Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utanforskapen på bygda

Med staten si velsigning utviklar det seg eit digitalt klasseskilje mellom by og bygd. Framlegget til post annakvar dag vil berre forsterke skilnaden.

Nett til alle no: I mange distrikt er det ikkje ein stor nok marknad, verken for næring eller fastbuande, at det løner seg å byggje opp ulike distribusjonsløysingar. Foto: Siri Juell Rasmussen
Nett til alle no: I mange distrikt er det ikkje ein stor nok marknad, verken for næring eller fastbuande, at det løner seg å byggje opp ulike distribusjonsløysingar. Foto: Siri Juell Rasmussen

For mange av oss har ny teknologi gjort dagen svært mykje enklare. Me kan enkelt betale rekningar i bankappen på mobilen, eller vippse vener pengar dei la ut for teaterbilletten. Me kan seia opp papirabonnementet fordi avisene berre samlar støv, og appen på smarttelefonen plingar inn same avis over eit halvt døgn før avisa kjem i postkassa.

Men livet er ikkje slik for alle. Det har utvikla seg to typar digitalt utanforskap; den digitale utanforskapen som er ein konsekvens av at samfunnet ikkje vil bruke pengar på å gi folk tilgang til breiband, og det type utanforskapen som kjem av at folk ikkje klarar å nytte seg av digitale tenester.

Problemet for begge gruppene er at statlege styresmakter ikkje bryr seg særleg mykje om dei. Det blir brukt for lite pengar på støtte til breibandutbygging i strøk av landet der det ikkje er kommersielt lønsamt. Nav måtte til slutt tvingast i kne for at landets pensjonistar framleis kan få informasjonen om dei hardt opparbeidde pensjonspengane sine på papir. Og no skal du ikkje lenger få avisene i posten kvar dag, heller.

Synest du ikkje noko om denne utviklinga, seier du? Då er du ein bakstreversk stabeis som klorar deg fast ein stad "der ingen burde bu".

Samferdsledepartementet har for tida ute på høyring endringar i postloven. I høyringsbrevet føreslår departementet at postomberinga skal reduserast til to dagar ei veke, og tre dagar neste veke. For å gjenta: Den eine veka får du altså avisene (og anna post) i posten tysdag og torsdag. Neste veke får du avisene måndag, onsdag og fredag. Så må du vente til tysdag att. Men då får du til gjengjeld avisene for laurdag, måndag og, vonleg, tysdag.

Interesseorganisasjonen IKT-Norge, som representerer nærmare 450 bedrifter og organisasjonar innan IT og Telekom, meiner det er nok med post i postkassa éin dag i veka. Staten bør heller bruke pengar på andre ting, som til dømes opplæring av folk med dårleg digital kompetanse. Organisasjonen meiner spørsmålet om varelevering og forsendingar enkelt og greitt vil løyse seg på sikt, fordi nye distribusjonsaktørar vil koma til.

Det er, med all respekt, ei svært naiv haldning til at "marknaden ordnar opp sjølv". I tettstader og byar er det ikkje tvil om det alt finst gode alternativ til posten. Men det er ikkje ein stor nok marknad i mange distrikt til at det vil løne seg å byggje opp, og langt frå konkurrere om, ulike distribusjonsløysingar. Det er ein grunn til at staten støttar distribusjon av laurdagsavisene i post.

Skal det lyse i stille grender også i framtida, er internettilgang like viktig som mat, varme og straum.

Oppsummert

Fiber i alle hus

1 Skal folk over heile landet kunne ta del i den digitale framtida trengst god internetthastigheit over alt.

Ikkje ansvar

2 Staten sjølv forventar at landets innbyggjarar skal bruke digitale løysingar, men vil ikkje sikre godt nett til alle.

Digitale underklasser

3 Difor er det i ferd med å utvikle seg digitale underklasser i Noreg, i såkalla grisgrendte strøk og for dei som ikkje klarar overgangen.

Annonse

Men du kan jo berre lesa avisene på nett. Du kan jo berre bruke nettbanken. Du kan jo berre strøyme musikk, OL og Netflix.

Ja, du kan det, så sant du 1) har linjekapasitet til å gjera det 2) har internett.

Førre helg synte NRK Sørlandet kva dagens rådande marknadstrekning fører til, når den også grip om seg i statleg eigde selskap. Telenor seier opp tusen abonnentar fordi selskapet ikkje gidd å betale for å fikse fastlinja, og dermed også internettilgangen til nokre tusen folk i Kvinesdal. Telenor tilbyr rett nok mobilt breiband, men skal det fungere, må mobildekninga vera stabil, og datapakkene store nok og billige nok.

Samstundes som at offentlege styresmakter, etatar og bankar etter kvart krev at folk skal ha tilgang til nett, er nemleg ikkje tilgang til breiband, ISDN eller andre dataoverføringstenester ein rettigheit folk har. I høyringsbrevet frå Samferdsledepartementet blir det vist til at under tusen husstandar manglar tilbod om 4 Mbit/s nedlasting "som er nok til å lese nettaviser og andre nettsider der nyheter formidles". Ein kvar som har sete på ei linje med denne hastigheita veit at det ikkje er så mykje meir du får gjort.

Du får kanskje til å strøyme Netflix utan at det hakkar, men det er ingen andre som kan gjera noko fornuftig på verdsveven samstundes. Sit poden og spelar Star Wars Battlefront med kompisar over heile verda, kan du berre gløyme å gjera unna arbeidsoppgåver medan middagen blir ferdig, eller sjå gårsdagens Dagsnytt 18.

Skal det lyse i stille grender også i framtida, er internettilgang like viktig som mat, varme og straum.

Neste artikkel

Går sammen for å desentralisere Innlandet