Sogn Avis: Trenden med å bruka høge summar på vikartenester ser ikkje ut til å minka.
– Kvar bidige veke får eg og Mette (Hestetun Berg, kommunalsjef for helse og omsorg, journ.anm) førespurnader frå fleire aktørar som tilbyr oss helsetenester. Ambisjonen deira er å tena mest mogleg pengar, sa kommunedirektør i Årdal, Stig Stark-Johansen, i formannskapet torsdag.
Tal frå fjoråret, som kommunedirektøren sjølv har henta inn, viser at kommunane i Sogn kjøpte vikarar innan helse og omsorg for 60 millionar kroner til saman.
Årdal er den kommunen som brukte mest med ein sum på 19.300.000 kroner. Like bak ligg Vik med eit forbruk på over 18,3 millionar kroner.
Sjå fullstendig oversikt lengre nede i saka.
Tynn rapport
Tala vart lagt fram i formannskapet torsdag, då kommunedirektøren orienterte om økonomistatus. Økonomirapportering for første halvår 2023 stod på sakslista.
Sigmund Solvoll (Sp) meiner rapporten er for tynn.
– Her var det ikkje mykje å ta tak i, sa han.
Årdal er for tida utan økonomisjef, og Stark-Johansen fungerer av den grunn som både økonomisjef og kommunedirektør. Difor er rapporten lite utfyllande, var forklaringa hans på det.
Peikte på lønskostnadene
Noko fann Solvoll likevel å setja fingeren på. Han stilte mellom anna spørsmål ved lønskostnadene.
– Løna kommunen sjølv betalar ut viser ei innsparing på 6,5 millionar. Her må det liggja ein god del stillingar i budsjettet som det ikkje er folk i, sa han.
For første halvår 2023 har Årdal kommune budsjettert med 2 millionar kroner til vikartenester. Rekneskapen syner eit meirforbruk på over 13,5 millionar.
– Me har ein god del ledige stillingar innanfor helse og omsorg, og då brukar me vikartenester, sa kommunedirektøren.
Tala sjokkerte ordførarane
Han orienterte formannskapet om at han har vore i kontakt med alle rekneskapsførarar og økonomiarbeidarar i kommunane i Sogn, for å høyra kva dei brukar for å kjøpa slike tenester.
Tala vart synt fram for dei folkevalde i Årdal. Kommunedirektøren peikte på at fleire av kommunane har gjort eit politisk vedtak på å ikkje kjøpa vikartenester.
– Dei har eigentleg vore ganske klare på det, og eg er samd. Me har stukke hovudet litt i sanden, sa kommunedirektøren som også har lansert tala for ordførarane i Sogn.
– Dei vart litt rysta.
Open marknad gjer det krevjande
Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) meiner tala syner sitt.
– Eg er glad for at me får ei oppdatering. Det er ei felles utfordring me har over heile regionen, og eg tenkjer at me må jobba med dette saman, politisk og administrativt, og saman med fagforeiningane.
Mette Hestetun Berg, kommunalsjef for helse og omsorg, synte til at den opne marknaden gjer situasjonen krevjande for kommunar som Årdal som manglar legar og anna helsepersonell.
– Det er ikkje slik at det er dei legane me har som er dei dyraste, men det som hadde vore ønskeleg er ein annan kontroll på verksemda. Me kjøpte ein del vikarlegar i fjor som me ikkje har betalt som det. No håpar me at det stabiliserer seg. Me har hatt stabile vikarar i år, og me har fått tilsett ein ny fastlege, sa ho.