Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La oss leggje ned distrikta

La oss byrje med dei såkalla grisgrendte strøka. Der det er så langt mellom husa at du slepp sjå når naboen står og pissar frå trammen.

Sentralisering: På fleire viktige samfunnsområde føregår det ei storstilt sentralisering. Nokon som lurer på kvifor folk flytter til byen? Foto: Siri Juell Rasmussen
Sentralisering: På fleire viktige samfunnsområde føregår det ei storstilt sentralisering. Nokon som lurer på kvifor folk flytter til byen? Foto: Siri Juell Rasmussen

Gardsbruka produserer for lite mat. Skulane er for små. Lærarane kan for lite, og barnevernet endå mindre. Sjukehusa er nærmast farlege for folk. Skal du ha DAB i fjøset, må du sørgje for dekninga sjølv. Kommunane er ikkje robuste nok. Lensmannen har ikkje lang nok kontortid. Vil du ha laurdagsavisa, må du lesa den digitalt. Om du har raskt nok breiband, då.

Nettleiga er høg, fordi det er få folk som kan dele på kostnadane ved straumnettet. Butikkane er for små, og har for dårleg utval. Det er vanskeleg å rekruttere legar både til menneske og dyr.

Denne kommentaren er ikkje meint som ei sutring over kor ille det er å bu på bygda. Her eg i skrivande stund sit i Vang i Valdres, er det mykje å vera glad for, bortsett frå at det er litt lite snø. Folka er hyggjelege, kommunen stiller opp for alle, lufta er fri for forureining, og du kan trene zumba på kveldstid. Så er det heller ikkje skulen, helsetenestene eller det lokale kraftselskapet som utgjer dei største bekymringane for folk. Det er den stadige og massive sentraliseringa av offentlege tilbod og tenester.

Me kan byrje med Nav-kontora, som det er altfor mange av i Noreg. Det er også for mange skattekontor, tannklinikkar og tingrettar.

Det er sjølvsagt ikkje noko innarbeidd samfunn, men går ein nøyare etter i offentlege dokument, oppdagar ein at det finst eit ti prosent-samfunn. Skal folk framleis kunne klore seg fast oppe i fjellbygdene, inne i fjordarmane og ute på øyene, må me vekk frå ti prosent-samfunnet.

For den såkalla nærpolitireforma var kravet frå Stortinget at 90 prosent av innbyggjarane skal ha ei maksimal køyretid på 45 minutt til nærmaste politikontor. At over ein halv million innbyggjarar skulle få lenger reiseveg til det lokale politikontoret, var altså heilt greitt for Stortinget.

Akuttutvalet, som greidde ut det akuttmedisinske tilbodet utanfor sjukehusa, la fram sin rapport i desember 2015, eit par veker etter at regjeringa la fram sin nasjonale helse- og sjukehusplan. Akuttutvalet føreslo at 90 prosent av befolkninga skal ha maksimum 40 minutts reisetid til nærmaste legevakt, og 95 prosent skal ha maksimum 60 minutts reisetid til nærmaste legevakt.

Der det er så langt mellom husa at du slepp sjå når naboen står og pissar frå trammen.

Oppsummert

Sentralisering

1 Det går føre seg ei storstilt sentralisering av offentlege tenester og tilbod på mange viktige samfunnsområde.

Mistar tilbod

2 Politi, Nav, legevakt, ambulansetenester, domstolar, og skattekontor er nokre av tenestene som skal blir meir «robust».

Manglar analyse

3 Den større samfunnsanalysen av kva dette fører til for distrikta, manglar diverre.

Annonse

Samstundes som at den nye, nasjonale helse- og sjukehusplanen blir rulla ut, der akuttkirurgien kan koma til å bli kutta på fleire sjukehus, har det kome meldingar frå mange stader om at talet på ambulansar er kutta. VG skreiv i november i fjor at medan talet på ambulanseoppdrag har auka med 42 prosent sidan 2002, har talet på ambulansar gått ned med 69 bilar. Berre dei fire siste åra har ambulanseoppdraga auka med ti prosent.

For ambulansetenesta er det ikkje vedteke responstid, som det er for politiet. I grisgrendte strøk er likevel målet at ambulansen skal koma til staden innan 25 minutt for 90 prosent av utrykkingane. Tal frå Helsedirektoratet for dei fire fyrste månadane i fjor, synte at ambulansane kom fram innanfor tida i 81 prosent av utrykkingane. Men her er det store skilnader mellom enkeltkommunar. Berre innanfor Oppland fylke er det store skilnader. Medan høvesvis 95 og 94 prosent av ambulanseutrykkingane i Lom og Dovre var framme innan 25 minutt, er tala 30 og 27 prosent for Etnedal og Øystre Slidre i Valdres.

Sentralisering av legevaktordninga skulle føre til betre kvalitet. Tanken var at folk kunne tole å reise lenger, om legevakta vart betre. Så synte det seg at kvaliteten ikkje vart betre, likevel. No skal nye retningslinjer for dei kommunale legevaktene sørgje for betre kvalitet. Problemet er berre at dei truleg fører til meir sentralisering. Tinn kommune i Telemark, der Rjukan sjukehus vart lagt ned, har i dag fem legar på legevakta. For å tilfredsstille nye krav, må kommunen tilsetje seks til. Det vil gi ei årleg utgift på sju millionar ekstra. Alternativet er å slå saman legevakta med Notodden. Men då blir det altså lenger reiseveg for innbyggjarane på nok eit felt.

Tilsynelatande er det inga overlapping når Storting, føretak og direktorat avgjer korleis strukturen på offentlege tenester og tilbod skal vera, og kvar tenestene skal liggje. Konsekvensen er ein storstilt sentralisering av offentlege tenester.

Utan at verknader for folk som bur i distrikta er utgreidd. Men så er jo bygdefolk generelt robuste nok til å tole det meste.

Neste artikkel

Gram: Loven hindrer fylkesoppløsning før 2024