Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ut på tur, men ver lur

Til å ha drive med turisme sidan 1800-talet, er Noreg forbausande dårleg på turistar.

For mange?: Preikestolen, med utsyn over Lysefjorden i Rogaland, hadde 285.000 besøkande i fjor. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
For mange?: Preikestolen, med utsyn over Lysefjorden i Rogaland, hadde 285.000 besøkande i fjor. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Årleg kjem millionar av turistar til steinrøysa. Tyskarar og danskar toppar statistikken, men også kinesarar har fått opp augo for norske fjordar og midnattssol.

Og, skal ein tru rapportane frå rundt om i Distrikts-Noreg, legg dei att etter seg ein svinesti av avføring og søppel. Som om ikkje det skulle vera nok; dei slår opp telta sine på fotballbanar, klatrar i farlege fjell og legg bubilane sine midt i vegen når dei køyrer rundt i vårt langstrakte land.

I Geiranger lunsjar cruiseturistane på privat eigedom, og i Lysefjorden treng turistane hjelp til å koma seg ned att frså Preikestolen. I Lofoten har det vorte så ille, ifylgje Audun Pettersen, som er direktør for berekraftig reiseliv i Innovasjon Noreg, at me bør slutte å marknadsføre Lofoten. «Det er nok turister i Lofoten nå. Vi må dreie markedsføringen vekk fra denne regionen», seier Pettersen til NRK. Han meiner turistar må reise til Lofoten på vinteren, om dei absolutt skal dit.

I 2015 brukte utanlandske turistar vel 45 milliardar kroner i Noreg, ifylgje Innovasjon Noreg, og stod for 29 prosent av det samla turistkonsumet her til lands. Talet på gjestedøgn ved kommersielle overnattingsstader auka med fem prosent frå 2015 til 2016. Eit trygt land å reise til, låg oljepris og låg kroneverdi gjer Noreg attraktivt som reisemål

Det tyder god omsetning for mange små og mellomstore aktørar i reiselivet, men også for reiselivets underleverandørar. Moglegheitene norsk næringsliv har for å tene meir pengar gjer at debatten om turistane blir noko merkeleg.

Reiseliv seglar opp til å bli ei endå større næring i framtida. Burde me ikkje då heller leggje til rette for turistane, i staden for å klaga på dei? Om ein til dømes kjem i den situasjonen at ein berre gjera sitt fornødne, og det ikkje finst eit einaste toalett i mils omkrins – kva gjer du då? Bæsjar du i bilen eller i naturen? Kva med å setje opp fleire toalett? Byggje fleire parkeringsplassar, teltstader og opplevingssenter?

Naturbasert turisme er i vekst, og er eit satsingsområde. Men fleire turistar fører også til større slitasje på terrenget. I allemannsrettslandet Noreg er det nok som å banne i kyrkja å føreslå ein inngangspris til Preikestolen, men me bør snakke meir om korleis me kan tene pengar på slitasje av naturen og tilretteleggjinga det offentlege må gjera for å ta i mot alle turistane.

Skal ein tru rapportane frå rundt om i Distrikts-Noreg, legg turistane att etter seg ein svinesti av avføring og søppel.

Oppsummert

Milliardinntekter

1 Utanlandske turistar brukte om lag 45 milliardar kroner i Noreg i 2015.

1 av 15 arbeider i reiselivet

2 Reiselivsnæringa sin del av sysselsetjinga i Fastlands-Noreg var 6,9 prosent.

Stort trykk

3 I nokre regionar, som Lofoten, kjem det fleire turistar enn det er tilrettelagt for lokalt.

Annonse

I sommar har eg vore på bilferie i Irland, som rett nok er eit langt mindre land enn Noreg, men dei har jammen smale vegar der, også. Irland har massiv turisttrafikk, særleg i sommarmånadane, med alt frå amerikanarar som skal finne røtene sine, tyskarar med bubilar og filmfans på jakt etter Game of Thrones- og Star Wars-locations. I fjor besøkte 8,8 millionar utlendingar Irland, og turisme- og reiselivssektoren gav arbeid til 230.000 menneske i 2016.

Mitt umiddelbare inntrykk er at irane er ekstremt gode turist-tilretteleggjarar. Dei er svært gode til å trekke kvar euro dei kan ut av turistane som besøker landet. Cliffs of Moher er den nest mest besøkte turiststaden i Irland, og besøkssenteret hadde 1,4 millionar besøkande i fjor. Som fotturist kan du rett nok oppleve dei dramatiske klippene gratis, men kjem du med bil, betalar du seks euro per person for parkering og opplevingssenteret.

Likevel er påtrykket så stort om sommaren, at du blir oppmoda om å koma etter klokka fire for å vera sikra inngang. Parkeringsplassen gir årleg inntekter på sju millionar euro (nærare 70 millionar kroner) til dei lokale styresmaktene i County Clare, og inntektene blir brukt på nettopp Cliffs of Moher. I opplevingssenteret kan du lære meir om dyrelivet, hekking og klekking, og ein liten seksjon fortel også om dagleglivet til innbyggjarane i landsbyen i nærleiken, og kor avhengige dei var av å sanke egg i klippeveggen. Livet hang bokstaveleg tala i ein tynn tråd.

Dei forhatte cruiseturistane, som legg att forureining i norske fjordar, legg også att 860 kroner per dag – eller 2,3 milliardar i året – ifylgje Innovasjon Noreg si oversikt over norsk cruisenæring. Det bør definitivt innførast ei cruiseavgift, men pengane bør brukast på ein måte som gjer at turistane får endå større glede av å besøke oss. Og slik legg att endå meir pengar.

Noreg har plass til langt fleire turistar enn i dag. Men då må me tenkje nytt.

Neste artikkel

Korona-omstilling har gitt hundrevis av nye kjæledegger