Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig ulveavgjerd for folk og fe

Mange trakk nok eit letta sukk då meldinga frå Oslo tingrett kom i går: Ulvejakta blir ikkje stoppa.

Torbjørn Lange (t.h.) og advokatane Carl Philip Funder Fleischer og Stein Erik Stinessen i Oslo tingrett. Foto: Lise Åserud.

I denne omgang, i alle fall. Berre kort tid etter avgjerda i tingretten, vurderte WWF å anke.

Avgjerda kom nok noko overraskande, særleg etter fjorårets bruduljar då ulvejakta vart stoppa av klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Sidan då har Helgesen måtta gå ekstrarundar med Stortinget. Det har vore eit val, der ulvesterke område vart tapsområde for Høgre. Og statsråd Helgesen har til slutt lagt fleirtalets politikk til grunn for forvaltninga, og ikkje byråkratane sine synspunkt.

Det er den andre miljøsaka som er oppe i rettssystemet på kort tid, og som, om rettssystemet hadde gitt medhald, ville avgrensa Stortinget og regjeringa si makt til å utøve politikk og ta avgjerder. Det må framleis vera slik at politikarane vedtek politikk, sjølv om ein kan vera ueinig i politikken som blir vedteken.

Nett som med oljepolitikk og klimaendringar, er rovdyrpolitikken og dei konsekvensar den har for næring og lokalbefolkning eit politisk ansvar, ikkje eit rettsleg.

Det er korkje overraskande eller kritikkverdig at WWF prøver å stoppe ulvejakta. Å kjempe for det organisasjonen meiner er utrydningstruga dyreartar, er det WWF er til for. Men organisasjonen går ikkje rettens veg for å bevare hubroen eller lundefuglen, dei går til Stormberg.

Kjernen i striden er om Noreg har ei sjølvstendig plikt til å ta vare på ei norsk ulvestamme. Stadig fleire miljø (og dommar) er klåre på at plikta Noreg har som stat, er å bidra til å ta vare på den skandinaviske ulvestamma. WWF meiner det skal vera ei eiga, levedyktig stamme i Noreg.

Fagleiar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet seier det slik i ei pressemelding: «Det er en svært trist at Norge nå nærmest utrydder en kritisk truet art».

Sjølv om retten ikkje har stoppa vinterens ulvejakt (enno) står det store slaget om norsk ulvepolitikk seinare. Det retten i denne omgangen har sagt nei til å stoppe, er om det skal vera ulovleg for staten å gi løyve til å felle ulv ut frå eit bestandsmål, medan me ventar på rettssaka.

Stadig fleire er klåre på at plikta Noreg har, er å bidra til å ta vare på den skandinaviske ulvestamma.

Oppsummert

Teikn i tida

1 I fjor vart ulvejakta stogga. I vinter vil korkje Vidar Helgesen eller Oslo tingrett gjera det.

Biologisk stamme

2 Retten har igjen funne at vi har ansvar for ei skandinavisk, ikke ei særnorsk stamme.

Von i år

3 Rovdyrpolitikken må vurderast ut frå omsynet til både folk og dyr.

Annonse

Det var viktig og riktig at Oslo tingrett ikkje stoppa jakta no. For det fyrste ville det vore ein uhaldbar situasjon både politisk og for dei lokalmiljøa som har ulven på gardstunet. For det andre ville det vore i strid med politikken Stortinget har lagt til grunn i ulveforliket. Det er ikkje opp til retten å avgjera bestandsmålet, det er det Stortinget som ansvarlege politikarar som gjer.

Det er slik at færre ulv vil føre til mindre skade på sau og vilt. Ja, det var ein svensk ulv som herja på Hadeland og Toten i fjor sommar. Men om Vidar Helgesen ikke hadde stogga jakta førre vinter, kan det hente svenskeulven hadde hatt ein skog å stogge i, før han kom til saueflokkane på Hadeland.

Det tok fleire veker med intensiv jakt å få skoten ulven på Hadeland. Det syner kor vanskeleg det er å jakte i sommarskogane, sjølv om det ligg blodige spor etter ulven. På årets første fem dagar fall det ni ulvar. Det syner kor viktig det er at det blir jakta ulv på sporsnø.

Norge gjekk inn i Bernkonvensjonen i ei tid der me knapt nok hadde ulv. I dag er situasjonen ein annan. Den skandinaviske ulvestamma er på over 400 individ, og er altså ei levedyktig stamme ifølgje forskarane i Skandulv.

Det retten med si mellombelse rettsavgjerd har sagt, er at dei er samde i staten si haldning om at Noreg har pliktar overfor den skandinaviske ulvestamma, altså at ulvane i Noreg og Sverige må reknast som éi stamme, og ikkje ei genuin norsk og svensk stamme. Retten seier også at Bernkonvensjonen ikkje pliktar Noreg til å vurdere stamma nasjonalt.

I tingretten har staten anført at Julussa- og Osdalen-flokkane har liten genetisk tyding for ulvestamma. Loven gir då handlingsrom til at dei to revira kan fellast, meiner staten. Staten får også medhald i at verneinteressene må vegast opp mot andre "samfunnsmessige hensyn".

Me er på veg mot noko som kan tyde lågare konfliktnivå, mindre liding og ei kjensle av auka tryggleik i ulveområda. Det må også telje med, når retten seinare i år skal vurdere om me forvaltar "våre" skandinaviske ulvar på lovleg vis.

Neste artikkel

Byrådet i Oslo vil forby ulvejakt