Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar er Harry Hole-bussen?

Filmfans reiser verda over for å besøke innspelingsstadene til yndlingsseriane og -filmane sine. Blir Harry Hole ein turistattraksjon i Noreg?

Lokale inntekter: Filmen Snømannen, med Michael Fassbender i rolla som Harry Hole, vart spela inn mellom anna i Rjukan i Telemark. Det tyder inntekter også for det lokale næringslivet. Foto: Universal Pictures
Lokale inntekter: Filmen Snømannen, med Michael Fassbender i rolla som Harry Hole, vart spela inn mellom anna i Rjukan i Telemark. Det tyder inntekter også for det lokale næringslivet. Foto: Universal Pictures

Filmturisme har vorte millionforretning i mange land, mellom anna ved hjelp av statleg støtte. Det kan det blir for Noreg, også, om det blir gjort rett.

Film- og serieprosjekt som har fått pengar til no i år, er mellom anna Tom Cruise-filmen Mission Impossible 6, filmen om 22. juli, Shetland sesong 4 og den norske krimserien Grenseland, som har premiere på TV2 i november.

Filminsentiv-ordninga er relativt ny i Noreg, sjølv om over 40 land verda over bruker til dels mykje pengar på å lokke til seg filmproduksjonar. Ordninga vart oppretta 1. januar 2016, og etter ein liten auke legg regjeringa opp til å bruke 57 millionar kroner på filminsentiv neste år. Filmen som har fått desidert mest pengar er Snømannen, som nyleg hadde premiere på kino, og som i fjor og i år har innkasserte 51,1 millionar kroner frå ordninga.

Så kan ein spørje; er det ein klok bruk av offentlege pengar å finansiere store Hollywood-filmar, produsert av selskap som tener ekstremt mykje pengar? Har ikkje Disney, Universal Pictures og Paramount Picture meir enn nok pengar sjølv?

Openbert er det svært mykje pengar i omløp i filmbransjen. Men det er likevel slik at ein del produksjonar ikkje kan vera sikre på inntektene frå filmane eller seriane. Det tyder ikkje at det ikkje er mogleg å tene pengar for andre i innspelingsfasen. Noreg er eit vakkert land. Me har mykje urørt natur, fossar, fjell og fjordar, vidder og lokasjonar som ikkje er så oppbrukte som den raude brua i San Francisco.

Men me er framleis eit høgkostland som fort tapar rotteracet i kamp mot billigare land med langt betre incentivordningar. Noreg er til og med for dyrt for norske filmar. Ifylgje Norsk filminstitutt vart 37 prosent av alle norske filmar som hadde premiere i perioden 2010-2015, spela inn i utlandet.

Filmen om den erkenorske Askeladden er ein av dei nylege, norske filmane som er spela inn i utlandet (Tsjekkia). Årsak: Lågare kostnad og betre finansiering.

I 2015 gav britiske skattestyresmakter attende 2,6 milliardar kroner i skattelette til filmproduksjonar. Ifylgje det britiske finansdepartementet førte skatteletten til 10,5 milliardar kroner i direkte investeringar i 2015. For kvart pund som blir brukt i skattelette til filmbransjen, blir det generert 12,49 pund. Den sjenerøse britiske ordninga førte også til at dåverande finansminister George Osborne – til mange si store overrasking – fekk namnet sitt på takkelista i rulleteksten til Star Wars VII – The Force Awakens.

Kan heile Noregs krimhelt blir ein turistattraksjon?

Oppsummert

Filminsentiv

1 Etter ein mangeårig diskusjon vart det i fjor for fyrste gong sett av pengar til ei insentivordning for filmbransjen på statsbudsjettet.

Filmkonkurranse

2 Ei slik ordning er vanleg i mange land, mellom anna Irland, Island, Storbritannia og New Zealand.

Kriterium

3 Inntill 25 prosent av kostnadane kan blir dekt. Føresetnadane er mellom anna at 30 prosent av finansieringa er internasjonal, og at det blir dokumentert eit forbruk i Noreg på over 2 millionar.

Annonse

Game of Thrones-lokasjonane i Spania og Kroatia har opplevd massiv auke i talet på turistar. Sagaøya Island opplever også auka turisme frå thronies, som Game of Thrones-fansen blir kalla. I fjor kunne Northern Ireland Screen, som tilrettelegg og finansierer film- og TV-produksjon i Nord-Irland, leggje fram tal som syner at dei seks fyrste sesongane av den populære serien har fått vel 144 millionar kroner i støtte frå NI Screen, medan innspelingane har bidrege til 1,53 milliardar kroner i inntekter.

Det finst også ein eigen app for Game of Thrones-innspelingsstader i Nord-Irland, som gjer det lett for turistar å finne fram dit dei skal, om dei ikkje vil vera med på ein av dei mange organiserte turane som har poppa opp.

Trilogiane Ringenes Herre og Hobbiten har etablert New Zealand som Tolkiens Midgard, og nær ein av fem turistar som besøkjer øya oppgir at Hobbiten er årsaka til å ta turen. Filmsettet Hobbiton har vorte bygd om til eit opplevingssenter, og har nærmare ein halv million besøkande i året.

No kjem nok ikkje Snømannen til å skapa verken Game of Thrones- eller Ringenes Herre-tilstandar i Noreg. For å kunne håpe på noko i retning av den slags interesse og pengar attende til lokalt næringsliv og statskassa, måtte ein ha byrja med å spela inn alle filmane. Men skulle Noreg hamne på innspelingslista til Star Wars-universet (igjen) og Game of Thrones, kjem nok både trenarar og warsiar til oss, også.

Spørsmålet ein må stille seg er om ein kan få att meir pengar ved å gi litt pengar til mange, eller om ein burde brukt langt meir pengar på nokre få. Ifylgje ei evaluering som er gjort av fyrste tildelingsrunde i insentivordninga i fjor, er estimert forbruk i Noreg 198 millionar, der 86 millionar er til varer og tenester. 142 årsverk har vore involvert, og har gitt 33,3 millionar i skatteinntekter til staten. Det er fint, men dei store effektane uteblir.

Skal det bli schwung over insentivstøtta i Noreg, må den auke dramatisk. Og norsk næringsliv må innsjå kva inntektsmoglegheiter som finst i filmturismen.

Neste artikkel

Norge trenger en nærbibliotekreform