Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Berre det beste til Pus og Passopp

Menneska har halde kjæledyr og husdyr i tusenvis av år. Like fullt skil me mellom dyr me tek opp som medlemer i familien, og dyr me utnyttar til mat. Og skiljet veks år for år.

Kjæledyr: Me brukar stadig meir pengar på kjæledyra våre. Foto: Colourbox
Kjæledyr: Me brukar stadig meir pengar på kjæledyra våre. Foto: Colourbox

I 2015 brukte nordmenn nesten ti milliardar kroner på kjæledyra. Det er berre om lag fem milliardar kroner mindre enn det den norske staten brukar på landbruket og reinnæringa over statsbudsjettet kvart år. Pus skal ha det aller beste, klatretårn og kattegras. Passopp skal ha siste nytt i pelsstell, godis og fôr, og gjerne vera så liten at han får plass i veska.

Sidan Æsops fablar – og kanskje før den tid, også – har dyr gjennom forteljingar vorte tillagt menneskelege eigenskapar. I norske eventyr og segner kan me lære noko av dyra, som i segna om myrsnipa og jegeren. Kjetta på Dovre, Hanen og høna i nøtteskogen og Kvifor reven har kvit haletipp er nokre av dei norske eventyrklassikarane der dyr spelar hovudrollene.

Eg innrømmer det; i den dyreglade familien min er det slik at kattar og hundar blir opptekne som familiemedlemer, med tobeinte syskjen, tanter og besteforeldre. Gåver til jul, og særeigenheiter som får lov til å dyrkast fram. Men det har alltid vore eit særleg skilje mellom kattane i sofaen og sauene i fjøset.

Faren min bestemte seg på eit tidspunkt for at eg skulle lære skilnaden mellom produksjonsdyr og kjæledyr.

Carola hamna difor på slakteriet til slutt, uansett kor mykje eg grein og bad. For kva var eigentleg skilnaden på kopplammet Carola og katten Sussi? Hadde eg fått lov, hadde Carola sikkert sove i senga mi på natta. Men kopplam som har gått rundt huset heile sommaren blir ikkje nødvendigvis gode søyer som skal på utmarksbeite med eigne lam året etter. Faren min fortalde om den gongen han var liten gut, og bukkekillingane i geiteflokken måtte avgå ved døden. Slik far lærte son, skal sonen læra si dotter. Som om det hjelpte Carola på vegen fram til ein fårikålmiddag ein ukjend stad i landet.

Slik er det ofte på ein gard. Du lærer å bli glad i dyra, at det å stelle godt med dei har både ein etisk og økonomisk verdi, og at det gjerne er ein samanheng der.

For dei aller fleste av oss har ikkje kjæledyra ein økonomisk verdi, men ein selskapsverdi. Likevel bruker me store summar i året på dei. Det har visstnok også vorte meir vanleg å forsikre bikkja enn poden. Uvettig avl på hundar for å få dei til å sjå søtare ut, skapar også store helseutfordringar for menneskets beste ven. Kanskje har menneska vorte dens verste ven?

Trenden om å vita kvar maten vår kjem frå, har også gjort sitt inntog i matverda til kjæledyra våre.

Oppsummert

Lang historie

1 Kattar og hundar har vore kjæledyr for menneske i tusenvis av år, mellom anna var kattar heilage i oldtidas Egypt.

Eventyrlege forteljingar

2 At dyr har vore viktige for oss, ikkje berre som produksjonsdyr, kjem til uttrykk mellom anna i norske segner og eventyr.

Mange pengar

3 Kvart år bruker me milliardar av kroner på stell, pass, mat og forsikringar av kjæledyra våre.

Annonse

Forsikringsbransjen tilrår oss å forsikre kjæledyra våre. Sjølvsagt. For dei fleste av oss er forsikring ei relativt lita årleg avgift, uansett kva me forsikrar, som nettopp skal sikre oss mot større utgifter ved skade. Ein rask nettest av Ifs katteforsikring syner at eg for 1071 kroner per år kan forsikre Veslepus. Og treng ho operasjon, dekkjer forsikringa 10.000 kroner. Det er kanskje greiast å vera på den sikre sida, eller? Døyr ho av sjukdom eller skade, får eg utbetalt ein tusenlapp, men beløpet kan ikkje vera høgare enn «kattens verdi». Tja. Kva verdi har ein huskatt, då? Uvurderleg, tykkjer eg, når katten i praksis er eit familiemedlem.

Grisen Esther har si eiga Facebook-side «Esther the Wonder Pig», som er likt av 1,1 millionar menneske. Historia skal vera som fylgjer: Familien til Esther skaffa seg det dei trudde var ein minigris. Men dei vart lurt. Etter som tida gjekk, vaks Esther til å bli større og større, til ho til slutt fylte heile sofaen. I dag har Esther eiga heimeside, og det kjem jamlege statusoppdateringar, videoar og bilete av grisen, gjerne saman med ein litt skeptisk hund og ein molefonken katt.

Me blir visstnok også lukkelegare av å sjå kattevideoar på nett. Me kan få kjæledyra våre stoppa ut etter at dei døyr, og på eit tidspunkt blir det kanskje også vanleg å klone fram ein kopi av favoritthunden.

Og trenden om å vita kvar maten vår kjem frå, har også gjort sitt inntog i matverda til kjæledyra våre. Den canadiske produsenten Orijen har presentasjon av nokre av bøndene som leverer kjøtt til hunde- og kattefôret. Omgrep som «raised naturally», «free-ranged», «deemed fit for human consumption», eit husdyrhald utan bruk av hormon og antibiotika får meg til å lure litt på korleis resten av kjøttproduksjonen i Canada er, men katten min elskar fôret.

At maten kattane et held menneskemat-kvalitet er bra. Men det er ikkje alt kattane et som menneska skal eta. Rått musekjøtt, til dømes. Og vice versa. Å tvangs-veganisere katten er heller ikkje spesielt bra for den, sjølv om eigaren ikkje vil eta kjøtt sjølv.

Å ha kjæledyr har altså sin pris, bokstaveleg tala. Men det er me som skal betale den prisen, og ikkje kjæledyra våre.

Neste artikkel

Nå kan du bruke digitale gjerder for storfe og sau