Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skogeigarane, NHO og LO skeptiske til EUs klimaprosjekt

Norske skogeigarar går saman med leiarar frå LO og NHO for å hindre at EUs klimasatsing går ut over norsk skogsdrift.

Skogeigarane vil unngå at klimasamarbeidet bremsar den norske industrien, mens NHO og LO påpeikar at omfanget av norsk tømmerhogst er liten, i forhold til tilveksten. Foto: Svein Egil Hatlevik

– Regjeringa har signalisert at Noreg vil ta del i EUs klimaregime, som har som mål å avgrense og kontrollere utslepp. Dette kan påverke norsk tømmerhogst, seier direktør Erik Lahnstein i Norges Skogeierforbund til Klassekampen.

Skogeigarane vil unngå at klimasamarbeidet bremsar den norske industrien, mens NHO og LO påpeikar at omfanget av norsk tømmerhogst er liten, i forhold til tilveksten.

– Vi ønsker å bruke meir av dei unytta ressursane til å lage byggjematerialar som erstattar materialar som stål og betong, og biodrivstoff som erstattar fossilt drivstoff og diesel. No risikerer vi at ressursar som kunne vore brukte til å få ned klimagassutsleppa og til å skape nye arbeidsplassar og inntekter for skogeigarane, blir ståande unytta og til slutt rotnar bort, seier Lahnstein.

Annonse

©NPK

Neste artikkel

NHO: Svært alvorlig opptrapping av handelskrigen