Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lihkku beivviin, Sápmi!

Kampen for samiske rettigheiter har kome eit stykke på veg på hundre år, men framleis er mykje ugjort.

Fyrste samling: Elsa Laula Renberg frå Helgeland og Brurskanken samiske kvinneforening var initiativtakarar til det fyrste samiske landsmøtet i Trondheim 6.–9. februar 1917. 6. februar vart seinare den samiske nasjonaldagen. Foto: Schrøderarkivet/Sverresborg
Fyrste samling: Elsa Laula Renberg frå Helgeland og Brurskanken samiske kvinneforening var initiativtakarar til det fyrste samiske landsmøtet i Trondheim 6.–9. februar 1917. 6. februar vart seinare den samiske nasjonaldagen. Foto: Schrøderarkivet/Sverresborg

Året 1917 brann seg inn i historiebøkene med den russiske revolusjonen, som velta tsarregimet og innførte kommunismen i Russland og seinare Sovjetunionen.

Ei anna hending som ikkje fekk like store, umiddelbare konsekvensar, var det fyrste landsmøtet for samane. I dag er det 100 år sidan møtet vart arrangert i Metodistkirken i Trondheim "midt i den mørkeste perioden i samisk historie", som professor og tidlegare sametingspresident Ole Henrik Magga seinare formulerte det som. Møtet vart starten på det som skulle bli ein seig og langvarig kamp for samiske rettigheiter, og 6. februar vart seinare valt som nasjonaldag for det samiske folket i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Dei norske styresmaktene sin kolonistiske politikk overfor samane er ei lang og stygg historie om fornorsking og undertrykking av ei folkegruppe sett i eit system. Manglande rettigheiter og manglande respekt for ulikt syn på til dømes eigarskap til jord, skog, vidde og vatn er ei mørk side ved Noregs historie.

Samiske rettigheiter har kome eit godt stykke på veg sidan denne vinterdagen i 1917. Internasjonalt er Noreg mellom dei landa som i størst grad respekterer og har lagt til rette for urfolksrettigheiter. Sametinget – eit eige parlament for samar – vart etablert i 1989. Som fyrste land i verda underteikna Noreg ILO-konvensjonen om urfolksrettigheiter i 1990.

Når Noreg er stolte over urfolkspolitikken sin, er det likevel grunn til å minne om at det berre er 20 år sidan Kong Harald offisielt bad samane om orsaking for fornorskingspolitikken. Samiske rettigheiter kom inn i Grunnloven i 1988 med paragraf 110 a: "Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv." Sameloven, som danna grunnlaget for etablering av Sametinget, vart vedteken i 1987. Tre år seinare vart det lagt til loven at norsk og samisk er likestilt som språk.

Dei tre samiske hovudspråka i Noreg – nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk – er framleis truga. I eit historisk perspektiv kom dei språklege rettigheitene på plass seint. I kombinasjon med etterverknader av fornorskingspolitikken, som bringa skam over kulturelle identitetsuttrykk, er resultatet i dag at mange samar ikkje beherskar samisk. Kor betent denne debatten er mellom norskspråklege og samiskspråklege samar, og kor sterkt språket er som politisk identitetsmarkør, kom til uttrykk då sitjande sametingspresident Vibeke Larsen (tidlegare Ap, no uavhengig representant) valde å halde nyårstalen sin i år på norsk, for fyrste gong i Sametinget si historie. Årsaka ho sjølv gav er at ho kjenner ho ikkje kan samisk språk godt nok til å tale til folket på det.

Hadde du ikkje eit papir, eit eigedomsskjøte å leggje fram som bevis på at du eig gjorda, så eig du ikkje jorda.

Oppsummert

Jubileum

1 For hundre år sidan samla Elsa Laula Reberg frå Helgeland over hundre representantar til det fyrste samiske landsmøtet i Trondheim.

Fryd og fest

2 Dagen vil bli markert med talar, pomp og prakt, som seg høyr og bør, men framleis står mange rettigheitskampar utan avgjerd.

Oppgjer

3 Kanskje burde det, som det er førslått, setjast ned ein sannings- og fosoningskommisjon.

Annonse

Sjølv om samiske rettigheiter er nedfelt i opplæringsloven, blir det frå samisk hald peikt på fleire utfordringar. Det er mangel på lærebøker på samisk. Det er mangel på samiske eller samiskspråklege lærarar. Utanfor dei samiske kjerneområda for språkopplæring, blir gjerne undervisninga avlyst om læraren er sjuk, fordi det ikkje finst annan kompetanse. Talet på elevar som har samisk som fyrste eller andre språk har gått ned dei siste ti åra, trass i opplæringsloven som skal sikre språklege rettigheiter.

Den norske offentlege debatten handlar oftast om reindrift, og avgrensingane av denne. Det norske styresmakter på den eine sida meiner er ei nødvendig og berekraftig avgrensing av reindrifta, meiner reindriftsutøvarane gjerne at det er endå eit uttrykk for at den norske staten prøver å avgrense samisk næringsgrunnlag. Dei siste vekene har også politisk kaos på Sametinget nådd den rikspolitiske agendaen, men då fyrst og fremst framstilt som ein personifisert maktkamp, og ikkje som ein politisk maktkamp mellom det såkalla Same-Ap og resten av Ap. Generelt er det god grunn til å slå fast at det er mangel på kunnskap om samisk politikk, fornorskingspolitikken og dagens konsekvensar av den, samiske rettigheiter i dag, i det norske samfunnet.

Ein tradisjonell kolonistisk landpolitikk har me sett mellom anna i fleire afrikanske land, og i Israels praktisering av landrettigheiter på kostnad av beduinar og palestinarar. Hadde du ikkje eit papir, eit eigedomsskjøte å leggje fram som bevis på at du eig gjorda, så eig du ikkje jorda. Dermed kan staten eller andre økonomiske interesser gå inn, ta eigarskap og kolonisere. I Noreg enda det opp med at staten eig 95 prosent av Finnmark.

I dag står kampen om det som er under jorda og inne i fjella: Malm og mineral. Det mest brennbare dømet på det er kampen Sametinget fører mot selskapet Nussir sitt planlagde malmprosjekt i Repparfjord i Finnmark.

Korleis den kampen ender, står att å sjå. Førebels har Nussir fått dei løyva selskapet treng. Men det er ikkje tvil om at det nok ein gong er ein kamp mellom samiske interesser, og storsamfunnets økonomiske interesser.

Neste artikkel

Ber FN om hjelp til å stanse vindkraftutbygging