Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mørkemannen frå sør

Kjell Ingolf Ropstad prøver å koma seg ut av abortfloka. Me bør alle be om at han klarar det.

Eg har vore så heldig å få vekse opp med ein av dei grunnleggjande rettigheitene alle kvinner burde ha, uavhengig av kvar ein blir fødd og bur i verda: Retten til å bestemme over eigen kropp, eigne ressursar, eige liv.

Det har vorte ein sjølvsagt rett i Noreg. Det har vorte sjølvsagt at kvinna sjølv veit best om ho er i stand til å bera fram og ta ansvar for eit foster med påvist sjukdom. Difor har me paragraf 2c i abortloven, som tillèt abort etter 12. veke der "det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet".

Men det var før Kjell Ingolf Ropstad, Erna Solberg og Bent Høie kom på banen. Det var før ynsket om ei borgarleg fleirtalsregjering der KrF er med, plutseleg var meir reelt enn på lenge. Då var ikkje abort og kvinners rettigheiter så viktige lenger.

For KrF-nestleiar Ropstad er det éi sak som har stått fram som langt viktigare enn alt anna: Abortsaka. Den er viktigare enn kva samfunnsutvikling KrF kan bidra til. Den er viktigare enn landbrukspolitikk, distriktspolitikk, klimasak og sosial og økonomisk utjamning. Når Ropstad går til retningsval for å innskrenke kvinner sine rettigheiter, er det mørkemannen Ropstad som stig fram.

At Solberg og Høie lenge har prøvd å stogge den verdiliberale fløya i eige parti, er inga hemmelegheit. At fosterreduksjon – populært kalla tvillingabort – skjedde på Solberg og Høie si vakt, prøver Høgre-leiinga å bortforklare. Men skal KrF peike på dei ansvarlege for den siste utvidinga av "sorteringssamfunnet" må flasketuten peike på Solberg og Høie.

Truleg går det ei grense ein stad for kva me bør tillate når bioteknologien ikkje lenger set den grensa sjølv.

Men kostnaden i ferd med å bli for stor, både for Solberg og Ropstad. Reaksjonane har vore svært sterke etter at aborttilbodet frå Solberg kom fram. Høgre-framlegget om at paragraf 2c berre skal gjelde fostre som ikkje er levedyktige, har møtt stor motstand.

Dei siste dagane har ordbruken endra seg frå at "fleire kvinner skal få nei", til "tiltak" og "haldningsskapande effekt" for å få ned aborttala. Ropstad er på retrett, men han har vanskar med å finne vegen fordi han sjølv har ropt "sorteringssamfunnet, sorteringssamfunnet, sorteringssamfunnet."

I debatten om abort blir mykje sausa saman. Også mykje som ikkje har noko å gjera med kvinners rett til å bestemme over eigen kropp. Truleg går det ei grense ein stad for kva me bør tillate når bioteknologien ikkje lenger set den grensa sjølv. Men å avgjera kva augefarge og hårfarge ungen skal ha, handlar om noko heilt anna enn retten til å avgjera om ein er i stand til å ta imot eit sjukt barn.

Annonse

Høgre og KrF lukkast nesten med å få paragraf 2c i abortlova til å handle om Downs syndrom. Ei omdøyping av 2c til "Downs-paragrafen" skal få oss til å kjenne kor hjarterått det er å abortere fostre som tilfeldigvis har ein genfeil. At det store fleirtalet av seinabortar – fem av seks – skjer med heilt anna utgangspunkt enn Downs, er verken Høie eller Ropstad særleg opptekne av. Klarar du å vinne språket, er halve sigeren i boks.

Oppsummert

Abortkamp

1 Svekking av kvinners rett til å bestemme over eigen kropp og eiga framtid vart den viktigaste saka for å gå inn i regjering.

Gir og tar

2 Statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie har gitt vekk partiets politikk for å få fleirtalsregjering med KrF.

Mørke krefter

3 Mykje tyder på at det kostar for mykje, både for Høgre og for KrF. No er haldningsarbeid viktigare enn lovendring.

Det same gjeld i omtalen av fosterreduksjon – som altså gjerne berre blir kalla tvillingabort. Og tvillingabort høyrest jo ut som at ei kvinne tenkjer at "shit, eg ville jo berre ha éin unge, og ikkje to". Fosterreduksjon, derimot, handlar om å fjerne foster for å sikre helsa og livet til det/dei andre fostra og til kvinna som ber dei fram og skal gi dei omsorg og oppfostring.

Det fyrste som går tapt i kampen om sanninga, er fakta.

Difor snakkar Ropstad vakkert om sorteringssamfunnet. KrFU-leiar Martine Tønnessen påstod at Noreg opplevde tvillingabort-turisme, altså at utanlandske kvinner reiser på feire til Noreg eins åleine for å abortere vekk eitt av fostra. Det synte seg å ikkje stemme; reglane for fosterreduksjon er så strenge at ingen utanlandske kvinner har fått innvilga abort på denne måten.

Så påstod Ropstad at "hakeskår" åleine fører til seinabortar. At Ropstad bruker det gamaldagse ordet får no vera så, men at han har sett fullstendig vekk frå faktagrunnlaget, er verre. Det stemmer ikkje at leppe-ganespalte åleine fører til seinabort.

Som NRK har avdekt vart det mellom 2007 og 2017 søkt om seinabort for 66 fostre med leppe-ganespalte. 65 av fostra hadde andre avvik. Den 66. søknaden vart avvist.

Me må leggje til grunn at Ropstad kjenner til fakta. Me må leggje til grunn at han skjønar at han tabbar seg ut for andre enn små, snevre miljø i eigne valdistrikt.

Difor bør me alle lyse opp vegen for Ropstad. Ikkje fordi han fortener det, men fordi me treng det.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gilead eller Gratangen