Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Til Kiel med sosial dumping

Neste gong du kosar deg med eit glas vin eller shoppar på taxfreen på Kiel-ferga, bør du sende ein venleg tanke til det norske mannskapet på ferga.

På bøljan blå: Color Line pressar politikarane til å gje selskapet betre vilkår. Trugsmålet er norske arbeidstakarar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
På bøljan blå: Color Line pressar politikarane til å gje selskapet betre vilkår. Trugsmålet er norske arbeidstakarar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

For det er ikkje sikkert at dei er der om nokre år.

Color Line trugar nemleg med å flagge ut til Danmark, om ikkje selskapet får det som det vil.

Striden står om kor mykje det norske fergeselskapet Color Line skal få kompensert for å framleis hyre norske arbeidsfolk. Color Line ynskjer å registrere dei to Kiel-fergene Color Magic og Color Fantasy i Norsk Internasjonalt Skipsregister - NIS. I dag er fergene registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister - NOR.

Skilnaden mellom desse to registra er at registrering i NOR set krav om norske løns- og arbeidstilhøve. I NIS-registeret, derimot, kan selskapa tilsetje utanlandske sjøfolk på løna i heimelandet. Slik treng ikkje Color Line lenger å innordne seg norske løns- og arbeidsvilkår.

Problemet til Color Line, og også etter kvart regjeringspartia, er at NIS-registeret eigentleg er for norske skip i utanlandstrafikk, og ikkje cruise- og fergeskip som går frå norske kaier til ein stad i utlandet for så å returnere med mange av dei same passasjerane. Difor måtte spørsmålet opp på høgste hald, og leggjast fram for næringsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre. I februar sa han ja til at Color Magic og Color Fantasy kan registerast i NIS, og slik kan altså 700 norske sjøfolk miste jobben, i motsetning til om Color Line flaggar ut til Danmark; då kan 2300 miste jobben, i tillegg til at staten mistar skatteinntekter frå fergeselskapet sitt overskot.

Oppsummert

På bøljan blå

1 Color Line har fått lov til å ta med seg dei to skipa Color Fantasy og Color Magic over frå eitt skipsregister til eit anna.

Løns- og arbeidsvilkår

2 Sklinaden på dei to registra NIS og NOR er kva løns- og arbeidsvilkår sjøfolka skal få.

Sjøslag

3 Opposisjonen er kritiske, og årets største sjøslag i norsk politikk vil stå i samband med behandligna i revidert nasjonalbudsjett.

NIS vart etablert i 1987. Bakgrunnen var, som Norsk Sjømannsforbund skriv på heimesidene sine, at norske skip skulle klare å konkurrere om oppdrag i dei delane av verda der løns- og kostnadsnivået låg eit godt stykke under norske tilhøve. Skip i NIS får lov til å tilsetje sjøfolk lokalt på det lønsniåvet som finst i heimlandet til den tilsette. "Vilkåret var at disse skipene ikke skulle komme til Norge, der vi vil ha fullverdige norske lønns- og arbeidsvilkår."

Årsaka til utflaggings-trugsmålet er at dei 700 tilsette openbert kostar selskapet, med fem milliardar kroner i omsetning og eit driftsresultat på 630 millionar kroner, for mykje i løns- og arbeidsvilkår.

Og det er nettopp det store overskotet som gjer at folk, særleg opposisjonspolitikarar, stussar over om det faktisk er sånn at Color Line ikkje er konkurransedyktige med andre nordiske selskap.

Problemet er at norske politikarar i lang tid har skjemt bort eigarane i sjøfarts- og skipsfartnæringa, om det er reiarlag, cruise, bulk eller ferger. Transport til sjøs er svært konkurranseutsett. Difor får norske reiarlag kompensert for å bruke norske sjøfolk, mellom anna gjennom ei nettolønsordning. Reiarane har også fått svært store skattelette sidan reiarskatten vart innført i 1996.

Den største politiske striden står mellom Frp og Høgre.

Kor mange norske sjøfolk det finst i dag, er det ingen som veit. Det ein veit, er kor mange sjøfolk i dei ulike registra det blir betalt tilskot for. Dei siste åra har fleire skip flagga heim, men men det er lenge sidan Noreg var ein stor sjøfarts- og skipsfartsnasjon. Ifylgje SSB-tal som vart publisert i mai i fjor, var det 25.189 sysselsette i bedriftene i sjøfartsnæringane i 2015. I mat- og drikkeindustrien, for å ta eit anna næringsområde, er det til dømes vel 40.000 årsverk.

Den største politiske striden står mellom Frp og Høgre. Høgre har historisk vore reiarane sitt parti. Å erstatte norske sjøfolk med utanlandske, kan difor vera i reiarane si økonomiske interesse. Frp, derimot, har ynda å kalle seg sjøfolka sitt parti. Det må difor ha gjort vondt lagt inne i den maritime sjela at Isaksen godkjende ei omregistrering av dei to Kiel-fergene til Color Line.

Arbeidarpartiet sitt framlegg om å utsetje saka fall med 48 mot 49 stemmer i Stortinget førre veke. No er det KrF som sit med nøkkelen. Partiet forhandlar med regjeringspartia om revidert nasjonalbudsjett. Samstundes er KrF med på ein merknad om å be regjeringa greie ut Color Line-saka ytterlegare, før selskapet får velsigning til å bytte register.

Kiel-fergene Fantasy og Magic er skapa for at folk skal bruke pengar. Gourmetmat på restuarantane, handlegate, spaavdeling, revyscene, casino, kino, barar, nattklubbar og badeland skal vriste pengane ut av folk til det berre er lommerusk attende. Trass norske tilsette på skipa, er det god butikk for eigarane. For å sitere Color Line si eiga pressemelding frå 5. mars i år: "Den underliggende driften er god og Color Line er godt rustet til å møte utfordringene i årene fremover."

Det kan ikkje vera spesielt hyggjeleg å vera tilsett på eit av flaggskipa til Color Line, og vita at leiinga i selskapet gjer alt dei kan for å sleppe å betale ei anstendig løn til dei tilsette.

Neste artikkel

Lav ledighet, mangel på kompetanse