Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den uetiske matproduksjonen

Drektige hopper, tappa for blod, som totalt utmatta knekk saman under slag frå menneske. Dumpa kyr som flyt i hamn i Skåne. Gjæser, innelåst i små bur og tvangsfôra for å få størst mogleg lever. Velkomen til den verkelege verda.

Døde kyr: Dei daude kyrne som i 2014 flaut i land Sverige hadde lidd før dei vart dumpa frå eit libanesisk transportskip. Johan Nilsson / TT / NTB scanpix

Dei som hugsar Matrix-filmane, hugsar også det heilt essensielle valet Neo, alias Thomas Anderson, tok mellom den blå og den raude pilla. Den blå pilla ville føre Neo attende til maskinene si verd, der menneska var kopla til eit dataprogram som skjula at dei i verkelegheita var levande batteri som produserte energi for maskinene. Motsett ville den raude pilla føre Neo inn i verda slik ho verkeleg var.

Mange føretrekkjer nok å vita minst mogleg om korleis maten me et blir produsert. Men mange ynskjer også å bli opplyst om korleis dyrehaldet er, og kva etiske verdiar som ligg til grunn for kjøttproduksjonen. Neste gong eg er i Tyskland og lurer på om eg skal velje svinekjøtt frå menyen, kjem eg definitivt til å tenkje på drektige hestar på ein farm i Argentina eller Uruguay. Sist eg var i Tyskland var ikkje dette noko eg tenkte over. I mi uvitenheit var ikkje eg klar over at hormonet PMSG, som kjem frå drektige hestar, er vanleg å bruke i tysk svineproduksjon for å sørgje for at purkene raskare kan bli drektige etter kvar grising.

Velkomen til ei verd der frihandel med mat og krav om effektiv matproduksjon hindrar reglar for dyrevelferd.

Vinteren 2014 flaut nokre daude kyr i land i Danmark og Sverige. Øyro var klipt av for å hindre identifisering, men på ei ku sat det att ein metallchip som gjorde det mogleg å identifisere kyrne til det kanadiske selskapet Eastgen. Kyrne hadde vorte dumpa frå det libanesiskregisterte Abou Karim IV, som frakta levande kyr frå USA og Canada til Russland og Kasakhstan. Ifylgje den svenske avisa Lantbruk var nokre av kyrne i så dårleg forfatning at russiske veterinærar ikkje ville la dei gå i land.

Då obduksjonsrapporten for tre av kyrne låg klar, synte den at kyrne hadde gått gjennom grufulle lidingar. Blodig tarmkatarr, indre blødingar og stresskadar på hjartemuskelen. Ei ku var truleg klemt i hel. Frakt av levande dyr over Atlanteren, frå Australia til Midt-Austen eller Søraust-Asia, er ein milliardindustri, ofte på kostnad av velferd for dyra om bord. Regelverket er uklart. Eksportøren er ikkje underlagt nasjonale reglar frå landet dyra blir skipa ut frå. Dyra er mesteparten av tida i internasjonalt farvatn. Mottakarlandet har gjerne heilt andre standardar for dyrevelferd enn vestlege land.

Eit internasjonalt regleverk for dyrevelferd i matproduksjonen finst ikkje. I frihandelsavtalane er føremålet å sikre frihandel med mat, der god dyrehelse blir sett på som ein ulempe som hindrar fri konkurranse mellom land. EU-kommisjonen vil ikkje stille særskilde krav til importen av PMSG fordi EU fryktar bråk frå WTO. Innanfor EU er det opp til kvart enkelt land å leggje målsetningar for bruk av antibiotika preventivt i kjøttproduksjonen. Preventiv bruk av antibiotika gjer at produsentane kan drive kvart dyr meir intensivt. Fleire dyr på eit mindre areal. Baksida er sjølvsagt ikkje berre dårleg dyrevelferd, men også utvikling av antibiotikaresistente bakteriar, som har vorte ei av vår tids største helseutfordringar.

«Velkomen til ei verd der frihandel med mat og krav om effektiv matproduksjon hindrar reglar for dyrevelferd.»

Oppsummert

Frihandel

1 Grunnsetninga for den internasjonale frihandelen med mat er å produsere mat billigast mogleg.

Manglar

2 Det manglar eit internasjonalt regelverk i WTO som legg dyrevelferd til grunn som eit kriterium for matproduksjon.

Kostnad

3 Det gjer at matproduksjonen blir eit kappløp mot botnen, som til sjuande og sist får konsekvensar for helsa vår.

Annonse

I Sverige, eit av landa med minst antibiotikabruk i landbruket, taper bøndene i konkurranse med produksjonar i andre land i Europa, som bruker langt meir antibiotika. Sjefen for EUs matorgan EFSA, Bernhard Url, sa i eit intervju med Nationen i fjor at det ikkje er aktuelt å setje eit tak på antibiotikabruk frå EU si side. «Dersom et dyr er sykt, må det behandles», sa Url. Ifylgje statistikken frå EU sitt legemiddelorgan for antibiotika i matproduksjon (kjøtt og fisk) brukte Spania desidert mest antibiotika, med 419 milligram antibiotika per kilo biomasse i 2014. Italia brukte 360 milligram, medan Noreg og Sverige brukte høvesvis 3,1 milligram og 11,5 milligram per kilo.

Er kyrne og grisane i Italia og Spania verkeleg så mykje sjukare enn dei norske og svenske? Eller handlar det om noko så enkelt – og vanskeleg – som etikk og i kor stor grad ein let mål om profitt vera overordna produksjonen av trygg mat? Og kva retningslinjer legg norske importørar av kjøtt til grunn? Står kravet om billigmat høgast på lista? Er omsynet til korleis produksjonen skjer, med medisinbruk, hormon frå drektige hestar og så vidare med på lista til importørane i det heile?

I kjøttetarens natur ligg det nødvendigvis at maten baserer seg på å fôre opp dyr, som har føremålet å bli slakta. I frihandelsregimet er det ein konkurransefordel å pøse på med preventiv bruk av medisinar og hormon. Blod frå drektige hestar sikrar at purkene kan grise oftare enn naturen tilseier. Antibiotika gjer at bøndene ikkje treng å ta omsyn til velferda til kvart dyr i produksjonen.

Men prisen er for høg. Det er eit uetisk og farleg kappløp mot botnen.

Neste artikkel

Brexit og oss