Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulvefarse i fleire aktar

Den som trudde at talet på kor mange ulvar som kan skytast til vinteren var fastsett, må tru om att. I verste fall blir det same komiske tragedie som sist vinter.

Rovdyr: Om Klima- og miljøminister Vidar Helgesens ansvar for rovdyr inkluderer katt, er uvisst. Men han har definitivt kattetekke. Foto: Siri Juell Rasmussen
Rovdyr: Om Klima- og miljøminister Vidar Helgesens ansvar for rovdyr inkluderer katt, er uvisst. Men han har definitivt kattetekke. Foto: Siri Juell Rasmussen

Den gongen innstilte rovviltnemndene på at det burde skytast 47 ulvar. Klima- og miljødepartementet meinte det ikkje var grunnlag for å skyte meir enn 15 ulvar. Resultatet så langt i år er ni ulvar skotne; tre på skadefelling og seks på lisensjakt.

I år har rovviltnemndene innstilt på at 50 ulvar skal bort; 14 ulvar utanfor ulvesona og 36 innanfor ulvesona. Nemndene vil fjerne tre ulveflokkar; Osdalsflokken, Julussaflokken og Slettåsflokken.

Miljødirektoratet, som leverer si innstilling til Klima- og miljødepartementet, meiner det er greitt å skyte 14 ulvar utanfor sonen, men meiner det ikkje er grunnlag for å skyte fleire enn 28 innanfor. I tillegg åtvarar direktoratet mot å ta ut ein av dei tre ovannemnde flokkane, med grunnlag i at desse tre er dei mest stabile reproduserande ulveflokkane. Kva Klima- og miljødepartementet hamnar på, er førebels ikkje sikkert. Men det bør vera gode grunnar for at talet ikkje blir så lågt som 15.

Miljødirektoratet meiner talet på ulv må leggjast i øvre del av bestandsmålet. Årsaka er at ulvebestanden har «utfordringer knyttet til innavl og illegal jakt». At ulvestamma er plaga med innavl, har vore kjend lenge. Men om illegal jakt er så stort problem, burde det definitivt vore undersøkt nærmare, og ikkje brukast som ein udokumentert påstand mot å skyte ulv.

Det er avgjerande viktig at regjeringa ikkje hamnar i same ulveballett som sist vinter. Og det er gode grunnar til at det skal vera mogleg å leggje ulvejakta til vinteren denne gongen. Skilnaden i år er likevel ei endring i rovviltføresegna, som gjer at det også skal kunne takast omsyn til «almenne helse- og sikkerhetshensyn eller andre offentlige interesser av vesentlig betydning».

For å ta eit døme: Ein nærgåande ulv i Trysil, som truleg hadde tatt ein hund og var observert nær gardstun, vart det søkt fellingsløyve for å ta. «Da jeg skulle til å slippe ut hunden fra bilen så jeg ulven komme fram fra en stikkvei nedi gata. Da smalt jeg bakluka kjapt igjen», sa Kirsten Winge til Nationen. Statens naturoppsyn prøvde fyrst å skremme vekk ulven. Miljødirektoratet avslo fellingsløyve i februar i år.

I Sverige vart det onsdag denne veka bestemt å drive «beskyttelsesjakt» på ein ulv i kommunane Norrtälje og Vallentuna. Løyvet blir, ifylgje miljødirektør Göran Åström i Länsstyrelsen i Stocholms Län, tatt med bakgrunn i allmenn helse og sikkerheit, og risikoen for alvorleg skade. «Länsstyrelsen bedömer att det finns en stor risk för fortsatt närgångenhet mot människa och angrepp på tamdjur. Vi ser nu inga andra möjliga lösningar än skyddsjakt», seier Åstrøm i ei pressemelding.

Det er avgjerande viktig at regjeringa ikkje hamnar i same ulveballett som sist vinter.

Oppsummert

Kor mange ulvar?

1 Rovviltnemndene har innstilt på at det skal skytast 50 ulvar, Miljødirektoratet innstiller på 42.

For tidleg å seia

2 Det står likevel att mange rundar før det er klart kor mange ulvar det blir lisensjakt på til vinteren.

Til retten?

3 Mellom anna har WWF varsla at organisasjonen vil prøve eit kvotevedtak for retten.

Annonse

Sjølv om Noreg og Sverige har skrive under same Bern-konvensjon, har uttak av ulv vorte praktisert svært ulikt. Her til lands har miljøforvaltninga ikkje ynskt å i det heile tenkje på «almenne helse- og sikkerhetshensyn» som ei årsak til å felle ulv.

Skal menneske og ulv leva saman i områda staten har bestemt at dei skal det, er det nødvendig at forvaltninga lyttar til meir menneska som har ulven på gardstunet sitt, enn til naturromantikarar som tykkjer det hadde vore stas å sjå ein ulv ute i skogen ein gong. Klima- og miljøminister Vidar Helgesen sa at han ikkje visste om det blir skoten meir ulv med den nye føresegna. Helgesen seier at det er opp til forvaltninga. Men Miljødirektoratet spelar ballen attende. Det må bli slutt på at forvaltning og politiske styresmakter peiker på kvarandre.

Les også: Ulv «fredet» i Norge – skytes i Sverige

Haustens og vinterens handsaming av ulvejakta blir ein prøvestein på om den nye føresegna verkar etter føremålet. At fleire omsyn kan takast, må kunne gjera det mogleg å skyte fleire ulvar.

Mykje er sjølvsagt avhengig av kven som blir ny klima- og miljøminister. Går Venstre inn i regjering, er det vanskeleg å sjå for seg at ikkje denne posten vil vera viktig for partiet. Ulvespørsmålet er ei av sakene der Frp og Venstre står lengst frå kvarandre, og Venstre stemte også mot endringa i rovviltføresegna i Stortinget i vår.

Kan ikkje klima- og miljøministeren fylgje vedteken politikk, bør ein kanskje gjera som Frp føreslo før valet; å leggje rovviltansvaret til Landbruks- og matdepartementet.

Neste artikkel

Er du redd for å møte bjørn i sommer? Slik oppfører du deg