Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Same det, gulost er gulost

Det er på tide å skrote daglegvareportalen. Det er på tide at politikarar og aktørane som støtta portalen innser at det som såg ut som ein god ide på papiret, ikkje kan gjennomførast i praksis.

Portvaktar: Direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet har vorte daglegvareportalens portvaktar, på kostnad av kvalitet, lokalmat og økologiske varer. Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix
Portvaktar: Direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet har vorte daglegvareportalens portvaktar, på kostnad av kvalitet, lokalmat og økologiske varer. Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

At dei same aktørane snart ser at daglegvareportalen berre vil føre til ytterlegare svekking av nærbutikkane – særleg i distrikta – og supermarknadane.

Og innsjå at i daglegvareportalen er gulost gulost, kjøttdeig er kjøttdeig og eit eple er berre eit eple.

I snart to år har det vorte jobba med å opprette daglegvareportalen. Ideen kom opp som eit fleirtalsframlegg frå Matkjedeutvalet våren 2011, fekk sidan støtte frå den raudgrøne regjeringa, vart avvist av Høgre-Frp-regjeringa, før eit fleirtal på Stortinget i 2015 vedtok at det skal opprettast ein portal.

Men Stortingets portal er ikkje den same portalen som (kanskje) blir lansert etter sommaren. Stortinget ville ha ein prisportal, der folk kunne gå inn og sjekke kvar dei får dei billigaste varene. Samstundes la Stortinget vekt på at prisopplysningane ikkje skulle gå ut over kvalitet, økologiske varer, lokalmat og andre mat- og drikkevarer som er dyrare enn dei billigaste varene. Regjeringa og Konkurransetilsynet sa nei til å offentleggjera alle prisane av «konkurranseomsyn». Og no sit Forbrukarrådet, på oppdrag av staten, og mekkar saman ei handlekorg for oss som skal fortelje oss kva butikk som har dei billigaste varene, utan at me kjenner prisen og kvaliteten på dei enkelte produkta i korga.

Les også: Matportal kan øke dagligvareprisene (for abonnentar)

Forbrukarrådet har slik gjort seg sjølv til portvaktaren, ei rolle dei i mange å har skulda daglegvarekjeda for å ha. Uansett kor godt Forbrukarrådet prøver å argumentere for seg, vil det no vera Forbrukarrådet som vel varene for oss.

For ingenting tyder på at daglegvareportalen blir ein portal som speglar dagens mangfaldige forbrukarar.

Medan kjedene dei siste åra har satsa på lokale varer, småprodusentar, økologiske varer, rettferdige varer, kjøttfrie alternativ og så vidare, vil ikkje kvalitetsforskjellane bli synlege i handlekorga. Skal varene frå ulike butikkar kunne samanliknast, må nemleg varene vera mest mogleg like.

Handlekorga skal bestå av om lag hundre varer, som er eit utval av dei tusen mest selde varene. Alt her fell mange lokale produkt vekk.

«Sanninga er at daglegvareportalen ikkje vil avspegle alle moglegheitene og vala du som forbrukar kan gjera.»

Oppsummert

Ost er ost

1 Daglegvareportalen, som skulle bli forbrukarane sitt mekka for å velje varer og samanlikne prisar, blir i staden ein portal for billigmat og dårleg kvalitet.

Gjort er gjort

2 Stortinget har løyva sju millionar til utarbeiding av portalen, men portalen vil koste staten seks millionar kroner årleg.

Spist er spist

3 Når intensjonen frå Matkjedeutvalet og Stortinget faktisk ikkje let seg gjennomføre, er det på tide å skrote heile portalen.

Annonse

Men kva varer ligg eigentleg i korga? Truleg vil det liggje kjøttdeig i den. Men kva type kjøttdeig? Ein økologisk kjøttdeig frå Gilde? Ein av daglegvarekjedene sine billige emv-kjøttdeigar? Er kjøttet norsk? Eller importert billigkjøtt frå Tyskland? Kor mykje feitt er det i kjøttdeigen? Inneheld den salt? Vatn? Prisen på kjøttdeig, som eit vanleg konsumprodukt, varierer i svært stor grad, nettopp basert på kvalitet og opphav.

Og kva med epla? Grøne, gule eller raude? Polske, spanske eller italienske? Er jordbæra belgiske, eller er dei plukka hos den nærmaste norske bonden? Kva med økologiske bær? Kva potetar ligg i korga? Norske nypotetar, eller importerte frå Kypros? Ein cherrytomat er heller ikkje kva den ein gong var.

Les også: Frykter for mangfoldet med ny matportal (for abonnentar)

Kva med sertifisering av tunfisken? Av kaffien? Mørkbrent eller ikkje? Rettferdig kaffi eller ikkje? Frå Kenya eller Ecuador? Korleis vil handlekorgene avspegle ulike kvalitetar, smakar, arbeidsvilkår, miljøsertifisering, klimaavtrykk og opphav?

Sanninga er at daglegvareportalen ikkje vil avspegle alle moglegheitene og vala du som forbrukar kan gjera i butikken. Forbrukarrådet melder at det kjem ei eiga økologisk handlekorg. Vil denne korga også basere seg på pris på samanliknbare varer, er det lågpriskjeder med dårleg økoutval som blir vinnarane.

Sanninga er også at portalen – slik den per i dag blir sjåande ut – vil gi ytterlegare fart til daglegvarekjedene sine lågprisbutikkar. Og det med statlege pengar. Kostnaden ved oppretting av portalen er sju millionar. I tillegg kjem drifta av portalen til å koste seks millionar kroner over statsbudsjettet. Kvart år. Ikkje ein svimlande stor sum, men svært merkverdig at staten skal bruke pengar på at me skal handle meir på lågprisbutikkar.

Sidan 2005 har lågprisbutikkane, ifylgje Nielsen-tal Aftenposten har presentert, vekse med 20 prosentpoeng i marknaden. Taparane er supermarknadane og nærbutikkane. Sistnemnde butikkar, som er viktig særleg for mange lokalsamfunn i distrikta, har mista halvparten av omsetninga si. 65 prosent av pengane me bruker på daglegvarer legg me att i ein lågprisbutikk.

Med respekt å melde – ein portal som fører oss vekk frå butikkar med godt utval, lokalmat og økologiske varer er ikkje ein portal me treng. Legg den heller ned.

Neste artikkel

Forbrukerrådet tror ikke forbrukerne er klar over dato-juks med kjøtt