Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norgesgruppen på vikande front

Norgesgruppen har vorte prinsesse «Vil ikke» i daglegvarebransjen.

Konserndirektør for innkjøp og kategoriutvikling i Norgesgruppen, Øyvind Andersen, føredrog på daglegvarekonferanse i Oslo måndag. Foto: Siri Juell Rasmussen
Konserndirektør for innkjøp og kategoriutvikling i Norgesgruppen, Øyvind Andersen, føredrog på daglegvarekonferanse i Oslo måndag. Foto: Siri Juell Rasmussen

Norgesgruppen har vekse i daglegvaremarknaden dei siste åra, og mykje tyder på at dei blir større også dei neste.

Men det er tvilsamt at Norgesgruppen får like frie tøylar. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen gav under Nærings- og fiskeridepartementet sin daglegvarekonferanse måndag tydeleg melding om at det vil koma tiltak for å styrke konkurransen i daglegvarebransjen.

Konferansen samla toppane i verdikjeda for mat, frå jord til bord, for å seia det slik. Dei fleste posisjonane er rett nok kjende frå før. Forbrukarrådet vil ha betre utval. Synnøve Finden vil ha billigare mjølk. Norgesgruppen ser ingen grunn til å avgrense si eiga makt.

For oss som har jobba med daglegvarebransjen i nokre år, er det likevel viktige endringar å spore politisk. Den viktigaste endringa er at det er ein større vilje i Høgre til å sjå på tiltak som kan gi betre konkurranse i daglegvarebransjen. Tidlegare har Høgre vore svært kritiske til framlegg som grip inn i regulering av daglegvarebransjen.

Om det skuldast at Torbjørn Røe Isaksen, som ikkje har så tette band til konkurransemiljøet i Bergen, har vorte næringsminister, eller om det er ei erkjenning i Høgre av at "noko må gjerast", er ikkje godt å seia. Truleg er det ei blanding av begge delar.

Det aktørane i verdikjeda for mat bør merke seg, er at Høgre avviser å gjera noko med tollvernet. Både Isaksen måndag, og stortingsrepresentant Peter Frølich i NRK Debatten torsdag førre veke, ytra at det er uaktuelt å fjerne tollvernet. "Det mest urealistiske politiske tiltaket av alle", sa Frølich i Debatten. Statsråd Isaksen sa måndag; "En må gjerne ha en bred debatt om importvernet, men det er bredt flertall for importvernet på Stortinget og det kommer ikke til å bli borte."

Likevel peiker Konkurransetilsynet på tollvernet som eitt av to tiltak som kan gjennomførast, og etterlyser ei vurdering av det tilsynet kallar «små endringar» i tollvernet. Det er fort gjort å gløyme at tollvernet sidan Noreg vart med i WTO i 1995 har vorte kraftig svekka. Rommet i tollvernet blir ikkje brukt. Tollsatsane som kom for over 20 år sidan har vorte eten opp av pris- og kostnadsauke. EU har fått store kvotar tollfri ost, og, ifylgje Orkla, er det ikkje toll på 70 prosent av varene i daglegvarebransjen.

Ved å heile tida peike på importvernet, er tilsynet, saman med Norgesgruppen, i ferd med å spela seg ut over sidelinja som viktige aktørar i debatten om norsk daglegvare, anten ved å peike på politisk ugjennomførbare tiltak eller ved å ikkje ville regulere i det heile teke.

Under måndagens konferanse framstod Norgesgruppen som ei blanding mellom ein konserverande dinosaur med skylappar og prinsesse «Vil ikke». Norgesgruppen har takka nei til og jobba hardt mot dei fleste inngripande tiltak som er fremja i daglegvarebransjen dei siste åra. Der Coop og Rema 1000 til slutt sa ja til lov om god handelsskikk, har Norgesgruppen sagt nei. Coop og Rema 1000 vil greie ut om det bør innførast forbod mot prisregulering. Norgesgruppen seier nei.

Det er noko pussig i at Norgesgruppens innkjøpsdirektør Øyvind Andersen ikkje kan stille seg positiv til meir kunnskap.

Annonse

Ingenting i Norgesgruppen si oppbyggjing sidan byrjinga av 1990-talet er tilfeldig eller utan analyse av kva fordelar Norgesgruppen kan dra. Men no byrjar marknadsmakta og storleiken til Norgesgruppen å bli eit problem for selskapet sjølv.

LES OGSÅ: Harde fronter i debatt mellom Norges største kjede og utfordrer

Eit av dei heitaste tema som blir diskutert i daglegvarebransjen for tida, er nettopp spørsmålet om dei store leverandørane skal påleggjast å selje varene sine til same pris uavhengig av kven som kjøper dei. Det er ikkje sikkert ideen er god, og difor bør framlegget utgreiast. Det er noko pussig i at Norgesgruppens innkjøpsdirektør Øyvind Andersen ikkje kan stille seg positiv til meir kunnskap. Om ein gjennomgang syner at prisdiskrimineringsforbod faktisk vil føre til høgare prisar, har ikkje Norgesgruppen noko å frykte, slik ordstyrar Morten Meyer (tidlegare Høgre-statsråd) påpeikte overfor Andersen.

Andersen, som sjølv styrer over innkjøp tilsvarande 43 prosent av daglegvaremarknaden, peiker på dei store leverandørane. Ja, det er store leverandørar i norsk daglegvare. Men det er ikkje det same som at dei har marknadsmakt. Andersen synte i sitt føredrag til at Nortura-merket Gilde har ein marknadsdel på 73 prosent. Etter kvart kom det fram at det er på pølser.

Ser me på andre kjøttkategoriar, er biletet heilt annleis. Daglegvarekjedene, inkludert Norgesgruppen, har etter kvart ein større og større del av marknaden for til dømes ferskt kjøtt. I ein Kiwi-butikk skal du leite lenge etter ei pakke kjøttdeig frå Gilde, eller frå ein annan merkevareleverandør, for den saks skuld. Her er det Frist Price og Folkets som dominerer, begge er merker eigd av Norgesgruppen.

Totalt har Nortura ein merkevaredel, med Gilde og Prior i spissen, på rundt 36 prosent. Det er langt opp til 73 prosent, Andersen, og tala syner at Gilde og Prior, i mange kategoriar, knapt er til stades i hyllene – i motsetning til biletet Andersen og Norgesgruppen prøver å teikne. Rett nok er Nortura hovudleverandør til Norgesgruppen, der Den stolte hane og Fatland er det til Coop, og Nordfjord Kjøtt og Norsk Kylling er det til Rema 1000.

Dessutan er det slik at Norgesgruppen, om dei vil, kan ta inn pølser frå andre produsentar enn Nortura. I dei aller fleste butikkar er det plass til fleire leverandørar.

Nye takter frå Isaksen tyder på at det ein eller annan gong i overskodeleg framtid vil koma tiltak som gir betre konkurranse i daglegvarebransjen. Kva det til slutt blir, står att å sjå. Men det er større og større semje å spore om at det trengst tiltak. Imens er Norgesgruppen i ferd med å parkere seg sjølv på sidelinja.

Neste artikkel

SMS-er kan bli sentrale i korrupsjonssak