Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jord blir spekulasjonsobjekt

Tyder det noko kven som eig naturressursane? Sjølvsagt. No står slaget om eigarskap til jord, skog, vatn og vidde i Stortinget.

Busetjing: Bruk av naturressursar som jord, skog og utmark, har vore viktig for busetjing i distrikta. Lovendringane regjeringa føreslår kan føre til fråflytting. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Busetjing: Bruk av naturressursar som jord, skog og utmark, har vore viktig for busetjing i distrikta. Lovendringane regjeringa føreslår kan føre til fråflytting. Foto: Ketil Blom Haugstulen

For regjeringa er det nærmast ein inngripen i menneskerettane at stat og kommunar gjennom offentleg lovgiving legg avgrensingar på enkeltpersonars rett til å eige ein gard utan å bu på den. Men kvifor skal folk eige jord og skog, fjell, vatn og vidde, fossefall og elver, jaktrettigheiter og fiskerettigheiter når dei sjølv ikkje bur der? Å eige naturressursar er ikkje berre ein rett, det inneber også ei plikt til å forvalte dei til fellesskapets beste. Kvifor skal det ikkje liggje til lokalbefolkninga å ha ansvaret for forvaltning av ressursane?

Regjeringa vil liberalisere jordloven, odelsloven og konsesjonsloven for å auke omsetninga av landbrukseigedomar, som det så vakkert heiter frå den kanten. Men konsekvensen av regjeringa sine endringsframlegg gjer at jord og skog på sikt kan ende opp som spekulasjonsobjekt for investorar. Det påligg Stortinget, og særleg Venstre, å hindre at det skjer.

Noreg er på mange måtar eit spesielt land i verda. Ei av årsakene er at eigarskap til jord historisk har vore på mange hender. Ein sterk, sjølveigande bondestand har sikra ein demokratisk eigarskap, og hindra jordoppkjøp og spekulasjonar me har sett i mange andre land, til dømes vårt naboland Danmark.

Les også: Bondelaget ber KrF og Venstre stoppe konsesjonsfrislepp

Skal ein sjølveigande, mangfaldig bondestand grunnlagt på eigarskap for dei mange framleis vera eit berande prinsipp for framtida, har det nokre konsekvensar som Stortinget må ta inn over seg i behandlingane av lovendringane. Det regjeringa i klårtekst ynskjer seg er færre jordeigarar. Konsekvensane av endringane som no ligg i Stortinget kan bli:

• 12.300 færre eigedomar underlagt lovbestemt buplikt ved overdraging til nær slekt eller ein med odel.

• 13.600 færre eigedomar med odel.

• Fjerning av priskontroll på alle eigedomar som er reine skogeigedomar.

Men er det eigentleg så viktig, då? Er ikkje endringane berre ei innrømming av at bønder ikkje lenger kan eller er interessert i å drifte ein gard med 30 mål dyrka mark? At folk eigentleg ikkje vil bu der ute i fjordarmane og oppe i fjelldalane, og at staten difor ikkje bør kunne tvinge dei til det?

«I urolege økonomiske tider er jord, skog og vatn ei sikker investering.»

Oppsummert

Eigarskap

1 Norsk eigarskap til jord, skog, fjell, vidde og vatn har historisk vore fordelt på mange små, sjølveigande bønder.

Endringar

2 Under dekke av å få fleire eigedomar i sal, har regjeringa føreslått lovendringar som vil kunne gjera naturressursane om til reine investeringsobjekt.

Mange eller få?

3 Stortinget må spørje seg sjølv om dei vil ha eigarskap for dei få, eller for dei mange.

Annonse

«Buy land, they're not making it anymore», sa Mark Twain, forfattaren av bøkene om Tom Sawyer og Huckleberry Finn. Twain, som døydde i 1910, har fått globalt gjennomslag. Over heile verda, også i Europa, har investorar og finansspekulantar gjort sitt inntok på eigarskapssida, som Nationen i fjor synte med serien «Kven skal eige jorda?». I Danmark har pensjonsfond kjøpt opp konkursråka mjølkebruk. I Romania har eit skatteparadisregistret norsk selskap kjøpt opp jord. I Skottland kjøper utanlandske milliardærar opp godseigedomar. Store naturressursar går til utanlandsk kapital og rikfolk, naturressursar som kunne og burde vorte brukt til lokalbefolkninga si nytte og forvaltning.

Rett nok skil Noreg seg frå desse landa ved at det er lite dyrkbar mark her til lands. Men me har mykje skog. Me har store utmarksressursar. Vassressursar. Alt er fornybare ressursar som det i framtida vil bli større etterspurnad etter, og som vil stige i verdi, når etterspurnaden etter fornybar energi, biodrivstoff og mat aukar. I urolege økonomiske tider er jord, skog og vatn ei sikker investering, sjølv om avkastinga i fyrste omgang ikkje er så stor.

Les også: – Regjeringa teller forslag, ikke nederlag

Å fjerne buplikt frå vel 12.000 eigedomar vil ikkje få fortgang i sal av jordbrukseigedomar. Derimot vil endringa få fortgang i fråflyttinga. Når eigarane ikkje lenger treng å bu på småbruket, kan dei med all rett, om regjeringa får det som dei vil, bruke gardsbruket som fritidsbustad. Årsaka til at mange ikkje ynskjer å selje er ikkje pengar, men at dei ikkje vil selje familiegarden ut av slekta.

Ifylgje Bondelaget vil konsekvensen av lovframlegga bli at 60 prosent av landbrukseigedomane blir unnateke konsesjonsloven. I dei strøka av landet der eigedomane er små, blir prosentdelen endå høgare. Så store omleggingar vil føre til endringar i fleire bygder, der utviklinga av lokalsamfunna og forvaltning av ressursane ikkje vil skje på bakgrunn av dei som faktisk bur og lever der.

Sjølv om regjeringa har fjerna dei mest kontroversielle endringane, vil dei framlagde endringane, om dei går gjennom i Stortinget, kunne endre eigarskapsstrukturen radikalt over tid. Og, som bonden som må tenkje langsiktig i si forvalting av ressursane, må Stortinget i si behandling sjå kva konsekvensar lovendringane gir på lang sikt. Det ligg potensielt store, framtidige inntekter i å sikre seg rettigheiter til jakt og fiske, og til eigedomar som om nokre år kan omdefinerast til andre føremål enn å produsere mat. Det kan altså bli enklare å plassere pengar i jord, utan å produsere mat, og det blir enklare for kapitalinteresser å kjøpe opp jord.

Er det denne utviklinga Venstre vil ha?

Neste artikkel

Senterpartiet har ikke blitt målt så lavt på nesten tre år