Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matsvindel har vorte milliardforretning

Juks med matmerking er framleis eit stort problem. Diverre er det store pengar å tene på matsvindel.

Svindel: Årleg utgjer matsvindel og matjuks verdiar for godt over 200 milliardar norske kroner. Svindelen har vorte big business globalt, skriv Hilde Lysengen Havro. Foto: Colourbox
Svindel: Årleg utgjer matsvindel og matjuks verdiar for godt over 200 milliardar norske kroner. Svindelen har vorte big business globalt, skriv Hilde Lysengen Havro. Foto: Colourbox

Sjølv om Noreg har vore skåna for dei største matsvindel-skandalane, går ikkje matvarer i norske butikkar fri for svindelen.

I vår offentleggjorde Mattilsynet to rapportar som syner omfattande juksing med opphavsmerking og kvaliteten på honning og olivenolje. Begge rapportane er ein del av ein internasjonal kamp for å bekjempe matsvindel. For 63 honningprodukt Mattilsynet testa frå 2015 til 2017, vart det funne avvik ved 30, altså nærare halvparten av dei testa produkta.

Den andre rapporten tok for seg olivenolje. Av 14 olivenoljar som vart testa, heldt 8 mål. Dei seks andre oljane fekk omsetningsforbod. Fire av desse var rett og slett ikkje eigna til mat, og dei to andre var feilmerkte.

Er det verkeleg så vanskeleg å merke korrekt? Og laga mat på gode råvarer? Eller er det rett og slett for mange pengar å tene på å jukse med maten? Juks og svindel med mat strekkjer seg over eit breitt spekter. Det kan vera at ein produsent uforvarande ikkje har merkt eit produkt med moglege allergenar. At guacamolen i butikkhyllene har ertar som hovudingrediens. At leverandørar bløffar om innhaldet i kalkunskinka, torskekakene eller kor grove brøda eigentleg er. Og til bevisst svindel som utgjer fare for liv og helse.

Den største svindelen dei siste åra var den kinesiske mjølkesvindelen i 2008. Melamin, som kan gi nyretrøbbel, hadde vorte tilsett mjølk og morsmjølkerstatning. Seks born døydde, 54.000 babyar vart innlagt på sjukehus, og rundt 300.000 vart rapportert sjuke.

Matsvindel er alvorleg fordi den faktisk kan koste oss livet. Me stolar på merkinga av maten, om det er olivenolje, kjøtt, honning eller juice.

Ifylgje Mattilsynet er 10 prosent av verdas matproduksjon omfatta av svindel. Etter fleire store skandalar, som hestekjøttskandalen i 2013, har svindel med mat difor vorte eit prioritert område for Interpol og Europol. For det fyrste ligg det store pengar i å svindle med mat. For det andre kan det vera direkte livsfarleg om folk uforvarande får i seg mat som er forgifta eller inneheld ingrediensar dei er hyperallergiske mot.

Det felles arbeidet mellom Interpol og Europol – som har fått namnet Operation Opson VI – beslagela i vinterens runde mat og drikke for 2,17 milliardar kroner. I Portugal vart ein fiskefabrikk stengd etter eit raid frå portugisiske matstyresmakter. Operasjonen avslører eit breitt spekter av matsvindel.

«Er det rett og slett for mange pengar å tene på å jukse med maten?»

Oppsummert

Storsvindel

1 Om lag 10 prosent av verdas matproduksjon er omfatta av svindel.

Big money

2 Verdien av matsvindelen er mellom 250 milliardar og 336 milliardar kroner årleg.

I ein butikk nær deg

3 Også i Noreg er det avslørt daglegvarer som ikkje er det dei gir seg ut for å vera.

Annonse

Matsvindel har altså vorte big business. Eit estimat frå Michigan State University i 2014 tyder på at den årlege verdien av matsvindelen utgjer mellom 30 og 40 milliardar dollar, eller mellom 252 milliardar og 336 milliardar kroner. Olivenolje, fisk og sjømat, mjølk og mjølkebaserte produkt, honning, juice, kaffi og te er dei mest vanlege matvarene det blir svindla med på verdsbasis.

I Australia har rekkjevidda av matsvindelen vorte så stor at australiarane er alvorleg bekymra for at det vil påverke synet på kvaliteten av maten eksportert frå Australia. Men er det grunn til å bekymre seg i Noreg?

Tja. I fjor avslørte VG at restauranten Mona Lisa i Oslo juksa med råvarene. Den dyre sjøtungefileten synte seg å vera den langt billigare asiatiske oppdrettsfisken pangasius, villsvinkjøttet var vanleg svinekjøtt.

I november i fjor stoppa Tolletaten i Hedmark ein varebil på tur inn til Noreg. Varebilen synte seg å innehalde 3300 stk. piratkopiert matemballasje, av eit produkt som framleis er ukjend for forbrukarane. Produktet utgjer ikkje fare for liv og helse, og Mattilsynet har difor avgjort å ikkje offentleggjera kva produkt det faktisk handla om.

Ytterlegare avsløringar synte at ein fabrikk i Aust-Europa skal ha produsert 100.000 stk. av denne emballasjen. Ingen veit kvar emballasjen vart av, men den skal ha vore designa og produsert eine og åleine for bruk i Noreg. Er det verkeleg mogleg at denne produksjonen kan skje, utan at det faktisk finst ein avtale om å selje produkta i butikkane?

Arbeidet som er gjort frå mellom anna Mattilsynet dei siste åra, avslører at heller ikkje Noreg går fri. Og varene finst i ein butikk eller restaurant nær deg.

Neste artikkel

Sør-Varanger vil bli «skatteparadisfri»: – Vi kjempar mot eit monster