Regjeringspartia med Venstre på slep møter seg sjølve i døra. Fyrst argumenterar desse partia for kor viktig lokaldemokratiet og den lokale sjølvråderetten er i alle saker som har med kommunal politikk og lokale beslutningar å gjere. Deretter går dei same partia inn for å slå saman kommunar med tvang på tvers av folkeviljen og politiske vedtak i dei aktuelle kommunane.
Kor har det blitt av dei fine orda og lovnadene frå desse partia om at kommunane sjølve veit best korleis dei vil ha det ut frå lokale tilhøve?
Slike uforståelege dobbelthaldningar tek i alle fall Miljøpartiet Dei Grøne sterk avstand frå i respekt for lokal identitet, kunnskap og erfaringar ein har i livskraftige lokalmiljø.