Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgre mot Sp: Eit varsla distriktsoppgjer

Høgre kan ikkje leva med årsaka til Senterpartiets framgang: Høgres eigne reformer. No byr partiet opp til kamp i bokseringen.

Mostandarar: Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum og Høgre-leiar Erna Solberg går ut i kamp om distriktsveljarane. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

«Der me ser moglegheiter, ser Senterpartiet berre problem». Orda fall under den siste dagen på Høgre-landsmøtet, og kom frå Buskerud-representanten Trond Helleland. «Utviklinga i Distrikts-Noreg er heilt fantastisk», heldt han fram.

Sjølv om Høgre ikkje har mista så mange veljarar til Sp som andre parti, har partiet endeleg funne ut at det ikkje kan leva med årsaka til Sp sin framgang: Kritikken av Høgres mange reformer. No rustar Høgre opp distriktskampen mot Sp. Det er eit venta oppgjer.

Sp har fossa fram på meiningsmålingane i vinter. Partiet har førebels løfta seg frå 5,5 prosent i 2013, som var det lågaste resultatet nokon gong i eit stortingsval for partiet, til ein dobling på nokre meiningsmålingar. I mange bygder har motstanden mot reformene vekse. Høgre vil forklare det med frykt for endring. Men å karakterisere potensielle veljargrupper som redde og kunnskapslause er inga god oppskrift. Difor må distriktsveljaren overtydast.

Låg arbeidsløyse. Ein landbrukspolitikk som gir betre inntektsutvikling, auka produksjon og færre nedlagde gardsbruk. Skattar og avgifter, som formuesskatten, som tappar næringslivet i distrikta for milliardar. Ifylgje finnmarkingen Frank Bakke-Jensen betaler Nord-Noreg inn 600 millionar kroner i formuesskatt, som han kallar ein svært sentraliserande grep.

Utflytting av statlege arbeidsplassar. Meir pengar til samferdsel, i staden for pengar til program "som skal skapa bulyst". Planar for produksjon av biodrivstoff, basert på norsk skog. Fylkesmannen grip i langt mindre grad inn mot kommunale vedtak.

Lista over konkret politikk Høgre no køyrer ut mot Sp er lang. Kommunalminister og bærumingen Jan Tore Sanner har hatt avgrensa evne til å mobilisere potensielt nye distriktsveljarar. Å stemple Sp som gamaldags har openbert ikkje verka. Difor er det sluggerane Trond Helleland (parlamentarisk leiar og hallingdøl) og Frank Bakke-Jensen (Europaminister og båtsfjording) som skal i ringen mot Sps Trygve Slagsvold Vedum og Marit Arnstad. Helleland har til og med stole Vedums retorikk om kaffelattedrikkarane på Grünerløkka: Han åtvarar veljarane mot å gi venstresida – dei kaffelattedrikkande SV'arane og MDG'arane – ei hand på rattet i distriktspolitikken, som han meiner blir ein konsekvens om Sp kjem i regjering.

Forteljinga Høgre no presenterer er at det går godt i Distrikts-Noreg. At reformene på sikt vil gjera det endå betre å leva i distrikta. At ein god skulepolitikk også er god distriktspolitikk. At god eldreomsorg også bra for distrikta.

«Å karakterisere potensielle veljargrupper som redde og kunnskapslause er inga god oppskrift.»

Oppsummert

Sp-framgang

1 Dei mange reformene Høgre/Frp-regjeringa har lagt fram har gitt Sp oppsving på meiningsmålingane.

Sentrum viktig

2 Sentrumspartia er ein maktfaktor i norsk politikk, ved at ei regjering – uavhengig av farge – nødvendigvis må søkje støtte med eitt eller fleire sentrumsparti.

Kvesser knivane

3 Sp-framgang kan sikre regjeringsskifte. Difor skjerpar Høgre no kampen mot Sp om distriktsveljarane.

Annonse

Utfordringa til Høgre er at det er vanskeleg å bevise at verda blir betre, når utfordringane som skal løysast med strukturane til dels ligg langt fram i tid. Det er ikkje lett for verken Høgre eller samanslåingsvillige lokalpolitikarar å overtyde veljarane om at «jo, sjølv om dei kommunale tenestene i dag er gode, vil kommunane på sikt – om 10–15 år – ikkje klare å levere gode tenester». Skal ei regjering gjennomføre store endringar, må ein kunne vente at det blir dokumentert at endringane vil føre til betringar. Det er her Høgre til no har feila.

Høgre har sjølvsagt rett i at også distrikta skal ha gode skular, fritidsordningar og sjukeheimar. Det er vel knapt eit parti på Stortinget som er usamd i det. Men det er den store maktanalysen Sp førebels har vunne oppslutning på.

I dette valet, som så mange andre stortingsval i norsk historie, vil sentrumspartia sin skjebne avgjera fargen på regjeringa. I alle fall om me skal ha ei regjering som har fleirtal i Stortinget, eller som styrer på ein samarbeidsavtale. Styrkeforholda mellom sentrumspartia Sp, Venstre og KrF vil difor kunne avgjera kva regjering me får til hausten.

I distrikta er framleis mange Sp-veljarar kritiske til statleg styring, til verneplanar og "alt snakket" om kollektivtransport og miljø. Det er vanskeleg å ta bussen når det ikkje går nokon buss.

I skjeringspunktet mellom Høgre og Sp finst det mange felles saker. Ein næringspolitikk for heile landet. Ein skattepolitikk som ikkje råkar bedriftene – om det er store eller små – si evne til utvikling, trygging og skaping av nye arbeidsplassar. I mange distriktskommunar er skilnaden mellom Høgre og Sp langt mindre enn den er rikspolitisk, og det kan vera tilfeldig om folk blir Høgre- eller Sp-folk. Og det er no her – midt i Senterpartiets solar plexus – Høgre no prøver å få inn eit slag.

Neste artikkel

KrF mindre villig til å legge ned tingretter enn Høyre