Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fri flyt av gift

Så kom den til Noreg til slutt. Den store eggskandalen. Nok ein gong ser me dei vidtrekkjande konsekvensane av frihandel med mat.

Giftig stoff: Det giftige stoffet fipronil har vorte funne egg og hønekjøtt i (minst) 19 land, sjølv om det er ulovleg å bruke det i husdyrproduksjon. Foto: Colourbox
Giftig stoff: Det giftige stoffet fipronil har vorte funne egg og hønekjøtt i (minst) 19 land, sjølv om det er ulovleg å bruke det i husdyrproduksjon. Foto: Colourbox

Millionar av egg har dei siste vekene vorte trekte attende frå butikkhyllene i Europa. Det giftige stoffet fipronil er førebels funne att i egg og andre matvarer som inneheld egg i minst 19 land, og skandalen strekkjer seg så langt som til Hongkong.

Eit av dei siste landa ut på lista er Polen, der det for nokre dagar sidan vart funne fipronil i fjørfekjøtt importert frå Tyskland i juli. Ifylgje den tyske radiokanalen MDR Thüringen skal det vera kjøtt frå verpehøner som har gått ut av eggproduksjon.

Eggskandalen – eller giftskandalen – som fleire no omtalar den som, vart rulla opp ved ein tilfeldigheit. Eller rettare sagt, ved eit tips til det nederlandske mattilsynet i fjor haust. Rett nok feila tilsynet i Nederland å gå grundigare til verks i fyrste omgang. Til dømes varsla ikkje det nederlandske mattilsynet nabolanda om det anonyme tipset.

Men alarmen gjekk til sjuande og sist likevel, mellom anna etter at ein belgisk bonde på eiga hand utførte ein fipronil-test i vår.

Sidan har det berre vorte verre og verre for hundrevis av eggprodusentar i Belgia og Nederland. Og for produsentar av alt frå majones og sandwich, til Orklas dressingar for den norske marknaden. Altså i praksis all mat som kan innehalde egg og fjørfekjøtt frå bønder som har brukt desinfeksjons- og insektmiddelet Dega 16.

Nett som med hestekjøttskandalen i 2013, avdekkjer også denne skandalen korleis råvarer og behandla matvarer kryssar landegrensene. Og kor vidtrekkjande konsekvensar det får når enkelte selskap juksar.

Giftskandalen kan per i dag førast attende til to selskap: Det belgiske selskapet Poultry-Vision, som produserer insektmiddel for husdyr, og det nederlandske selskapet ChickFriend, som gjennomfører «avlusing» og desinfisering av verpehønsbesetningar og -fjøs.

To representantar for ChickFriend, som no er arrestert, skal ha lova eggprodusentane i Nederland at den «hemmelege oppskrifta» deira garanterer middfrie besetningar i åtte månader. Det dei ikkje sa, var at oppskrifta til Dega 16 inneheldt fipronil.

• Les også: Nytt insektmiddel funnet i storfe

Fleire hundre verpehønsbesetningar kan altså i månadsvis – kor lenge veit me eigentleg ikkje – ha vorte behandla med dette forbodne stoffet. Fipronil skal vera meir effektivt i bruk mot raud hønsemidd, som er eit blodsugande edderkoppdyr og relativt vanleg å finne i hønsebesetningar, enn andre alternativ.

Sporbarheit og kontroll øydelegg nemleg for målet om fri flytt av varer.

Oppsummert

Endå ein gong

1 I Europa blir det endå ein gong rulla opp ein stor matskandale, som kan sporast attende til rein kriminalitet.

Ulovleg middel

2 Fipronil, som er ulovleg å bruke på husdyr og i matproduksjon, er finne att i mat i fleire land, inkludert Hongkong.

Strengare reglars

3 Matindustrien må no stille seg i spissen for auka kontroll og sporbarheit av råvarer og matvarer.

Annonse

Medan fipronil er vanleg i behandling av katt og hund, er det ulovleg i EU å bruke det i husdyrproduksjon fordi det er farleg for menneske. Stoffet kan skade lever, skjoldbruskkjertel og nyre. Førebels har skandalen kosta fjørfebransjen over 300 millionar kroner, men summen er venta å stige.

Europeisk matindustri har diverre i utstrekt grad motsett seg krav om sporbarheit og produksjonskontroll. I dag er det berre ubearbeidd kjøtt som har krav om opphavsmerking. Sporbarheit og kontroll øydelegg nemleg for målet om fri flyt av varer.

Eit for detaljert regelverk er såkalla konkurransevridande, og det er ikkje eit mål for EU å leggje avgrensingar på at selskapa fritt kan kjøpe råvarer og ingrediensar til bearbeidd mat på den opne, europeiske marknaden. Men når fipronilskandalen er så omfattande, syner det at det trengst strengare kontroll.

• Les også: Eggskandalen gav ny giftvurdering i Tyskland

Fordi det er mogleg å jukse innanfor dagens system, sjølv om EU sjølv hevdar at dei har noko av verdas strengaste regelverk. Det er avgjerande for oss som skal kjøpe og eta maten at selskapa har kontroll på kvar råvarene kjem frå, og korleis dei er produsert. I denne saka er det ikkje nødvendigvis snakk om at det er matindustrien eller bøndene sjølve som har teke snarvegar.

Men nokon må også kontrollere leverandørane til landbruket. For Poultry-Vision og ChickFriend visste at det er ulovleg å bruke fipronil. At dei likevel har valt å gjera det, syner kor lett det er å drive med kriminalitet, utan at ein nødvendigvis blir oppdaga.

Noko av det mest alvorlege, utan om sjølve bruken av fipronil, er korleis belgiske og nederlandske styresmakter alt i juni var klar over funn av fipronil. Det er også alvorleg at belgiske styresmakter lenge nekta for at det er farleg å eta egg som inneheldt fipronil.

Orkla skal ha ros for å på eiga hand undersøkje om deira produkt kan innehalde fipronil. Men det skulle då berre mangle. Så bør det neste spørsmålet Orkla stiller seg vera kvifor dei ikkje bruker norske egg i dressingen sin.

Me skal ha ein viss tiltru til matindustrien, men me kan altså ikkje vera sikre på at det ikkje finst aktørar som vel kortvegen til profitt og billig mat. Og som dermed vel å jukse på vegen mot effektivisering og auka inntening. Matbransjen sjølv må stille seg i spissen for registrering, kontroll og sporbarheit. Ja, det kostar. Men alternativet er å gamble med liv og helse. Det kostar det, også.

Neste artikkel

Skandale i Roquefort