Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svekking av tollvern er politikk

Kampen om makt og pengar i daglegvarebransjen handlar i stor grad om kven som skal ha definisjonsmakt. Og kva verdi ein ser i norsk matproduksjon.

Dette er også norsk matproduksjon. Langt til fjells kan kyr beite og mjølke sommaren gjennom, takka vera norsk jordbrukspolitikk. Det er langt frå fjella i Valdres til industrijordbruket i Tyskland. Foto: Hilde Lysengen Havro
Dette er også norsk matproduksjon. Langt til fjells kan kyr beite og mjølke sommaren gjennom, takka vera norsk jordbrukspolitikk. Det er langt frå fjella i Valdres til industrijordbruket i Tyskland. Foto: Hilde Lysengen Havro

Den no avslutta høyringsrunden om kva etableringshinder som finst i daglegvaresektoren, og om det er mogleg å etablere ein heimel for å gjera inngrep i verdikjeda for mat, er ikkje eit unntak i så måte.

Grunnlaget for høyringa er ein rapport frå Oslo Economics, der analyseselskapet har sett på eventuelle hindringar for at fleire daglegvareaktørar kan etablere seg i Noreg. Oppskrifta er temmeleg føreseieleg; fjern marknadsreguleringa av jordbruksvarer og fjern tollvernet. Så får også rapporten svært sterk kritikk frå Landbruksdirektoratet.

Hovudkritikken frå Landbruksdirektoratet rettar seg mot det mangelfulle grunnlaget i rapporten. Kva effektar reduksjonar i tollvernet og tollfrie kvotar til EU har hatt på bransjen, er ikkje vurdert. "Vi synes at de kunne kostet på seg en utredning av det som har skjedd siden 1995. Importutviklingen har vært ganske kraftfull, blant annet som følge av handelsavtaler og tilpasninger av styrken i importvernet", seier direktør Jørn Rolfsen til Nationen.

Norsk jordbruk er ei politisk næring. Det er politisk bestemt at me skal ha eit tollvern for jordbruksvarer. Årsaka er at utan tollvern, ville det vore vanskeleg for norske bønder å produsere så mykje mat som dei gjer i dag og eit jordbruk over heile landet ville òg hatt svært vanskeleg for å konkurrere med det industrialiserte billigjordbruket på kontinentet, i Sør-Amerika eller USA.

Noreg har ikkje Ukrainas svarte matjord, som kanskje er den beste matjorda i verda. Me er ikkje like flatt og lite som Danmark. Det er lengre vintrar og langt kortare beitesesongar i Noreg, enn i Storbritannia, Irland og New Zealand.

• LES OGSÅ: Konkurransetilsynet ber om kutt i importvernet for matvarer

Er det så ikkje mogleg å skapa meir konkurranse i daglegvarehandelen, utan å importere fleire og billigare varer i utlandet, og fjerne alle politiske reguleringar av jordbruket? Openbert ikkje. Konkurransetilsynet peiker – i motsetning til sitt statlege systerdirektorat – i høyringsuttalen sin på to av norsk jordbrukspolitikk sine viktigaste stolpar; marknadsreguleringa og tollvernet.

Målet til tilsynet er å redusere prisane på mat og drikke. Vegen å gå er å la utanlandske kjeder får med seg det dei vil av varer frå utlandet.

Koste kva det koste vil. Men norsk jordbrukspolitikk har ein misjon, som ikkje ein gong Frp har klart å rokke ved inn i sitt femte år som regjeringsparti. Det er ikkje berre norsk geografi og spreitt busetjing, handlevanar og overetablering av butikkar som er årsakene til dyrare jordbruksvarer i butikkane. God dyrehelse og låg medisinbruk, sistnemnde også svært viktig for folkehelsa vår, er medverkande årsaker. Men i Konkurransetilsynet si verd er ikkje dette gyldige konkurranseparameter.

Er det reell konkurranse mellom Nortura, Den stolte hane og Norsk Kylling om å få plass i butikkhyllene?

Oppsummert

Mat og makt

1 Det er for vanskeleg for nye daglegvareaktørar å etablere seg i Noreg, er utgangspunktet for ei høyring som er ferdig denne veka.

Importvern eller ikkje?

2 Som vanleg er det stor ueinigheit om kva som gir meir og betre konkurranse. Er fjerning av tollvernet løysinga på alt?

Politikk

3 Eit svekka eller fjerna tollvern handlar om politikk, uansett korleis ein prøver å sjå det.

Annonse

Konkurransetilsynet hadde stått seg på å leggje norsk jordbrukspolitikk til grunn, i staden for å stadig motarbeide den og stadig peike på den som eit hinder for at forbrukarane kan kjøpe billegast mogleg mat, som flest mogleg utanlandske aktørar konkurrerer om å få selje oss.

Det er også politikk. Til dømes meiner Konkurransetilsynet at utviklinga innanfor kyllingbransjen og frukt- og grøntbransjen syner at det er mogleg å fjerne marknadsregulering og samstundes oppfylle norsk jordbrukspolitikk.

• LES OGSÅ: Isaksen vil ikke innføre reguleringer som kan gi dyrere mat

Dette er Landbruksdirektoratet svært usamd i. Og med gode grunnar. Ser ein kor avhengige og styrte desse to bransjane har vorte av daglegvarekjedene, og kor sentraliserte dei har vorte, kan ein, om ein legg godviljen til, stusse over kva Konkurransetilsynet meiner er såkalla god konkurranse.

Er det Rema sitt oppkjøp av Norsk Kylling tilsynet tenkjer på? Har det gitt større konkurranse i butikkhyllene? Er det reell konkurranse mellom Nortura, Den stolte hane og Norsk Kylling om å få plass i Rema 1000 sine butikkhyller? Gir Norgesgruppen og Rema 1000 sin eigarskap i Bama stor konkurranse om å koma inn som leverandør i dei tusenvis av butikkane desse to daglegvarekjedene har?

Å ville fjerne tollvernet – i det godes namn – er også politikk. Å fjerne marknadsreguleringa har, som Landbruksdirektoratet korrekt påpeiker i høyringsuttalen sin, konsekvensar for matproduksjon over heile landet.

Regulering av daglegvarebransjen er politikk, på godt og vondt. Men skal debatten om ulike framlegg og tiltak bli reell, må norsk jordbrukspolitikk leggjast til grunn for alle aktørar.

Neste artikkel

Tilbakeblikk: Gårdsdammen – fra utskjelt til artsrik oase