Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No må Nortura snu skuta

Det sluttar liksom aldri å bli turbulent for Nortura. Eit par år med gode resultat, så er Nortura attende med eit mageplask, for å bruke konsernsjef Arne Kristian Kolberg sitt eige ord på resultatet for 2017.

Trimma: Det er ein alvorleg situasjon for Nortura. Særleg sett på bakgrunn av at anleggsstrukturen er kraftig trimma dei siste åra, og slakte- og skjerelinjene er langt meir effektive i dag enn for fem år sidan. Foto: Siri Juell Rasmussen
Trimma: Det er ein alvorleg situasjon for Nortura. Særleg sett på bakgrunn av at anleggsstrukturen er kraftig trimma dei siste åra, og slakte- og skjerelinjene er langt meir effektive i dag enn for fem år sidan. Foto: Siri Juell Rasmussen

70 millionar kroner i resultat før skatt er ikkje noko å skrive heim om, etter at 2016 gav Nortura det beste resultatet i konsernets 11 år gamle historie, med 461 millionar før skatt. Det vil gå nokre år før den rekorden blir slått.

Det er ein alvorleg situasjon for Nortura. Særleg sett på bakgrunn av at anleggsstrukturen er kraftig trimma dei siste åra, og slakte- og skjerelinjene er langt meir effektive i dag enn for fem år sidan. Nortura har gjort mykje rett dei siste åra, likevel går det altså skikkeleg dårleg økonomisk.

Storesyster i samvirkefamilien, Tine, derimot, leverte eit solid resultat dagen før Nortura. Trass i det Tine meiner er ein svært utfordrande marknad, med tap av marknadsdelar til konkurrenten Q-meieriene, fekk meierisamvirket eit resultat på 1,4 milliardar før skatt.

Men Nortura har utfordringar av ein langt annan skala enn Tine. Kanskje skuldast det at Tine har vore meir framoverlente i omstillingsprogramma sine, eller at Tine har halde på eigendistribusjon av varer. Ei viktig årsak er nok framleis at meierisamvirket fram til 1997 hadde monopol.

Sjølv om Tine opplever press, er det på langt nær av same art som me ser innanfor kjøtt- og eggmarknaden. Nortura har også eit anna system for å betale ut tilleggsytingar til bøndene. I løpet av fjoråret fekk Nortura sine eigarar betalt ut 509 millionar kroner ut over nettonoteringsprisen.

Nortura sitt paradoks er at selskapet var fjorårets sjuande mest innovative. Det er eit teikn på at Nortura er på rett lei på eitt område, i alle fall. Skal den samvirkebaserte matindustrien sitje i førarsetet i framtidas grøne økonomi, må selskapa ha god innovasjonstakt.

Eit anna paradoks er at merkevaredelen no endeleg er på tur opp. Nortura har slite med merkevarene Prior og Gilde, der kjedene har pressa fram ein større og større marknadsdel for sine eigne merkevarer.

Kolberg og styreleiar Trine Hasvang Vaag peiker på at mykje har treft Nortura samstundes; Fullføringa av grossiststyrt distribusjon, overgangen frå Gildes plastkasser til pappkasser, ny forretningsmodell. Overgangen til papp er styrt av daglegvarekjedene, den var ikkje ynskt av Nortura si side, men makta rår, som kjend. Det nye IT-systemet kan også bli kostbart på kort sikt.

Nortura har gjort mykje rett dei siste åra, likevel går det altså skikkeleg dårleg økonomisk.

Oppsummert

Dårleg resultat

1 Nortura har lagt fram eit svært magert resultat, etter eit par gode år.

Endring

2 Klarar ikkje Nortura å tene nok pengar på omlegging til grossistdistribusjon, må selskapet tenkje annleis.

Må tene pengar

3 Ein må kunne forvente at eit selskap med omsetningsvekst og over 23 milliardar kroner i omsetning tener meir pengar.

Annonse

Samstundes er det også andre underliggjande ting som ein kan stusse over. Nortura sitt dotterselskap Norfersk tener framleis ikkje pengar, sjølv om underskotet i fjor var redusert til vel 1,1 millionar kroner. Og det trass i at Norfersk er bygd opp for den største daglegvarekjeda i Noreg; Norgesgruppen.

Overskotet av fleire produksjonar er også ei økonomisk utfordring. Det er gode grunnar til å lure på kvifor salet av lam og sau ikkje auka med meir enn 12 prosent i fjor, når Nortura sjølv skriv at heile auka kom i fyrste halvår. Skal ein tene pengar på å selje kjøtt, må det faktisk vera i butikk.

Er Arne Kristian Kolberg rette mannen til å styre Nortura? Ja, meiner han sjølv. Kolberg innrømmer å ha vurdert si rolle, og om han er rette personen til å leie Nortura. Han er øvste sjef, men det er eit felles ansvar for heile styret og konsernleiinga. Men han kjenner nok meir og meir på presset for å levere gode resultat i eit langsiktig perspektiv.

Nortura sitt føremål er at eigarane skal få avsetning for varene sine, og at dei tener pengar på det. Det er framleis ei gåte at eit selskap med over 23 milliardar kroner i omsetning ikkje evnar å tene særleg med pengar. Det dårlege resultat gir også ein vanskelegare gjeldssituasjon for Nortura.

Forbetringsprogrammet som Nortura no set i gang skal få selskapet opp på 2016-nivå i løpet av tre år. Målet er å spara inn 700 millionar kroner over ein tre års periode. 300 tilsette skal ut. Held den underliggjande utviklinga frå 2. og 3. tertial i fjor fram i år, går det mot eit underskot.

Så er det kanskje ei trøyst, om enn mager, at selskapet har vore ute i hardt ver før. Det som uansett er sikkert er at Nortura ikkje har råd til å gjera fleire feil. Problemet er at innovasjon og omlegging kostar.

Neste artikkel

Skogeiere har mottatt 870 millioner i tilskudd til vei