Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svak statsminister, sterk leiar

Det er ein svekt statsminister Erna Solberg som i dag opnar Høgres landsmøte på Gardermoen. Partileiaren Solberg står derimot sterkare enn før.

Må styre: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg må ta betre grep om mindretalsregjeringa ho styrer. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Må styre: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg må ta betre grep om mindretalsregjeringa ho styrer. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Vinteren har vore turbulent for Solberg. Ei svak handtering av bråket kring tidlegare justisminister Sylvi Listhaug gjorde at ho framstod utan styring på regjeringsmedlemene sine, og at så lenge ein er grei og snill, kan ein gjera som ein vil.

Slik kan ikkje Solberg stemne fram. Kardemomme-loven er inga god rettesnor, om Solberg skal finne attende til krafta ho synte som statsminister i førre stortingsperiode. Særleg fordi Solberg må samle liberalarane i Venstre og i sitt eige parti med innvandringsskeptikarane i Frp. Statsministeren er nok meir enn glad for at den nye justisministeren heiter Tor Mikkel Wara, og at han iallfall har vore kjend for å tilhøyre den meir liberale delen av partiet.

Ei av dei store sakene på landsmøtet i helga er ein repetisjon frå i fjor; eggdonasjon. Skal kvinner, på lik linje med menn, få lov til å donere det dei kan til andre for å skapa eit nytt liv? I fjor klarte Solberg og helseminister Bent Høie å halda landsmøtet frå å gjere eit vedtak som fort kunne vore eit fleirtal for å tillate eggdonasjon.

Den gongen vart det argumentert med at Høgre ikkje burde skuve frå seg KrF før stortingsvalet, i eit håp om at kristendemokratane ville vera med i regjering.

Same argumentasjonen er i teorien like aktuell no, hadde det ikkje vore for at Solberg skauv KrF endå eit hakk frå seg før påske med å prøve å dytte ansvaret for om ho framleis skulle styre landet, over på KrF. Det skal dessutan godt gjerast om Høie og Solberg klarar å forhindre partiets øvste organ å gjera vedtak ein gong til.

Spørsmål om eggdonasjon i seg sjølv kan vera prinsipielt viktig nok, men når dei store konfliktsakene under landsmøtet er ja eller nei til eggdonasjon, ja eller nei til assistert befruktning for einslege kvinner, ja eller nei til venne-surrogati, er det døme på eitt av to: Anten fungerer ikkje landsmøtet som den politiske verkstaden det bør og kan vera for utvikling av ny politikk, eller så er partiet svært samstemt om resten av politikken og regjeringssamarbeidet.

Solberg har i fire og eit halvt år valt ein annan styringstaktikk enn den Jens Stoltenberg brukte i den raudgrøne regjeringa. Ap-leiinga sin partipisk svinga seg i åtte år stadig ut over både eiga partigruppe og samarbeidspartnarane Sp og SV. For Solberg, Siv Jensen og no Trine Skei Grande har det openbert vore nesten like viktig å ta vare på eigenarten til partia som å syne at regjeringa er ansvarleg og styringsdyktig.

Solberg har i fire og eit halvt år valt ein annan styringstaktikk enn den Jens Stoltenberg brukte i den raudgrøne regjeringa.

Oppsummert

Landsmøte i Høgre

1 Høgre opnar i dag landsmøtet på Gardermoen. Møtet varer til og med sundag.

Svekt statsminister

2 Det er ei svekt Erna Solberg som i dag talar til landsmøtet. Partileiar Solberg står derimot sterkt.

Bioteknologi

3 Den store saka på møtet blir bioteknologi, og Høgre skal mellom anna ta stilling til om kvinner får lov til å donere egg.

Annonse

Måten Solberg har bygd seg opp til å bli ein av Høgres sterkaste leiarar gjennom historia, og seinare statsminister, bør inspirere henne til å ta betre grep om regjeringssamarbeidet.

Solberg bør få ære for å klare å både samle troppane, og å la Frp vera Frp. Stoltenberg var ikkje like raus overfor SV og Sp, og det kosta småpartia dyrt. Men det som har vore Solbergs styrke, kan også bli hennar veikskap. Til sjuande og sist må også konfliktsakene landast i regjeringa. Uansett kor regjeringsvillige Venstre er, kostar det politisk kapital å sitje i regjering. I alt frå pelsdyrnæringa si framtid – ei sak som blir tema på landsmøtet i helga – til innvandringspolitikk.

Foten blir nok sett ned for endringar i regjeringsplattforma. Partiet Høgre har ikkje endra meining om pelsdyrnæringa, det er framleis for. Det er i regjering frå og med januar i år at partiet er imot. Å få med Venstre på laget var viktigare enn nokre hundre arbeidsplassar i Distrikts-Noreg.

Under fjorårets landsmøte var Høgre svært oppteken av at dei tek Noreg i bruk. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum mora seg med at Senterpartiet tek heile Noreg i bruk. Sp hadde gjort det godt på målingane, og Høgre skulle møte Sp på heimebane i distrikta.

I etterkant av stortingsvalet i fjor uttala Erna Solberg at ho ikkje kunne sjå noko distriktsopprør. At denne blindheita rår i partiet, syner seg mellom anna i framlegg til "storresolusjon om digitalisering" der distrikta sine behov for tilgang til høghastigheitslinjer ikkje er nemnd med eitt ord.

"Jeg ønsker å bidra til at Høyre er en tydelig stemme i distriktsdebatten", skreiv parlamentarisk leiar for Høgre, buskerudværingen Trond Helleland, i ein kronikk her i Nationen nokre veker etter valet i fjor. Då, Helleland, er det på tide at du reinskar stemma, tek ein god sup kaffi (med eller utan mjølk), og hevar stemma. For førebels er det knapt nok kviskring å høyre.

Neste artikkel

Harselas mot Høyre