Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aps landbrukstalsmann nr. 36 på lista

– Eg synest det er viktig at Ap har ei tydeleg landbruksstemme, seier Nils Kristen Sandtrøen, nykomar på lista over dei mektigaste i landbruket.

Nils Kristen Sandtrøen er Arbeidarpartiets landbrukspolitisk talsperson. Han er ny på lista over dei 100 mektigaste i landbruket, i lag med dei landbrukspolitiske talspersonane til fleire av dei andre politiske partia. Foto: Siri Juell Rasmussen
Nils Kristen Sandtrøen er Arbeidarpartiets landbrukspolitisk talsperson. Han er ny på lista over dei 100 mektigaste i landbruket, i lag med dei landbrukspolitiske talspersonane til fleire av dei andre politiske partia. Foto: Siri Juell Rasmussen

Sandtrøen, som representerer Hedmark, har i kraft av å vere Aps landbrukspolitiske talsperson fått plass som nr. 36 på lista over landbrukets 100 mektigaste.

Han utdjupar det med å vere ei landbruksstemme for Ap.

Nykomarane på lista

8. Steinar Reiten, stortingsrepresentant og Kristelig Folkepartis landbrukspolitiske talsperson

14. André Nikolai Skjelstad, stortingsrepresentant og Venstres landbrukspolitiske talsperson

21. Anne Jødahl Skuterud, styreleiaren i FK Agri

23. Trine Hasvang Vaag, styreleiar i Nortura

24. Marit Berger Røsland, ny EU- og EØS-minister

30. Venner av norsk landbruk, Facebookgruppe med nesten 60.000 medlemmer, viktig debattarena

36. Nils Kristen Sandtrøen, Aps landbrukspolitiske talsperson

42. Hans-Christian Gabrielsen, LO-leiar

52. Tingvollost, familiebedrift

56. Frøydis Haugen, 2. nestleiar i Noregs Bondelag

60. Une Aina Bastholm, stortingsrepresentant for Miljøpartiet de grøne

75. Nils Vagstad, administrerande direktør i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio)

77. Rørosmat, samanslutning av matprodusentar

78. Esben Holmboe Bang, dansk sjefskokk på Maaemo i Oslo, 3 michelinstjerner

79. Ingulf Galåen, bonde og lokalmatgründer

81. Per Borglund, redaktør i Mat frå Norge

85. Bente Løvenskiold, næringspolitisk sjef i Nordskog

88. Siri Helle, forfattar og journalist i Dag og Tid

89. Torgeir Knag Fyllkesnes, stortingsrepresentant og SVs landbrukspolitiske talsperson

91. Gaute Lenvik, administrerande direktør ved Veterinærinstituttet

93. Ragna Kronstad, bloggar og spaltist

97. Per Olav Skutle, styreleiar i Gartnerhallen

98. Tor Jacob Solberg, bonde

99. Øystein Heggdal, journalist i Norsk Landbruk og spaltist i fleire riksaviser

100. Sophie Elise Steen Isachsen, bloggar

– Allereie i år har Stortinget fått gjennom mellom anna å sikre det viktige marknadsreguleringstiltaket som opplysingskontora for landbruket er. Det skjedde mot Høgres og Frps vilje. Det viser at Stortinget kjem til å bli ein viktig arena for dei som er opptekne av matproduksjon og arbeidsplassar over heile landet.

Interessert grasrot

– Burde du vore høgare på lista?

– Akkurat det har eg inga meining om, men det eg kan seie, og som er veldig inspirerande i arbeidet mitt, er den sterke stillinga landbrukspolitikk og matproduksjon har ute i lokallaga våre. Så eg kan seie at grasrota i Ap kunne hatt ein interessant plass på den lista. Min jobb er å representere dei deltakarane.

– Kva blir dei viktigaste oppgåvene framover?

Annonse

– Det aller viktigaste no er å følgje opp jordbruksmeldinga i praktisk politikk. Det er eit arbeid som startar no på nyåret. Eg er mykje ute og møter folka som sit i kommunestyre og i fagrørsla, og både i AUF og fagrørsla er det eit sterkt og aukande engasjement rundt mat og arbeidsplassar knytt til matproduksjon, seier Sandtrøen.

• Les også: Får både makt og trusler av meninger om landbruk

Vidare tyding

Han seier den store interessa gjeld for landbruket som matprodusent men også det landbrukspolitikken betyr for klima, dyrevelferd og kampen mot antibiotikaresistens.

– Eg føler meg privilegert som har moglegheita til å arbeide med landbruk for Arbeidarpartiet, og er sikker på at fleire og fleire kjem til å engasjere seg i dette feltet.

Neste artikkel

Kan Senterpartiet gi fra seg landbruksministeren?