Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvern tyder vern av jord

Jordvern tyder vern av jord. Det må kommunepolitikarar rundt om i landet snart forstå.

Noreg har lite matjord, og jordvernet må difor styrkast langt betre enn stortingsfleirtalets endringar i plan- og byggingsloven. Foto: Siri Juell Rasmussen
Noreg har lite matjord, og jordvernet må difor styrkast langt betre enn stortingsfleirtalets endringar i plan- og byggingsloven. Foto: Siri Juell Rasmussen

I dag vedtek Stortinget å styrke jordvernet. Ordet «jordvern» skal, etter framlegg frå KrF, inn i plan- og byggingsloven som eitt av omsyna kommunane skal ta i utbyggingssaker. Paragraf § 19–2 tredje ledd skal lyde slik: «Ved dispensasjon fra loven og forskriften til loven skal det legges særlig vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, jordvern, sikkerhet og tilgjengelegheit.»

Dette vesle ordet er ei god byrjing i kampen mot nedbygging av matjord. Ordet «vern» kjem av norrønt vernd, og har samanheng med ordet verje, som tyder å forsvare. Jordvern tyder då å forsvare jord det er mogleg å dyrke mat og vekstar på.

Før stortingsvalet i 2013 stilte KrF som garantist for jordbrukspolitikken. Garantien har vorte oppfylt i svært varierande grad, men i innstillinga frå energi- og miljøkomiteen fekk KrF eit viktig gjennomslag. Framlegget fekk ikkje overraskande støtte frå Venstre, Ap, SV, MDG og Sp.

Regjeringspartia Frp og Høgre røysta mot ut frå eit ynske om å forenkle, som altså tyder å gjera noko mindre innfløkt. Slik sett legg Frp og Høgre ei rett tolking av ordet «forenkling» til grunn. For mange kommunar vil det bli meir innfløkt å få bygd bustader og symjebasseng på dyrka mark.

Berre tre prosent av det norske landarealet eignar seg til matjord. Ein stor del av matjorda ligg i Rogaland, Trøndelag og på det sentrale Austlandet. Sterk folketalsvekst gjer desse områda til dei områda der jordvernet er under sterkast press. Storsamfunnet sine interesser om auka matproduksjon kolliderer med lokalsamfunna sine ynske om å byggje bustader, skular, veg og jernbanelinjer.

I jordloven er det lagt ned eit generelt forbod mot nedbygging av matjord. Kommunane kan få dispensasjon frå forbodet i kommunale utbyggingsplanar. Medan målet er å redusere nedbygginga til 4000 dekar årleg, vart det i 2015 omdisponert 6341 dekar dyrka jord til andre føremål enn matproduksjon. Det syner at kommunane ikkje er i stand til å utøve det ansvaret dei har for å hindre nedbygging.

Lokal styring er i utgangspunktet bra. At kommunane skal ha råderett over eiga utvikling er eit godt og viktig prinsipp for eit levande lokaldemokrati, der innbyggjarar og politikarar kan avgjera nettopp korleis deira kommune skal kunne utvikle seg. Men spørsmålet om jordvern er for viktig til at det kan overlatast til kommunepolitikarar og lokale og til dels sterke økonomiske pressgrupper.

«I mange kommunar er jordvern kjelde til nokre av dei sterkaste konfliktane og hardaste kampane.»

Oppsummert

Vern av jord

1 Stortingsfleirtalet styrkar omsynet til jordvern i plan- og byggingsloven.

Nedbygging

2 Det er eit nødvendig vedtak, fordi Noreg er langt unna målsetningane om å byggje ned mindre dyrka mark.

Nasjonalt ansvar

3 Matproduksjon er eit for viktig spørsmål til at det kan avgjerast lokalt.

Annonse

Under dekkje av å styrke det lokale sjølvstyret har regjeringa ynskt å svekkje fylkesmannens rett til å overprøve lokale vedtak om nedbygging av matjord. Samstundes veit me at både statsminister Erna Solberg og tidlegare landbruksminister Sylvi Listhaug har meint at jordvern må vike for høvet til bustadbygging og lokal utvikling i pressområda. Det gjer det vanskeleg å sjå regjeringa sin intensjon om forenkling som noko anna enn å leggje betre til rette for meir bygging på dyrka mark. Det er fint med ein nasjonal jordvernplan, men den må også synast att i praksis.

I mange kommunar er jordvern kjelde til nokre av dei sterkaste konfliktane og hardaste kampane. Bønder kan bli freista med utbetalingar på titals millionar frå ein bustadutbyggjar. Eller det kan vera ein skule som skal byggjast i Eidsvoll. Eit symjebasseng i Trondheim. Eit nytt bustadfelt i Surnadal. Eller ei ny toglinje på Jæren. Rundt om i landet vil politikarar finne mange omsyn som dei meiner bør stå over ynsket om å verne ein stor eller liten jordlapp. Men til skilnad frå staten har ikkje kommunane ansvar for å sjå nedbyggjingar i sine kommunar i samanheng med den totale nedbygginga av matjord i Noreg.

Det gjer at det ikkje bør vera opp til lokalpolitikarar, som kan ha eigne interesser i utbyggingssaker, åleine å avgjera om matproduksjon skal vike for andre interesser. I mange kommunar er det ikkje alltid samsvar mellom kva partia nasjonalt og lokalt meiner om jordvern. Ap-folk kan stå på barrikadane for nedbygging av matjord, medan dei argaste jordverntilhengarane kan koma frå Høgre. Det seier mykje om at lokale omsyn står over nasjonal politikk i jordvernspørsmålet.

Jordvern kostar storsamfunnet. Å leggje E16 mot Hønefoss i tunnel for å spara den fruktbare matjorda i Ringerike kostar langt meir enn å leggje vegen rett over kornåkrane. Nokre vil meiner at det kostar for mykje.

Men kva er – trass alt – viktigare enn å produsere mat?

Neste artikkel

Meny gir penger tilbake til angusbøndene