Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå avmakt til makt over maten

Kor mykje makt skal matkjedene ha? Svaret på spørsmålet kan KrF-leiar Knut Arild Hareide sitje med.

Matmakt: KrF-leiar Knut Arild Hareide kan sitje med nøkkelen til korleis matmakta betre kan fordelast. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Med nytt stortingsfleirtal opnar det seg nye moglegheiter til å ta opp att saker som fekk ein noko lemfeldig behandling i førre stortingsperiode. Eit døme er lov om god handelsskikk, som Venstre gravla i ein noko merkeleg prosess hausten 2015. Lov om god handelsskikk bør vera høgt på lista over saker KrF og partileiar Knut Arild Hareide kjenner eit ansvar for.

KrF, SV, Ap og Sp har alt brukt fleirtalsmakta si til å vedta at det skal etablerast nye kornlager for å sikre nasjonal matberedskap. No bør makta nyttast til å få kontroll over matmakta.

For ei EU-venleg regjering må det vera eit paradoks at EU er langt meir offensive enn Noreg på å avgrense matmakta. Fleire EU-land har innført eit lovverk for god handelsskikk i daglegvarebransjen. No melder Dansk Handelsblad at EU-kommisjonen i løpet av våren skal leggje fram ein lov som skal sørgje for god forretningsskikk i daglegvarebransjen. Saka har vore ei av hovudprioriteringane til EUs landbruksminister Phil Hogan. I Noreg har det derimot vore stille lenge, sjølv om det er langt frå stille på bakromma.

Det er utviklinga i bransjen kvar dag eit døme på. No sist med at Nortura er i ferd med å fullføre overgangen til grossiststyrt distribusjon, noko selskapet varslar at dei taper pengar på. "Ei av utfordringane er å få ein flyt slik at vara når ut til rett tid til rett verdi", seier konsernsjef Arne Kristian Kolberg til Nationen. Og vidare "Viss vi ikkje får til ein berekraftig distribusjon, og kjem opp av dumpen, så er vi i ein alvorleg situasjon".

Det er ein grunn til at Tine som eitt av stadig færre selskap insisterer på å halde på distribusjon av varene sine. Når leverandørane overlèt distribusjonen til kjedene, har kjedene sikra seg kontroll over nok eit verdiskapande ledd. Men kva gjer ein leverandør, om alternativet er å få færre varer inn i butikkhyllene? Til sjuande og sist taper ein vel meir pengar på det?

Kjedene tek i større grad styring over vareflyten, og kontrollerer i endå større grad prisinga av varer. Dei kontrollerer også i større grad kva som skal ut i butikk. Og det er ikkje sånn at Norgesgruppens dotter- og distribusjonsselskap Asko ikkje tener pengar på logistikkverksemd. Asko skal også ha sin del av kaka, og dei vil stadig ha eit større kakestykke.

Eigendistribusjon – at leverandørane sjølv køyrer varene sine – har noko for seg. Ein større del av verdiskapinga blir nemleg verande att hos leverandøren, som altså er den som driv med produktutvikling, investeringar i maskinar og anlegg, som byggjer fabrikkar og kjøper inn råvarene.

Går du rundt i ein Kiwi-butikk i dag, til dømes, er det knapt nok mogleg å finne merkevarer i kjøttdisken.

Oppsummert

Altfor mykje avmakt

1 Noreg er ei sinke i arbeidet med å sikre god handelsskikk i daglegvarebransjen.

Ny lov i EU

2 EU-kommisjonen, derimot, skal etter planen leggje fram eit lovframlegg i vår.

KrF må ta tak

3 Det bør inspirere KrF og Knut Arild Hareide til å på ny løfte spørsmålet i Stortinget.

Annonse

Dagligvareleverandørenes Forening føreslo i fjor at det burde vera fri konkurranse på distribusjonsleddet. Då kunne distributørane, inkludert daglegvarekjedene sine selskap, levert anbod og konkurrert på lik linje med andre selskap. Kanskje kunne ein også fått inn distributørar som er i andre marknader, men som er uavhengige av kjedene. Det er eit godt framlegg, om enn ikkje så enkelt å vedta konkurranse.

Dei seinaste åra har det også vore ein sterk vekst i daglegvarekjedene sine eigne merkevarer. Særleg i kjølehyllene for kjøtt er det langt mellom at du ser namna til merkevareleverandørane.

Går du rundt i ein Kiwi-butikk i dag, til dømes, er det knapt nok mogleg å finne merkevarer i kjøttdisken. Det meste er "Folkets" eller FirstPrice, som er Norgesgruppens eigne merkevarer – rett nok i stor grad levert av Nortura. Og om det er norsk eller ikkje må du ha med deg forstørringsglas for å finne ut av. Ikkje ser pakningane særleg pene ut heller, sjølv om det er underordna her.

Vil du ha ein kotelett eller økologisk kjøttdeig frå Gilde? Det er ikkje å finne på Kiwi, i alle fall. Me har mindre og mindre fridom til å velje kva me vil kjøpe. Aller best såg me matmakta i fjor haust, med eit aukande overskot av lamme- og sauekjøtt på lager medan det knapt var å finne i butikk.

Det du heller ikkje finn på Kiwi, eller i andre Norgesgruppen-butikkar eller Coop-butikkar, er økologisk mjølk frå Tine. For all del, det er fint med Rørosmeieriet si økologiske mjølk, men du som forbrukar kan altså ikkje velje om du vil ha Tine eller Rørosmeieriet. Kvifor er det ikkje plass til begge?

Verken forbrukarar, industri eller bønder tener særleg mykje i det lange løpet på at kjedene stadig får meir makt. Det bør Knut Arild Hareide merkje seg.

Neste artikkel

Ett blått og fem røde delegater fra Oppland KrF