkemidla for å balansere kjøttmarknadene er blitt avgrensa av WTO-avtalen.

Overproduksjon: Det er overproduksjon av både svin og lam. Likevel kan eit felles samarbeid om å redusere produksjonsvolumet vera i strid med konkurranselova. Foto: Chris Willemsen / Mostphotos

Fleire aktørar i marknaden har offentleg oppfordra til at alle tek felles ansvar for å redusere produksjonsvolumet. Det er ein dårleg idé, fordi slikt samarbeid kan vere i strid med konkurranselova – og kan verke mot interessene til forbrukarar og bønder.

Konkurransetilsynet har observert at fleire representantar frå produsentorganisasjonar og kjøttindustrien har oppfordra til samarbeid om å redusere produksjonsvolumet i marknadane med overproduksjon av kjøtt. Blant anna oppfordra styreleiar i Norsvin i eit innlegg i Bondebladet 30. november ikkje berre marknadsregulator, men også dei andre slakteria, til å redusere slaktevekta på svin i ein periode. Bakgrunnen synest blant anna å vere at det ikkje vil ha tilstrekkeleg effekt i marknaden at marknadsregulator gjennomfører slike produksjonsregulerande tiltak åleine.

WTO-avtalen fører til innskrenkingar i moglegheita for marknadsregulator til å balansere volumet gjennom bruk av reguleringslager og eksport. Produksjonsregulering kan då vere eit effektivt verkemiddel for å oppnå balanse i marknaden. Men har marknadsaktørar lov til å gå saman om dette?

Konkurranselova forbyr samarbeid om redusert produksjon, då slikt samarbeid normalt vil føre til auka prisar, til skade for forbrukarane. Samtidig er det eit uttalt landbrukspolitisk mål at bøndene skal oppnå den prisen på produkta sine som er avtalt i landbruksoppgjeret. Det er såleis ein motsetnad mellom konkurransepolitikk og landbrukspolitikk. Stortinget har løyst dette ved å gi nokre av produsentsamvirka løyve til å gjennomføre naudsynte marknadsreguleringstiltak, sjølv om tiltaka i utgangspunktet er i strid med forboda i konkurranselova. Løyvet er gitt gjennom primærnæringsunntaket.

Unntaket gir berre produsentsamvirka i landbruket løyve til å samarbeide med eigne medlemmer om å regulere marknaden, og berre dersom tiltaka er i samsvar med lov, forskrift eller avtale som regulerer produksjon eller omsetning av landbruksprodukt. Unntaket opnar såleis verken for eit samarbeid mellom eit samvirke og private aktørar, eller for eit samarbeid mellom private aktørar, om å avgrense produksjonsvolumet. Eit slikt samarbeid ville truleg vore eit brot på konkurranselova § 10. Dersom aktørar i ein marknad inngår slikt ulovleg samarbeid kan Konkurransetilsynet både stoppe samarbeidet og krevje at aktørane betaler betydelege gebyr.

Eit føretak i kjøttmarknadene står likevel fritt til på sjølvstendig grunnlag å redusere volumet sitt i ein situasjon med overproduksjon. Dette vil vere ei lovleg strategisk tilpassing til marknadssituasjonen som Konkurransetilsynet ikkje vil eller kan gripe inn mot.

Eit slikt samarbeid ville truleg vore eit brot på konkurranselova § 10.

Annonse

At det berre er samvirka som har dispensasjon til å samarbeide med eigne medlemmer om å regulere marknaden, medverkar til at samvirka og dei private aktørane møter konkurranse frå kvarandre, heilt ned på produsentnivå. Ved å setje klare grenser for kven som kan gjennomføre konkurranseskadeleg samarbeid utan å bryte konkurranselova har myndigheitene gitt eit tydeleg signal om at det er viktig å ta vare på den resterande konkurransen i landbruksmarknadene.

Ein effekt av dagens regelverk er at dei andre aktørane i marknaden ikkje tar del i tiltaka som marknadsregulator set i verk for å avgrense volumet i marknaden. Tvert i mot kan dei andre aktørane ha insentiv til å auke produksjon sin i ein slik periode for å kapre marknadsandelar nedstraums, med den konsekvens at konkurransetrykket i marknaden kan auke.

Konkurranse i alle ledd av verdikjeda i landbruksmarknaden er positivt for alle marknadsaktørane og for forbrukarane, fordi det stimulerer til effektivitet, kvalitet og innovasjon. For å sikre seg råvarer til vidareforedling og vidaresal konkurrerer dei private aktørane og samvirka om å få kjøpe produkt frå bønder. Dette kan blant anna vise seg gjennom at dei private aktørane konkurrerer med samvirka gjennom å gi høgare pris til bonde eller betre leveringsvilkår. I tillegg vil samvirka, for å halde på sine kundar, måtte tilby konkurransedyktige prisar og vilkår, noko som set krav til innovasjonstakt og lave kostnader.

Den samla effekten av dette kan vere at forbrukarane kjøper større volum av landbruksprodukt, noko som igjen fører til høgare inntekt for bonden.

At alle aktørane i ein kjøttmarknad samarbeider om å redusere volumet vil difor ikkje berre vere eit brot på forbodsreglane i konkurranselova. Over tid kan det også ha negative konsekvensar for verdiskapinga i heile verdikjeda, for forbrukar og for bonden.

Neste artikkel

Nortura åtvarar mot nye hønehus og for mange egg