Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matkastelov utan meining

Når vanlege forbrukarar er dei som kastar mesteparten av maten, er det vanskeleg å sjå kva me skal med ein matkastelov som råkar industri og butikkar.

Kast i veg: Grønsaker og frukt er noko av det me kastar aller mest. Kunnskap om oppbevaring og bruk er difor viktig. Foto: Elena Elisseeva / Mostphotos
Kast i veg: Grønsaker og frukt er noko av det me kastar aller mest. Kunnskap om oppbevaring og bruk er difor viktig. Foto: Elena Elisseeva / Mostphotos

Tidlegare næringsminister Monica Mæland har vorte forsøkt latterleggjort ved å uttale at "vi kan ikke gjøre alt vi er imot forbudt ved lov". Men denne saka har Mæland eit poeng. Det er fleire gode grunnar til at å forby matkasting ved lov ikkje er ein særleg god idé.

Dei siste åra har matbransjen redusert matsvinnet sitt betrakteleg. I fjor sommar skreiv fem departement og fleire aktørar i matbransjen under ein avtale om å redusere matsvinnet. Dåverande klima- og miljøminister Vidar Helgesen kalla avtalen verdas mest ambisiøse. Om den når opp i konkurransen om globale avtalar, er rett nok ikkje sikkert. Men det er altså slik at bransjen alt har gjort mykje, og har forplikta seg til å gjera meir.

Sidan avtalen vart underteikna i fjor, har også fleire aktørar slutta seg til. Per september i fjor hadde fem aktørar i Sjømat Norge skrive under.

Eit anna poeng er at det ikkje er matindustrien og daglegvarebutikkane som er verstingane. Det er oss – du og eg på kjøkkenet heime – som er matsvinnets etiske klimasyndarar. Du og eg som ikkje klarar å planleggje handelen vår. Som handlar for mykje. Har eit for kaldt eller for varmt kjøleskåp. Som ikkje vil eta restar frå dagen før.

• LES OGSÅ: Matvarebransjen ser ikke behovet for egen matkastelov

Hovudårsakene til at me kastar mat heime er at datoen på varene går ut, og at me rett og slett gløymer av varene i kjøleskåpet. Bakerivarer, middagsrestar, frukt og grønsaker er det me er flinkast til å kaste. Mykje handlar om kunnskap, ifylgje forskar Aina Stensgård i Østlandsforskning.

Heile 60 prosent av maten som blir kasta er det me som står for. Då er det noko merkeleg at eit stortingsfleirtal av Ap, SV, Sp, MDG og KrF vil ha ein lov som rettar seg mot den delen av verdikjeda for mat som faktisk klarar å gjera noko med matkastinga. I merknaden frå Energi- og miljøkomiteen står det at loven "må omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål, sekundært til dyrefôr, samt ha et påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn."

Er det rett og slett for vanskeleg etisk å forsvara for seg sjølv å stemme mot ein lov med eit føremål alle eigentleg er for; å redusere matsvinnet? Er det ikkje mogleg å ynske at matkastinga skal gå ned, men samstundes meine at det ikkje bør forbys? Kva løysingar ser stortingsfleirtalet seg for i område der det ikkje er matsentralar å levere mat til? I Dagsavisen torsdag seier også Matsentralen Norge, som er paraplyorganisasjonen for matsentralane i landet, at det er unødvendig med ein matkastelov.

Bakerivarer, middagsrestar, frukt og grønsaker er det me er flinkast til å kaste.

Oppsummert

Kastar mat for store verdiar

1 Årleg blir det kasta mat verdt om lag 20 milliardar kroner.

Matsvinnet går ned

2 Matbransjen reduserte matsvinnet med 17 prosent målt i kilo per innbyggjar frå 2015–2016.

Burde vera unødvendig

3 All den tid bransjen sjølv har tiltak for å redusere matsvinnet, burde det vera unødvendig frå politikarane å forby bransjen å kaste mat.

Annonse

Paula Capodistrias i Matsentralen seier at meir enn halvparten av butikkane alt donerer overskotsmat i staden for å kaste den. Med prosjektet "Matsentralen direkte" er målet at dei resterande butikkane også skal inn i ei ordning. Capodistrias fortel at dei arbeider med å setje kvar butikk i kontakt med ein veldedig organisasjon. Ho seier rett ut at ein lov er unødvendig, "og den innebærer at alt arbeidet som allerede gjøres på dette området, ignoreres".

Det er sterke ord frå ein organisasjon som ynskjer at brukbar mat og drikke framleis skal kunne konsumerast. Sett i lys av kva som er gjort i industrien, butikkane og i matsentralane framstår ikkje stortingsfleirtalet sin politikk som noko anna enn eit glorete symbol.

Det er ikkje ofte partia skiftar meining frå komiteen til Stortinget. Det tyder dessverre på at regjeringa blir pålagt å leggje fram ein lov mot matkasting. Men i denne saka bør partia ta ein runde med seg sjølv. Dei bør lytte og lære, ikkje minst til sine eigne næringspolitikarar, som bør ha fått med seg kva næringslivet har gjort for å redusere matsvinnet.

• LES OGSÅ debattinnlegget: Ikke kast eggene dine

Matbransjen og styresmaktene har ved fleire høve dei siste åra synt at det er mogleg å gjera store endringar ved å samarbeide. Helseminister Bent Høie sitt arbeid for å få matindustrien til å redusere sukker, salt og feitt har fungert. Når det no er litt stillstand i samarbeidet mellom bransjen og Høie, skuldast ikkje det at matindustrien nektar å kutte meir, men at regjeringa frå nyttår auka sukkeravgifta også for varer utan sukker.

Eit god fjellvettregel no i vinterferietider er "Vend i tide, det er ingen skam å snu".

Neste artikkel

Rapport: Ingen genetisk innblanding fra hund i den norske ulven