Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Liva våre blir levd lokalt

Tenester og tilbod over heile landet er viktig for å gi oss tryggheit der me bur.

Nedlegging?: Fleire av dei akuttkirurgiske tilboda ved landets lokalsjukehus, som her i Odda i Hordaland, kan bli lagt ned. Foto: Siri Juell Rasmussen
Nedlegging?: Fleire av dei akuttkirurgiske tilboda ved landets lokalsjukehus, som her i Odda i Hordaland, kan bli lagt ned. Foto: Siri Juell Rasmussen

På eit lite stykke relativt flatt land mellom botnen av Sørfjorden og Sandvevatnet ligg tettstaden Odda. Sjølve namnet gir ein klang av smelteverk og industri, kultur og Frode Grytten. På kvar side av bygda stig mørke vestlandsfjell opp. Utover og nordover ligg Sørfjorden lang og smal. Trass sine vel sju tusen innbyggjarar i kommunen, er det eit eige lokalsjukehus i Odda.

I Tyssedal, vel ti minutts køyring nord for Odda. Natt til 26. november i fjor held ein mann på å miste livet. Han er knivstukken heime i leilegheita si. Fleire gongar borar kniven seg gjennom overkroppen hans, og han blør kraftig.

Helikopteret kan ikkje lande på grunn av dårleg vêr. Ambulansen er langt unna. Det står om minutt. Men han overlevde. Måndag fortalde Torfinn Andersen historia si i Nationen. Det er ei sterk historie, og som ikkje ville enda godt om det ikkje hadde vore for lokalsjukehuset, og at sjukehuset framleis har kirurgisk kompetanse ved akuttmottaket. Men no kan den kirurgiske kompetansen ved akuttmottaket på det vesle sjukehuset bli lagt ned.

Det er uro i fleire lokalsamfunn i Noreg. I Flekkefjord, Namsos, Volda, Narvik og Odda blir akuttfunksjonane diskutert. Det gjer folk i lokalsamfunna, som har sjukehusa som sitt nærsjukehus, bekymra. Spørsmålet er om denne uroa skal få gå over i stabilisert utryggheit.

Og denne uroa var ikkje verdt eit einaste ord i sjukehustalen til helse- og omsorgsminister Bent Høie i førre veke. Høie har openbert gjort sitt når han har fått den nasjonale sjukehusplanen gjennom i Stortinget. No er resten overlate til dei regionale helseføretaka. Innan 1. april skal vedtak om framtida for dei nedleggingstruga akuttkirurgiske mottaka vera fatta i helseføretaka.

Me såg det i diskusjonen kring framtida for Rjukan sykehus i Telemark korleis fagmiljø blir spela opp mot kvarandre, i ein intern krig for å halde på, og få fleire funksjonar til sine eigne sjukehus. Odda sjukehus ligg under Helse Fonna, som består av Haugesund, Stord og Odda. Begge to sjukehusa er større enn Odda. Helse Fonna ligg så under det store helseføretaket Helse Vest, styrt frå Bergen. Og me ser at det er dei store som vil leggje ned dei små.

I utvalet som har sett på framtida for akuttkirurgien ved Odda sjukehus, var det 15 medlemer. 11 vil behalde akuttilbodet, resten av medlemene vil leggje ned. Mindretalet er sentralt plassert i Helse Vest og i Helse Fonna, medan dei som vil halde på akuttkirurgien er helsepersonell og Odda-området og ordføraren. Altså dei som sit tettast på folk der dei bur.

Fleire gongar borar kniven seg gjennom overkroppen hans, og han blør kraftig.

Oppsummert

Sentralisering

1 Lokalsamfunn over heile landet opplever at tenester og tilbod blir sentralisert.

Tryggheit

2 Tidlegare hærsjef Robert Mood seier regjeringa undervurderer kor viktig tryggheit er for folk.

Lokalt

3 Me lever våre liv lokalt, også i distrikta, og skal ha krav på gode tenester og eit godt tilbod også der.

Annonse

For Odda sin del er dei nærmaste store sjukehusa Haugesund og Haukeland i Bergen. Til begge sjukehusa er det lang reiseveg. Vegane er til dels rasutsette, og dei er så smale og svingete at ein blir bilsjuk berre av å tenkje på å køyre på dei i ei ambulanse i full fart. Området er også vêrutsett, og sjølv om det skulle koma ein sterk auke i ambulansekapasiteten i lufta og på hjul, er ikkje det nokon garanti for at pasientane kan fraktast til større sjukehus når ulukka treff.

Mange av sjukehusa som har vore nedleggingstruga heilt eller delvis, har opplevd å miste funksjonar over tid. Bit for bit av sjukehuset har vorte flytta til større sjukehus. Denne villa nedbyggingsprosessen blir så i neste omgang kronargumentet for å vengjeklyppe lokalsjukehusa endå meir.

Ein av dei som har talt sentraliseringsprosessane til regjeringa midt i mot på nyåret, er tidlegare generalinspektør for Hæren, Robert Mood. Utgangspunktet er Politireforma, der det i førre veke endeleg vart klart kor mange lensmannskontor (126) som blir lagt ned.

I eit intervju med Dagbladet førre helg seier Mood at «mange opplever at Regjeringen tar tryggheten fra folk». Han seier vidare at: «Politireformen, nedleggelsen av Heimevernet og sykehussentralisering har skapt uro og frustrasjon hos veldig mange mennesker i Norge, som føler seg mindre trygge. Alt synes å handle om økonomisk effektivisering og sentralisering, men politikerne kommuniserer noe helt annet». Han meiner politikarane undervurderer kor viktig tryggheit er, og konkluderer med at endringane «som iverksettes kan bidra til politikerforakt og rive ned tilliten mellom politikere og innbyggerne, og er alvorlig».

Andersen har ikkje levd eit like enkelt liv, som mange av oss har vore så heldige å få lov til. «Det første jeg tenkte på da jeg våknet, var datteren min», seier han, og vil gjera alt han kan for å halde på sjukehuset som berga livet hans den gongen.

Landets minste sjukehus er framleis liv laga.

Neste artikkel

En matnasjon må passe på grunnmuren