Tine vurderer om verksemda i Lom og Skjåk skal opphøyra, og produksjonen leggast til andre ysteri (Byrkjelo, Storsteinnes). Bakgrunnen er dalande salstal for G35, og Lom og Skjåk ysteri er den minste produksjonsstaden.

Det verkar som om prosessen no skal føregå meir i det stille for å unngå ubehageleg støy. I den grad saka har vore framme i media har det fantasilaust vore pukka på at Gudbrandsdalsosten berre kan ystast i Gudbrandsdalen.

Det verkar kunnskapslaust og slagordprega i og med at omtrent ni av ti gudbrandsdalsostar som blir produsert og fortært i Noreg blir ysta andre stadar enn her, og slik har det vore i mange tiår.

Men det er ikkje mangel på sterke argument for at Gudbrandsdalsost-produksjonen må fortsette ved Lom og Skjåk.

Vi som bur her tykkjer at "raudosten" frå Lom og Skjåk er best, og at dette ikkje berre er subjektivt og lokalpatriotisk viser alle dei mange gullmedaljene og andre heidersbevis osten har fått i internasjonal konkurranse. Men i marknadsføringa av eit matprodukt i våre dagar er det ikkje berre eigenskapane og kvaliteten til produktet som tel, like viktig er historia som kan knytast til produktet.

Tine sit her på eit skikkeleg marknadsførings-ess, når det gjeld Gudbrandsdalsosten frå Lom og Skjåk.

Tine sit her på eit skikkeleg marknadsførings-ess, når det gjeld Gudbrandsdalsosten frå Lom og Skjåk. Osten herifrå er no den einaste som blir produsert i Gudbrandsdalen og det på den opprinnelege måten ved grytekoking, slik budeiene gjorde på setrene før i tida. Byrkjelo og Storsteinnes produserer på meir moderne "industrielt" måte ved såkalla "kontinuerlege anlegg".

Men det er eit stort MEN. Tine har aldri brukt denne store marknadsføringsfordelen Lom og Skjåk ysteriet har. Kvifor? Det er nok fordi at forskjellige anlegg i Tine som produserer same produktet ikkje skal drive innbyrdes konkurranse. Forståeleg, javel, men eit stort handikap for vårt ysteri at ikkje dette marknadsføringspoenget kan brukast. Ikkje ein gong på emballasjen blir det gjort noko forskjell.

Rett nok kan osten identifiserast med eit lite nummer (164), men det vil dei færraste leggje merke til, og det er vel berre vi lokale som veit kva det betyr.

Men kva så om Tine verkeleg flaggar ut frå Gudbrandsdalen? Da kan det bli svært freistande for ein konkurrent å etablere seg her, og produsere på same måten. Dei vil nok ikkje ha skruplar med å reklamere med at dei er dei einaste som produserer Gudbrandsdalsost i Gudbrandsdalen på ekte opprinneleg vis.

Ein konkurrent til Tine vil ikkje nødvendigvis etablere seg i Lom eller Skjåk, Midt-Gudbrandsdalen vil nok vera like aktuelt. Eg tenkjer særleg på Sør-Fron. Her i Gålåfjellet ligg Solbrå seter der Gudbrandsdalsosten først vart ysta. Ein ny konkurrent kan fort vera så lur at han tek i bruk Solbrånamnet på både osten og ysteriet. Tenk kva reklameeffekt følgande kunne få, "Solbrå Gudbrandsdalsost, einaste brunost ysta i Gudbrandsdalen ved tradisjonell grytekoking slik Anne Hov gjorde på Solbråsetra".

I tillegg til den historiske tilknytninga er Solbrå eit namn som kling godt i øyra. Slik marknadsføring kunne ta innersvingen på Tines gjenverande produksjon av Gudbrandsdalsost. Tankespinn?

Nei, vi ser at konkurrentar som Synnøve Finden og Q-meieriene, nyttar nådelaust alle høve dei har for å setje Tine til veggs. Ein må rekne med at kommunane som blir stilt til utsikt å få eit nytt ysteri, gjev gratis tomt og økonomisk tilskot. Det siste kan nok og nabokommunar bli med på.

Mange av dei små grytekokte ostevariantane vart etter siste brunoststrid flytta til Lom og Skjåk. Slik bidreg anlegget vårt til å ivareta verdifull nasjonal matkultur. Skulle det ikkje vera ein tanke at slik produksjon kunne tilgodesjåast med ei støtteordning? Etter mi meining ville det vera meir fornuftig enn at konkurrentane til Tine får økonomisk støtte for ikkje å vera konkurransedyktig.

Men framleis er det att produkt innan brunostsegmentet som med fordel kan flyttast til Lom og Skjåk. Mest nærliggande er det å tenkje på brunostens næraste slektning; Prim. No er det berre gigantmeieriet på Hå i Rogaland som produserer Prim i Tinekonsernet. Det er ein produksjon som eigentleg ikkje passar inn i produktkonseptet deira, og er for dei ein liten ubetydeleg produksjon og så vidt eg har høyrd av folk i Tine vil Hå-anlegget gjerne bli kvitt dette.

Men for Lom og Skjåk er det såpass volum at det vil monne. Primet held seg nok og meir populær blant dei yngste aldersgruppene enn vanlege brunostar. Det er fornuftig å leggja primproduksjonen til Lom og Skjåk. Ein annan produksjon som fullt og heilt med fordel kan leggjast til Lom og Skjåk er mager mysost. Den har lett for å setja seg fast i røyrene i kontinuerlege anlegg, og skapar tidstap og forarging med hyppige reingjeringar. Dette blir enklare med grytekoking.

Ein kan ikkje vente at Tine vil leggje avgjerande vekt på våre kjensler her lokalt eller eit lite snes arbeidsplassar. Men eg oppfordrar Tine til å tenkje seg om, og tenkje langsiktig. Det er ofte slik at det som ser lettvintast og billigast ut her og no, ikkje står seg godt i lengda.

Gje ikkje konkurrentane ei gåvepakke ved å leggja ned Lom- og Skjåk-anlegget. Ysteriet vårt er det siste brunostanlegget Tine bør leggje ned om dei veit sitt eige beste.