23. september møtest EU og Noreg til nye forhandlingar om liberalisering av landbruksvarehandelen. Det stadfestar kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad i Utanriksdepartementet.
Forhandlingane, som formelt vart starta i februar, går føre seg etter artikkel 19 i EØS-avtalen, som seier at EU og Noreg gradvis skal redusere handelshindringar mellom seg, innanfor rammene av "dens enkeltes landbrukspolitikk" og på "gjensidig fordelaktig basis".
Det det skal forhandlast om, er ein ny avtale for handel med ubearbeidde landbruksprodukt, som ost, kjøt, bær, frukt og grønsaker.
EUs forhandlingsleiar Susana Marazuela har tidlegare fortalt Nationen at EU ventar ytterlegare liberalisering av handelen med landbruksvarer i forhandlingane, og ei endring av tolltiltaka den førre norske regjeringa gjennomførte. Frå norsk side har regjeringa stadfesta at Noreg har lite å vinne på forhandlingane.
EU-kommisjonen har sidan februar hatt diskusjonar med EU-medlemsstatane for å verte samde om felles haldning og posisjon. Bjåstad seier regjeringa ikkje er kjent med EUs posisjon enno.
– Vi ventar at EU kjem til å konkretisere kravet sitt på møtet, seier han.
Noreg tek i dag inn sju gonger meir landbruksvarer frå EU enn kva EU får inn frå Noreg. Medan Noreg er langt unna å fylle opp eksportkvotane til EU, er fleire EU-land interesserte i å få auka sin marknadstilgang i Noreg.