Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har vi ikkje råd til medisinar?

Kor mange pengar skal det offentlege bruke på eit enkeltmenneske kvart år?

Stor utgiftspost: Me brukar titals milliardar på helsesektoren, inkludert sjukehusa. Er det slik at me ikkje vil ha råd til det i framtida? Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Stor utgiftspost: Me brukar titals milliardar på helsesektoren, inkludert sjukehusa. Er det slik at me ikkje vil ha råd til det i framtida? Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det er i all hovudsak kva debatten om dyre medisinar og sjeldne sjukdomar handlar om.

Det er ein rå og brutal debatt. Det er umogleg at ikkje enkeltmenneske blir råka. For det er jo menneske av kjøt og blod det handlar om. Ingen robotar får muskelsvinn, brystkreft, ALS eller diabetes 2.

Leiaren i Agderposten måndag 11. desember stiller spørsmålet «Kan det bli for dyrt å gi økt livskvalitet og forlenget liv til svært syke barn?». Mange reagerer nok på at spørsmålet i det heile teke blir stilt. Likevel er det eit modig spørsmål. Kor mykje skal det koste å halde nokon i live eit par år ekstra? Summen burde det knappast vera mogleg å koma fram til, men det er det Beslutningsforum har gjort.

Som med alt anna i helsevesenet handlar det om prioriteringar. Skal det brukast millionar per år i medisin til éin person, tyder det at andre pasientar innanfor systemet må prioriterast ned. Ei brutal sanning, per i dag.

Beslutningsforum, som i dag er det forumet som avgjer om staten skal godkjenne bruk av dyre medisinar, består av direktørane frå dei regionale helseføretaka. Det er ikkje sikkert at det er ein god modell. Direktørane skal svara for sine store og tunge budsjett. Vedtak som dei veit vil skapa problem, vil då nettopp vera vanskeleg for dei å gjennomføre.

Som til dømes i debatten om medisinen Spinraza, som Beslutningsforum har godkjent blir brukt som medisinering i Noreg, samstundes som at dei seier nei til prisen. Altså vil ikkje medisinen bli brukt. Bukken bør som kjend ikkje setjast til å passe havresekken.

Difor bør det vurderast ei anna organisering av Beslutningsforum. Konsekvensen det å seia ja eller nei til dyre medisinar har for enkeltpersonar, blir til slutt ei politisk sak. Difor bør også avgjera vera underlagt politisk kontroll, til dømes Helse- og omsorgsdepartementet.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er risikoen for å døy av hjarte- og karsjukdomar halvert dei siste 20 åra. Kreftrisikoen er redusert med 16 prosent. 46 prosent av alle dødsfall før fylte 70 år kan forklarast ut frå usunt kosthald, overvekt, tobakk, låg fysisk aktivitet, og alkohol- og narkotikabruk, ifølgje ein uttale frå Folkehelseinstituttets Stein Emil Vollset i fjor.

Kanskje er det på tide å innsjå at helsesektoren treng ein større del av budsjettkaka i Noreg.

Oppsummert

Dyre medisinar

1 Beslutningsforum, som avgjer om det offentlege skal bruke pengar på dyre medisinar, seier nei til prisen på medisinen Spinraza.

Må presse industrien

2 Samstundes seier dei ja til sjølve medisinen. Noreg må samarbeide på tvers av landegrenser om innkjøp av medisinar, slik Bent Høie har teke til orde for.

Kostar for mykje?

3 Om ikkje «verdas rikaste land» har råd til å kjøpe dyr medisin – kven skal ha det då?

Annonse

Talet på folk som får diabetes type 2 er i vekst. Men kan me risikere at pasientar med livsstilsrelaterte sjukdomar, som kreft og diabetes 2, blir avkrevd ein høgare eigendel i framtida?

Er det til dømes ein logikk i at folk som uforskyldt blir fødde med spinal muskelatrofi (SMA) ikkje skal få tilgang til medisinen Spinraza på det offentlege si rekning, medan folk som har levd i sus, dus og rus, levd usunt, knapt nok teke ein trimtur i løpet av livet, skal få dekt behandling for – truleg sjølvforskylde – livsstilssjukdomar?

Eller vil det utvikle seg eit endå større klasseskilje mellom folk som treng medisinar og behandling? Når det offentlege skrur att krana, set opp prioriteringslister og ikkje vil betala for livsnødvendige medisinar er det nettopp det som vil skje. Dei som har råd til å leggje ut sjølve, kan leva litt betre, litt lengre. Dei som ikkje har pengane, må finne seg i eit dårlegare og kortare liv.

Kanskje er det på tide å innsjå at helsesektoren treng ein større del av budsjettkaka i Noreg. Det må nødvendigvis gå på kostnad av noko anna – som til dømes skattelette. Det kan verkeleg ikkje kjennest bra å ikkje få tilgang til livsviktig medisin på grunn av manglande pengar, når dei rikaste mellom oss har fått skattelette så det held.

Om staten skal betale for dyre medisinar blir gjort om til eit spørsmål om etikk og menneskeverd på den eine sida. På den andre sida står behovet for faktisk å måtte ta overordna ansvar. Det er ikkje sikkert at alle skal få den hjelpa dei vil ha. Kanskje er det for dyrt. Kanskje er blir det endå dyrare å la vera. Helseminister Bent Høie ynskjer seg eit nordisk innkjøpssamarbeid. Det er eit godt tiltak for å redusere legemiddelindustrien si forhandlingsmakt.

I framtida blir det kanskje mogleg å skreddarsy medisinar til kvar enkelt av oss. Forsking og utvikling av medisinar og teknologi vil berre halde fram. Det tyder at medisinane ikkje nødvendigvis blir billigare per person, uavhengig om diagnosen er sjeldan eller ikkje.

Om ikkje «verdas rikaste land» har råd til å kjøpe dyr medisin – kven skal ha det då?

Neste artikkel

En matnasjon må passe på grunnmuren