Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mindre tull med toll gir investering på Stranda

Etter tre og eit halv år med Frp/Høgre-regjering står framleis tollvernet støtt i norsk jordbrukspolitikk, skriv kommentator Hilde Lysengen Havro.

Orklas konsernsjef Peter A. Ruzicka (t.v.) seier han fekk garanti frå landbruksminister Jon Georg Dale for dagens ordningar i landbruket blir vidareført, som tollvern og RÅK-kompensasjon. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Orklas konsernsjef Peter A. Ruzicka (t.v.) seier han fekk garanti frå landbruksminister Jon Georg Dale for dagens ordningar i landbruket blir vidareført, som tollvern og RÅK-kompensasjon. Foto: Landbruks- og matdepartementet

I går kom nyheita om at Orkla investerer ein halv milliard kroner i pizzaproduksjonen på Stranda. Investeringane skal koma over ein femårs periode, og skal brukast på effektivisering av produksjonen og produktutvikling.

Nokre vil meine at det er den norske kompetansen som gjer at den største merkevareleverandøren i nordisk daglegvare ikkje flaggar ut produksjonen av den folkekjære pizzaen Grandiosa til utlandet. At det høge utdanningsnivået, teknologien og kompetansen sikrar norsk næringsmiddelindustri fordelar i konkurransen mot utanlandske leverandørar. Andre vil hevde at årsaka til at Orkla kan investere skuldast tollvernet. At Orkla kan ta høgare prisar fordi daglegvarebransjen er skjerma bak tollvernet.

Pizzaproduksjonen til Orkla ligg ein stad der det det – i europeisk målestokk – er naturstridig å drive med masseprodusert industrimat. Stranda ligg eit stykke frå dei regionane der folk flest bur. Vegane er svingete og bratte. Råvarene må fraktast inn, og den ferdige pizzaen fraktast ut.

Det er openbert at Orkla ville betalt mindre for råvarene om selskapet hadde gjort som konkurrentane; importert pizza frå «ein stad i EU». Orkla får rett nok råvarekompensasjon, som skal jamne ut skilnaden mellom prisane på norske råvarer og prisane utanlandske konkurrentar gir for ost og kjøtt, som for øvrig knapt kan sporast attende til underleverandørar og bønder. Likevel har konsernsjef Peter A. Ruzicka har segla opp som ein av norsk tollverns sterkaste forsvararar.

Førre veke arrangerte Noregs Handelshøgskule konferansen Food 2017 på Hotel Bristol i Oslo. Eit av tema som Ruzicka tok opp i sitt innlegg er påstanden om at norsk daglegvare er skjerma bak «høge tollmurar», slik det økonomisk-politiske miljøet i Bergen yndar å seia. Hans utgangspunkt er å byggje ned myten om at norsk daglegvarebransje er sterkt verna. Medan professor Frode Steen trakk fram at hovudårsaka til at det er færre, mindre kjeder i Noreg er at «tollmuren er for høy», teikna Ruzicka opp eit anna bilete.

Ei undersøking Orkla har fått gjort basert på marknadsdata frå Nielsen Norge syner at 29 prosent av omsetninga i daglegvarehandelen kjem frå varer som har høgt tollvern, altså norske jordbruksvarer. 49 prosent av omsetninga kjem frå tollfrie produkt (her er andelen såkalla non-food-varer inkludert), og 22 prosent av varer som får råvarekompensasjon, såkalla RÅK-varer. I dei to siste kategoriane er det full importkonkurranse, og daglegvarekjedene kan fritt fram velje å importere ketchup, lasagne og pizza. Det er ikkje importvernet som hindrar dei i å gjera det, påpeikte Ruzicka.

«Orklas konsernsjef Peter A. Ruzicka har segla opp som ein av norsk tollverns sterkaste forsvararar.»

Oppsummert

Tollvern

1 29 prosent av omsetninga i norsk daglegvarehandel skjer på varer som er bak «høge tollmurar».

Nedbygging

2 Medan regjeringspartia tidlegare varsla større omleggingar i tollvernet, står importvernet framleis støtt som pilar for norsk jordbruk.

EØS

3 Det største trugsmålet i dag er kor store tollfrikvotar Noreg vil gi EU i dei pågåande EØS-forhandlingane.

Annonse

For norsk jordbruk er tollvern ekstremt viktig. Og tollvernet har overlevd ei regjering med Høgre og Frp. Dei siste åra har det i desse to partia vekse fram ei aukande forståing av at importvernet er ein grunnstein for norsk landbasert matproduksjon. Når tollvernet har overlevd sitjande regjering, tyder det at tollvernet har styrka sin posisjon i norsk politikk. Orkla trong ein garanti for at toll og RÅK-systemet vart vidareført før investeringane kunne gjerast. Ifylgje Ruzicka fekk Orkla denne garantien frå landbruksminister Jon Georg Dale.

Motstandarane av tollvernet yndar gjerne å skuve forbrukarane framfor seg i debatten. Det heile kokar ned til eit spørsmål om pris, og kor billig det faktisk er mogleg å produserer maten vår.

Det er mange grunnar til at det er dyrare å produsere mat i Noreg enn i ein del EU-land. Løns- og kostnadsnivå er ei årsak. Ei anna årsak er måten maten blir produsert på, til dømes høg antibiotikabruk. I Spania er antibiotikabruken per kilo kjøtt 40 gongar høgare enn i Noreg.

Under hestekjøttskandalen i 2013 gjorde Nationen ein enkel test me kalla for «pizzatesten». Bakgrunnen var at den masseproduserte industrimaten hadde vorte avkledd som det det nettopp var: Same shit, different wrapping. Den same maten vart altså produsert på den same staden, med ei svært uoversiktleg verdikjede for mat i botnen. Me spurde fire pizzaprodusentar om dei kunne opplyse om kvar råvarene til pizzaen kom frå. Vår vesle undersøking avslørte at merkevareleverandørane Orkla og Dr. Oetker hadde lagt betre kontroll på sin pizza, enn daglegvarekjedene. Rema sin italienske pizza hadde kjøtt frå i hovudsak fem ulike land; Danmark, Nederland, Tyskland, Italia og Spania. Norgesgruppens eigen pizza hadde kjøtt frå Tyskland, Nederland, Belgia og Danmark. Altså land med langt høgare antibiotikabruk enn Noreg.

Det er klart det blir billig mat av slikt.

Neste artikkel

Slakteria får inn langt færre lam enn før