Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppgjer med matkjedene

Lågare pris til bøndene. Lønsfrys til dei tilsette. Tiltaka Nortura-leiinga føreslår fortel kor dramatisk den økonomiske situasjonen er i selskapet.

Nestleiar Per Heringstad og styreleiar Trone Hasvang Vaag i Nortura. Foto: Siri Juell Rasmussen
Nestleiar Per Heringstad og styreleiar Trone Hasvang Vaag i Nortura. Foto: Siri Juell Rasmussen

LILLESTRØM: Verken styreleiar Trine Hasvang Vaag eller konsernsjef Arne Kristian Kolberg la heller skjul på kor dramatisk det er for Nortura, om selskapet ikkje klarar å snu trenden frå fjoråret.

LES OGSÅ: Nortura inviterer til dugnad med nedrykk i pris og lønnsfrys til ansatte

Så er det også ei meir offensiv Nortura-leiing enn på mange år. Vaag kvir seg ikkje for å gå i bokseringen, og spotlighten på motsett hjørnet avslører dei tre store daglegvarekjedene.

«De vokser inn i vår industri, og tvinger fram emv-produkt», seier Vaag, og meiner at debatten blir snudd på hovudet når «skulda» for maktubalanse blir lagt på leverandørane. Slik som Norturas hovudkunde, Norgesgruppen, gjer.

Det dårlege resultatet i for, med 70 millionar i overskot, er ikkje berre kjedene si skuld. Men at det har vore såpass stille som det har vore kring posisjonen til Kolberg syner at organisasjonen ser andre kantar enn mot utbytting av toppsjefen for å finne løysingar på krisa.

LES OGSÅ: Nortura-bønder krever ny distribusjonsavtale etter store tap

Men det held ikkje så mykje lenger. Ikkje eingong dei svært tolmodige eigarane av Nortura, som har måtta tolt ein berg-og-dalbane sidan selskapet vart etablert, kan finne seg i at Nortura ikkje klarar å gi attendebetaling til bøndene og at avtalen om rullering av medlemskapital ikkje kan innfriast. Likevel vart

Annonse

«Eit uvêrsår», kalla Kolberg 2017. Klarar ikkje Nortura å snu utviklinga frå andre og tredje tertial i fjor, «er det mer alvor enn det er godt å tenke på». Det må Nortura også for å kunne betre gjeldsbetalingsevna si, og auke eigenkapitalen, som i fjor auka med berre 40 millionar.

Både eigarar og tilsette kjem til å merke kutta Nortura må gjera fram til 2020. Når administrasjonen skal slankast med 300 tilsette, er det dramatisk. Men også inngåtte avtalar med kjedene må kaste av seg. Nortura kan ikkje finne seg i å få ein lågare pris for varene, om ikkje Norgesgruppen leverer på sal.

LES OGSÅ: Nortura-sjefen har vurdert sin stilling etter kriseresultat

Den endelege fasiten får me fyrst om tre år. Då skal selskapet vera attende på 2016-nivå resultatmessig.

LES OGSÅ: Nationens saker om Nortura her.

Neste artikkel

Flere norske seiere i sider-VM