Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Plast - no også i ein kumage nær deg

Det finst over alt. I havet. I fisken. Sminka, kremane og kleda våre. No også i ei ku nærme deg. Plast har vorte eit av vår tids aller største miljøproblem.

Fanga i garnet: Ei skjelpadde får hjelp til å koma seg ut av garnet den har vikla seg inn i. Foto: Eryn Opie / Hawaii Department of Lands and Natural Resources
Fanga i garnet: Ei skjelpadde får hjelp til å koma seg ut av garnet den har vikla seg inn i. Foto: Eryn Opie / Hawaii Department of Lands and Natural Resources

På 1980-talet var det sur nedbør og ozonlaget som truga livet på jorda. I dag er det klimaendringane, og det – for mange – litt meir handterlege plastproblemet. Begge delar utgjer store problem for hava. CO2-utslepp fører til forsuring og oppvarming. Hava våre svømmar over av plast, sjølv om me kjeldesorterer som aldri før.

Mange av oss har vekse opp med Rusken-aksjonane. Kvar vår er det ut og plukke søppel, i regi av det offentlege. Tvungen søppelplukking burde gitt oss kunnskap og innsyn i kvifor me ikkje kastar frå oss kondom, potetgullposar og ølboksar i naturen. Men med alle søppelkassane som finst i heile Noreg, er det likevel forstemmande mykje søppel som hamnar i naturen.

Og til slutt ender det opp i dyra våre. Trønder-Avisa melde denne veka om at halvparten av kyrne som kjem inn til Nortura sitt slakteanlegg i Malvik har plast i magen. Til avisa seier Mattilsynets Elisabeth Schei-Berg: "At så mange storfe har plast i magen er en god indikator på hvor stor plastforurensningen er".

• LES OGSÅ: Kari Gåsvatn kommenterer "Hva skjer når meitemarken og andre småkryp og mikroorganismer i jorda får i seg mikroplast?"

Plastrestane i kyrne kjem frå tau og emballasje. Det kan vera frå garden sjølv, eller det kan vera søppel folk har kasta frå seg ute i det fri, som vinden har ført med seg inn i åkeren og matfatet til kyrne.

Bøndene Tove Kristin og Alf Sølvberg på Midtre Hellan i Inderøy melder i same avis om at dei på ein to kilometer lang strekning samla inn eit tjuetals øl- og brusboksar, i tillegg til vinflasker og plastflasker. Ekteparet meiner det har vorte meir søppel i naturen no enn før.

I mange år har me halde augo attlatne for det som skjer under havoverflata. Forureining til havs har liksom ikkje telt, fordi så få av oss har sett den. Og medan me har sett ei anna lei, har havet vorte fylt opp med plast. Det er funne plastrestar i dyr som lever ei mil under havoverflata.

• LES OGSÅ: Fant 12 bokser på ett jorde

Gåsenebbkvalen som i januar i fjor stranda på Sotra visste nok ikkje kva symbolsk kraft dei over 30 plastposane og plastobjekta den hadde i magen og tarmsystemet ville få. Me plukkar plast, kvittar oss med fleece-plagga, tek med oss handlenett til butikken for å sleppe å kjøpe plastposar.

Plast-oppvakninga som skjer er viktig og nødvendig. Plast har vore eit klimaproblem lenge før me byrja å oppdage at dyr døyr av det, fyrst og fremst fordi det aller meste av plasten blir laga av den fossile råvara olje. Det er vel og bra at Hurtigruten no sluttar med plastsugerøyr og plastglas. Me bør definitivt ikkje bruke meir plast enn nødvendig. Men det store plastproblemet kjem frå andre stader.

• LES OGSÅ: 400 tonn plast fjernes fra frukt- og grønt-diskene

Halvparten av kyrne som kjem inn til Nortura sitt slakteanlegg i Malvik har plast i magen.

Oppsummert

Plastic fantastic

1 Årleg hamnar rundt åtte millionar tonn plast i havet. Det meste kjem frå ti elvar i Afrika og Asia.

Meir plast enn fisk

2 Med ei nedbrytingstid på fleire hundre år kan det i 2050 vera meir plast enn fisk i havet.

Mindre plast

3 Plastsøppel er eit av dei store miljøproblema i dag. Kor lite plast klarar me oss med?

Annonse

Vil du redde verda er det ikkje nok å droppe sugerøyret på McDonalds. I ein rapport frå Helmholtz Centre for Environmental Research som vart publisert før jul, kjem mellom 88 og 95 prosent av plasten i havet frå ti elvar i Afrika og Asia: Niger, Nilen, Ganges, Perlefloden, Mekong, Yangtze, Indus, Azur, Den gule floden og Hai he.

Årleg hamnar åtte millionar tonn plast i havet, og i 2050 kan det vera meir plast enn fisk i havet. Havstraumane fører plasten rundt om i heile verda, og kan til slutt ende opp på ei strand i nærleiken av deg, eller i ein norsk fjordarm.

• LES OGSÅ: Greenpeace presenterer fem tiltak mot plasforurensing

Men heller ikkje norsk næringsliv gjer nok. Naturvernforbundet anslår at det hamnar 316 tonn plast i havet frå norske oppdrettsanlegg. Kvart år. Det er slitasje på røra fiskefôret blir pumpa ut gjennom, som gjer at plastpartiklar hamnar i merdane og vidare ut i havet.

Eit anna stort marint søppelproblem er fiskegarn som går tapt. Sidan 1983 har Fiskeridirektoratet henta opp over 18.000 såkalla spøkelsesgarn. Fiskegarn av nylon har ei nedbrytingstid på 600 år.

I fjorårets store BBC-serie Den blå planeten, som er sett av millionar av folk, er den siste av sju episodar vigd til nettopp plasten i havet. Lite blir meir alvorleg enn når Sir David Attenborough sit på ei sandstrand ein stad i verda og snakkar til folk. "Aldri før har me visst meir om kva me er i ferd med å gjera mot planeten. Og aldri før har me hatt ei så stor makt til å gjera noko med det."

Me kvittar oss med 18 kilo plast per person årleg i Noreg. Mykje av plasten går til resirkulering, og gjer nok at me kjenner oss litt betre.

Men kor lite plast kan du klare deg med?

• LES OGSÅ: Plastsugerør kan bli forbudt i Storbritannia

Neste artikkel

Quislings frigjorte barn