Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matmakta i hønsegarden

Norgesgruppens overgang til egg frå frittgåande høner er ein rein maktdemonstrasjon. Og bøndene må betale.

Fri og frank: Over halvparten av norske eggbønder dreiv i 2015 med frittgåande høner. Men det er framleis eit spørsmål om det totalt gir betre dyrevelferd enn for høner i miljøinnreia bur, skriv Hilde Lysengen Havro. Foto: Mariann Tvete

Påsken er høgtid for eggsal. Men kva egg kokar du til frukost i påskeveka? Egg frå høner i miljøbur? Egg frå frittgåande høner? Økologiske egg? Eller bryr du deg ikkje så mykje om det?

Som tredje kjede ut varsla Norgesgruppen rett før påske at frå utgangen av 2019 skal det berre vera egg frå frittgåande høner i butikkane. Egg frå det dyrevernorganisasjonane kallar burhøns og næringa sjølv kalla miljøinnreiing skal fasast ut i løpet av 2019. Dyrevernorganisasjonane jublar, medan eggprodusentane fortvilar.

La oss seia at ei kjede avgjer å kutte ut egg frå frittgåande høner. La og seia at kjeda seier til sin hovudleverandør at dette skal skje innan 2019. La oss så seia at kjeda seier til leverandøren at dette må de berre gjennomføre, elles går me til nokon andre. Kva skal leverandøren gjera? Er det reelle forhandlingar om produksjonsmåte, investeringskostnadar og om det faktisk let seg gjera å leggje om store delar av norsk eggproduksjon på to år? Nei, det er det sjølvsagt ikkje. Men daglegvarebransjens sanne ansikt kjem til syne: Det er rein maktbruk.

Norsk jordbruk og norske bønder skal sjølvsagt alltid søkje den beste måten å produsere mat på, inkludert høg dyrevelferd. Men det er vanskeleg å få auge på faktagrunnlaget bak Norgesgruppen sitt krav. I eit intervju med Nationen syner direktør i Norgesgruppen Bård Gultvedt til «forbrukartrendar», «internasjonal trend», «tilfredsstille kundens behov».

På spørsmål frå Nationen om kva undersøkingar Norgesgruppen kan leggje til grunn, syner Gultvedt til generelle spørjeundersøkingar som syner at «folk flest» har vorte meir opptekne av dyrevelferd.

Forbrukartrendar har endra norsk matproduksjon og matindustri. Tydelegast har kampanjane mot palmeolje og det kraftige fallet i kyllingsalet i 2015, som førte til at ei samla næring fasa ut fôrtilsetjingsstoffet Narasin, vore. Men store kampanjar for frittgåande høner har det ikkje vore.

At frittgåande høner har betre dyrevelferd enn høner i miljøinnreiingar, klarar heller ikkje Norgesgruppen å leggje fram dokumentasjon på. Og dyrevelferda er sjølve kjernen i spørsmålet om produksjonsmåte. Men Norgesgruppen treng jo ikkje leggje fram dokumentasjon. Dei sit med makta til å påleggje næringa investeringar på hundrevis av millionar av kroner, fordi dei kan det.

«Det er heller ikkje Norgesgruppen sine pengar som skal brukast til nye fjøs.»

Oppsummert

Eggproduksjon

1 I 2015 var det 585 bønder med over 1000 høner her i landet. 36 prosent av dei har miljøinnreia bur, 58 prosent har frittgåande høner og 6 prosent driv økologisk.

Må investere

2 Avgjerda frå Norgesgruppen om berre å selje egg frå frittgåande høner vil påleggje norske eggprodusentar store investeringar, utan at daglegvarekjeda treng å ta sin del av dei økonomiske utgiftene.

«Forsking syner»

3 Forsking på dyrevelferd syner at det er både fordelar og ulemper ved frittgåande produksjon kontra miljøinnreiing.

Annonse

Og dei kan det fordi Norgesgruppen ikkje sit med den økonomiske risikoen. Det er heller ikkje Norgesgruppen sine pengar som skal brukast til nye fjøs. Norgesgruppen vil ikkje ein gong seia at det er naturleg at forbrukarane tek sin del av den økonomiske meirkostnaden. Norges største matkjede, som gjerne smykkar seg med lokale leverandørar og støtte til norsk landbruk, veit utmerkt godt at den er det eggprodusentane som må ta.

1. januar 2012 vart burhøns i dei gamle, små bura forbode. Det var bra. Den gongen vart det nye EU-reglar som tvang fram ei endring hos eggprodusentane. Bøndene investerte to milliardar i nye fjøs. Nokre la om til frittgåande, nokre til miljøinnreiingar. Dei vel 200 bøndene som i dag sit med miljøinnreiingar har altså nye fjøs, men mange av dei (som leverer egg til Nortura og Norgesgruppen) må no investere to nye millionar for å tilfredsstille Norgesgruppen sine krav. Og dei har kort tid på seg.

Sverre Leiro, tidlegare konsernsjef i Norgesgruppen, kallar det heile ein «populistisk avgjørelse». Til Nationen laurdag sa Leiro at «Jeg ville tatt kampen på en annen måte enn å velge å ri på en populistisk bølge. Det hadde vært bedre å utbedre produksjonen som den er med bedre plass, i stedet for å legge press på bønder som kan stå i fare for å legge ned produksjonen.»

Om ei frittgåande høne lever eit lukkelegare liv enn sine medsystre i miljøbura, har det vore mykje synsing om den siste veka. Mykje av debatten synast å byggje på eit heller romantisk syn om at frittgåande høner lever eit liv i sus og dus. Så lenge du kan slå ut vengjene, spelar det altså ikkje så stor rolle om du risikerer å bli hakka i hel. «De får mer frihet, men miljøet er tøffere», sa forskar ved NMBU Andrew M. Janczak til Nationen laurdag.

God dyrevelferd er ei av norsk jordbruks største fordelar. Og daglegvarekjedene må gjerne bidra til at dyrevelferda blir betre. Men med all respekt: Når Dyrevernalliansen og Norgesgruppen fyrst skulle gå saman om ein produktkategori, så burde dei byrja den største dyrevelferd-slasken i norsk matproduksjon: Fiskeoppdrettsindustrien.

Norgesgruppens eggkrav kokar ned til ein rein PR-jippo, der den som kaklar høgast får styre flokken.

Neste artikkel

Norgesgruppen: Rekordhøyt salg av norske epler