Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gigantane snakkar for seg

Så fort det er noko på gang i daglegvarebransjen, rører særinteressene på seg. Ikkje så rart, sidan det står om svært mykje pengar og makt.

Mann med makt: Konsernsjef Runar Hollevik i Norgesgruppen tykkjer ikkje noko om framlegget om å forby prisdiskriminering. Truleg vil Norgesgruppen tape på eit slikt framlegg. Foto: Siri Juell Rasmussen
Mann med makt: Konsernsjef Runar Hollevik i Norgesgruppen tykkjer ikkje noko om framlegget om å forby prisdiskriminering. Truleg vil Norgesgruppen tape på eit slikt framlegg. Foto: Siri Juell Rasmussen

Slik har det vore, og slik vil det framleis bli, sjølv om den konkrete saka ein jobbar for eller mot, endrar seg. Tidlegare har det vore lov om god handelsskikk. Daglegvareombod. Marknadsregulering av jordbruksvarer. Denne gongen er det om det skal innførast eit forbod mot prisdiskriminering, altså om dei store leverandørane skal kunne gi ulike prisar til ulike kundar.

Det er ikkje sikkert at eit forbod mot prisdiskriminering er svaret. Norgesgruppen har rett i dét, men fremjar få tiltak sjølve til korleis konkurransen kan bli betre i høyringa om etableringshindringar i daglegvarebransjen. Norsk landbruk bør derimot merke seg at Norgesgruppen støttar utgreiing av tollvernet.

Kjedene har eit intrikat system av bonusar og rabattar som leverandørane må gi for å få plass i butikkane. I tillegg kjem joint marketing, altså midlar til marknadsføring. Desse midla er det ingen som har oppsyn med, bortsett frå avtalepartane sjølve. Dét er nok også årsaka til at Dagligvareleverandørenes Forening, som organiserer over 100 små og store leverandørar, føreslår regulering av denne typen økonomiske ytingar.

For tre år sidan innrømma Orklas konsernsjef Peter A. Ruzicka overfor NRK at Orkla betalar eit "milliardbeløp" i bonusar og rabattar for å koma inn i daglegvarekjedene. "Det har utviklet seg et system i denne bransjen over tid, som jeg mener er blitt usunt", sa Ruzicka.

Ei utgreiing om ei eventuell innføring av prisdiskriminering må ta alt dette opp i seg. Det har inga verdi å gje dei store leverandørane påbod om å selje ein liter mjølk for 11 kroner, eller 400 gram kjøttdeig for 25 kroner, om dei same leverandørane må betala dei største kundane sine på andre vis.

Eigentleg burde det ikkje vore noko problem å selje same vare til ulik pris. Kjøper du stort, må du kunne rekne med å få kvar einheit til ein lågare pris, enn om du kjøper lite. Debatten om prisdiskriminering må difor sjåast i lys av at maktforholda er så skeive.

Korleis aktørane driv arbeidet har me fått eit innblikk i gjennom saker i Aftenposten og Dagens Næringsliv.

Konsernsjef Runar Hollevik i Norgesgruppen seier til Dagens Næringsliv "Vi registrerer at forslaget som er oppe nå har vært fremmet i flere omganger tidligere av Orklas styreleder.", altså Stein Erik Hagen. Direktør Bård Gultvedt i Norgesgruppen seier det same i Aftenposten. Hagen sjølv kunne derimot fortelje at han ikkje har tru på eit slikt framlegg, men er positiv til utgreiing. Som dei fleste er.

Debatten om regulering av matmarknaden er ei historie om politisk veikskap.

Oppsummert

Regulering eller ei

1 Kor mykje, og med kva tiltak, skal daglegvarebransjen regulerast?

Ikkje samde

2 Debatten om daglegvarebransjen og makt har flytta seg svært lite på sju år. Det er grunn til å spørje kvifor.

Politikk

3 Mykje handlar om politikk og om påverknad. Det er på tide at politikarane får eit overblikk.

Annonse

I Aftenposten førre veke kunne journalist Marita Valvik presentere ein rapport som Norgesgruppen har fått professorane Erling Hjelmeng og Nils-Henrik von der Fehr til å utarbeide. Rapporten er kritisk til prisdiskrimineringsforbod, men var ikkje tilgjengeleg for dei fleste journalistar før torsdag ettermiddag 22. mars. Norgesgruppen hadde derimot sendt ut rapporten til stortingspolitikarar, og slik hadde Aftenposten fått tak i rapporten.

Det står sjølvsagt kvar ein aktør fritt til å sende informasjon og ha møte med stortingspolitikarar for å fremje synet sitt, uansett om det er ein liten, frivillig organisasjon eller Norgesgruppen. Men Hollevik omtalar den nemnde rapporten som "faktainformasjon". I røynda er den bestilt inn frå nokon der ein meir eller mindre veit på førehand hva konklusjonen vil bli.

Erling Hjelmeng leia både Daglegvarelovutvalet og Balanseringsutvalet. I arbeidet med sistnemnde rapport kom det fram at Hjelmeng sjølv er skeptisk til tiltak som hindrar "den frie konkurranse", som til dømes marknadsregulering av jordbruksprodukt. Rapporten til Norgesgruppen må lesast i dette lyset.

Når Høgre og Ap tyr til eit mogleg forbod mot prisdiskriminering, er det eit resultat av mangeårig politisk pingpong om korleis daglegvarebransjen bør regulerast. Og om den i heile teke bør det. Debatten om regulering av matmarknaden er ei historie om politisk veikskap.

Forbod mot prisdiskriminering er eit dramatisk tiltak. Når dette framlegget likevel blir reist av dei to største partia på Stortinget, er det fordi regjering og Storting har valt å kaste vekk svært mange andre verktøy.

Når problemet, som heiter manglande konkurranse, framleis ikkje er løyst, må ein faktisk bruke det som ligg att på botnen av verktøykassa. Som å greie ut eit forbod mot prisdiskriminering.

Neste artikkel

Tilbakeblikk: Når en fagsnoker søker kunnskap hos folk flest