Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Du fortener betre daglegvarebutikkar

Interessa for mat er større enn nokon gong i Noreg. Så kvifor er utvalet i daglegvarebutikken så dårleg?

Graut og grandis: Kronikøren ynskjer seg meir i disken. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det er haust. Haust i fjell, haust i by og haust på kjøkken. Tid for å - ja, nettopp hauste. Sau og lam vert kortreist, berekraftig mat alle er samde om at vi kan ete med godt samvet.

Eller er vi eigentleg så samde her? Nordmenn et tjue prosent mindre lammekjøt i dag enn for tjue år sidan, og det er i år venta ein overproduksjon på 1100 tonn. Vil vi ikkje ha lammekjøtet likevel?

Eller kan det vere vi ikkje får tak i det? Dei siste par vekene er eit innlegg om middagsproduktet Gilde Frikassè delt nærare 5000 gonger på Facebook. Frikassèen er laga på fårekjøt, løksaus og grønsaker, selt i spann omlag som sodd og meint å vere eit lettvint middagsprodukt. Men det nådde aldri ut til oss forbrukarar: Ingen daglegvarekjeder ville ta det inn.

Kvar person som har delt innlegget har samstundes sagt ho ville kjøpe frikassèen. Privatpersonar har posta innlegg på sidene til daglegvarekjedane, som har måtte svare på kvifor dei ikkje har tatt inn produktet.

Situasjonen har overføringsverdi - av to årsaker. På den eine sida syner han eit sterkt engasjement for såvel norsk matproduksjon som for tilbodet kvar enkelt av oss møter i daglegvarebutikken. Han syner vilje til forbrukarmakt.

Men på den andre sida syner frikassèhistoria den makteslause avgrensinga i den same forbrukarmakta: Vi kan ikkje velje noko som ikkje er å få kjøpt i butikken.

Noreg har Europas mest konsentrerte daglegvaremarknad. Tre kjeder kontrollerer 99,9 prosent av omsetnaden. Alle i Noreg må kjøpe mat. Fleire gonger i veka. Vi kan heller ikkje kjøpe han brukt, slik vi kan med til dømes bilar eller klede.

Altså er vi alle saman heilt avhengige av å handle hjå ein av paraplykjedane Norgesgruppen, Reitangruppen eller Coop. I tillegg har vi veslebror Bunnpris, men han får varer gjennom eit innkjøpssamarbeid med Norgesgruppen.

Alle dei andre butikkane - alle delikatesseforetningar, ostebutikkar og bygdelagsstyrte lokalbutikkar - klarar altså til saman ikkje å karre til seg meir enn 0,1 prosent av daglegvareomsetnaden.

Det er dette siste som gjer daglegvaremarknaden i Noreg spesiell. Ikkje at nokon er store – slik er det mange stadar – men at dei små er så utruleg små. Og at det er så vanskeleg, ja nokon vil seie umogleg, for uavhengige butikkar å etablere seg.

Annonse

Ein gong hadde vi kolonialforretningar, krambuer, sjapper, landhandlar, handelsstadar og sjølvvalsbutikkar. Vi hadde bakarar, slaktarar, fiskehandlarar og torgdagar. No har vi hypermarknad, nærbutikk, supermarknad og lågpris.

Fram til 2015 hadde vi fire kjeder å fordele dei på, så kjøpte Coop Ica, og no har vi tre. Er det nok for å halde på konkurransen?

Eller skal vi i staden spørre: kor mange av oss ser eigentleg skilnad? For det er liten tvil om at daglegvarekjedane konkurrerar seg i mellom. Sjølv innad i konsern som Coop og Norgesgruppen er det nok konkurranse. Men ser ikkje alle i røynda ganske like ut? Kanskje har det litt med å gjere at lågpris aleine står for to tredjedelar av omsetnaden – for det er sjølvsagt skilnad på Meny Colosseum og Joker Loppa – men skilnadane er mest kosmetiske, likevel: Hovudinntrykket er dei same varene, i dei same hyllene, dei same plastpakningane og meir eller mindre dei same prisane.

Undersøkingar som er gjort kring kva vi forbrukarar vektlegg når vi vel daglegvarebutikk syner at det viktigaste i kvardagen er lokalisering. Parkering er ein god nummer to, fann Forbrukarrådet i 2015.

Sjølv om kjedane jobbar aldri så hardt med å fange oss i sterke slagord som «Litt ditt» og «Det er sluttsummen på kassalappen som teller», omfattande fordelsprgram som Trumf og Æ og kostbare satsingar på eigne, kjedeeigde merkevarer som First Price, Jacob's og Xtra ser vi forbrukarar altså ikkje større skilnad på dei ulike butikkane enn at kor lang tid det tek å kome seg dit er viktigare enn dei små forskjellane som måtte vere mellom kva som er å finne der inne.

Er det på tide å slutte å konkurrere i likskap, og heller syne oss mangfald? Pris kjem lågare på prioriteringslista enn utval, fann Forbrukarrådet i undersøkinga deira. Kva med å presse litt meir på kvalitet og litt mindre på pris? Det ville ved alle høve skille seg ut.

Kva med å presse litt meir på kvalitet og litt mindre på pris?

For tida jobbar Nærings- og fiskeridepartementet med lov om god handelsskikk, som Stortinget har vedteke skal innførast i løpet av 2019. Sju år etter stortingsmeldinga «Mat, makt og avmakt - om styrkeforholdene i verdikjeden for mat» synte kor dårleg konkurransen i daglegvarebransjen fungerer - og korleis det går utover tilbodet til oss forbrukarar - er det på høg tid at styresmaktene tar grep for å regulere ei næring som har fått vekse seg alt for mektig alt for lenge.

Ei lov om god handelsskikk må sikre rom for fleire i denne livsviktige marknaden. Vi treng rom for dei små, dei sære, dei kvalitetsmedvitne, dei lokale, sesongbaserte og ikkje minst dei kunnskapsrike. Kort sagt treng vi rom for meir mangfald.

For interessa for mat i Noreg er større enn på lenge - ja, kanskje nokon gong. Mat er trendy. Mat er kultur, og matkulturen vår kjem av teknikkar, kunnskap, oppskrifter, tradisjonar, variantar, prosessar, produkt, forteljingar, hardt arbeid og masse, masse kjærleik.

Mat har lukt. Stram, søt, apetittvekkande eller sur. Smak, sjølvsagt, i alle variantar, frå dårlegast til best og alle vegar i mellom. Men mat har og historie. Både den du hugsar sjølv, om fyrste gongen du trakk ein fisk opp av havet til dømes, men óg dei som er mykje eldre enn deg: Gamalost heiter ikkje gamalost fordi kvar enkel ost vert lagra så lenge, men fordi vi har ysta han i så utruleg mange år (mest truleg har han altså heitt noko anna ein gong).

Kor mykje av dette får vi med oss heim frå Rema, Mega og Kiwi? Kor mykje burde vi forvente? Litt meir? Det burde ikkje vere heilt umogleg å få til.

Neste artikkel

Det er ingen grunn til å stemple Sp som klimasinke