Torsdag markerer 10 miljø- og bondeorganisasjonar at det er to år sidan Stortinget vedtok jordvernstrategien og skjerpa inn jordvernmålet. Det skjer ved å overlevere eit opprop der det heiter at Norges matfat er truga. Naturviterne og Natur og ungdom ber Stortinget innføre strengare reglar for å styrke jordvernet.
– Dagens regime legg press på matjorda og jordvernet, og opsjonsavtalane undergrev vedtekne kommuneplanar der det er bestemt at den dyrka jorda er verna mot utbygging. Vi treng reglar som sikrar innsyn i opsjonsavtalane. Eit forbod bør òg vurderast, seier Dagfinn S. Hatløy, forbundsleiar i Naturviterne.
Fleire parti på Stortinget følger opp med å kritisere regjeringas jordverninnsats. Senterpartiet og Miljøpartiet De Grønne (MDG) har også lagt fram forslag til innskjerpingar i jordvernet.
Talsperson for Ap, Terje Aasland, er skuffa.
– Ja, absolutt. Regjeringa har ikkje følgt opp det vi vedtok for to år sidan. Det er gjort for lite, resultata uteblir og ein ligg godt etter målet. Det verkar som andre interesser er viktigare for regjeringa enn omsynet til matjorda og framtidig matproduksjon, seier Aasland.
Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), slaktar regjeringas innsats.
– Nedbygginga skal reduserast, men utslaga er veldig, veldig små. Vi burde vore nede i 5000 mål nå, men det blir framleis bygd ned over 6000 mål. Vi er der vi starta. Det gir grunnlag for å seie at regjeringa verken følgjer opp eller tar jordvernstrategien på alvor, seier Pollestad.
Blant tiltaka Sp går inn for er å pålegge Fylkesmennene å gripe inn og stoppe fleire utbyggingar på matjord.
– Brevet som landbruksministeren har sendt til Fylkesmennene er for slapt. Stortinget må sørge for at regjeringa sender ein tydeleg instruks til Fylkesmennene, seier Pollestad.
Ap og Sp er også kritiske til måten regjeringa har behandla vedtaket om å avgrense og sikre openheit om opsjonsavtalar om kjøp av jord til utbygging.
– Det er underleg. Det ville vore ein stor fordel med meir restriksjonar eller eit forbod mot dette, men regjeringa seier eigentleg at det er omsynet til moglege utbyggingar som gjer at dei ikkje vil gjere noko med opsjonsavtalane, seier Aasland, som seier det er naturleg å følgje opp saka for å få reduksjon i nedbygginga.
Les også: Brei støtte til forslaget om opsjonsforbod
Pollestad seier han helst vil ha eit forbod mot opsjonsavtalar.
– Regjeringa har ikkje følgt opp bestillinga til Stortinget, seier han og seier han ventar at KrF og Venstre vil vere med på tiltak for å styrke jordvernet.
Det har ikkje lukkast å få kommentar frå KrF. Venstre seier jordvern er viktig, men nøler med å kritisere regjeringa.
– Vi er for eit veldig sterkt jordvern og vi må sjå på heilskaplege løysingar. Større kommunar og regionar vil gjere det lettare å få til ei heilskapleg arealplanlegging og gjer det lettare å vere restriktiv på bruk av dyrka jord, seier André N. Skjelstad (V).
Les også: Ber om forbod mot opsjonsavtalar på kjøp av jord
– Er du nøgd med regjeringas innsats?
– Det vil aldri vere bra nok, men vi har iallfall fått ei betre retning enn det var. Vi har alltid pressa på for eit sterkare jordvern. Der er vi fortsatt. Det er vanskeleg å klappe seg på brystet når matjorda forsvinn, men det skjedde òg under førre regjering, seier Skjelstad.
Les også: Gav grønt lys til nest mest nedbygging av dyrka jord på fire år
Nationen har bede om kommentar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), som har ansvaret for arealplanlegging. Dei viser til LMD, som svarar at landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) ikkje har høve til å gi kommentar.