Høgre-leiar Erna Solberg festar grepet om veljarane i ny undersøking Sentio har utført for Nationen.
- Slaget er i praksis tapt for Stoltenberg, seier valforskar Marcus Buck.
Mens forrige måling i mars viste at Stoltenberg var tilbake som statsministerfavoritt, må han no se seg slått av Solberg igjen.
Målinga syner at 36,3 prosent av veljarane seier dei føretrekkjer Solberg som statsminister i Noreg, medan 29,5 prosent vil at Jens Stoltenberg held fram som statsminister etter valet.
Les også: Stoltenberg tilbake som favorittkandidat til å bli statsminister
Medan kvinner tradisjonelt har hatt større tiltru til Stoltenberg og Ap, er det no fleire kvinner som vil ha Erna enn Jens som statsminister.
- Det er svært hyggjeleg at så mange gir positivt skotsmål attende. Eg er likevel nøktern. Det er eit val som skal gjennomførast og vinnast, og me skal overtyde veljarane om dei borgarlege partia sine politiske saker, seier Solberg.
Opptekne av kvinner
Ho går til åtak på dei som seier at Høgre ikkje er så opptekne av offentleg sektor.
- Det er feil. Me har reelle løysingar for utfordringane i offentleg sektor, der mange kvinner arbeider. Folk vil vita og forstå korleis endringar skal skje. I tillegg har Høgre vore opptekne av spørsmål som ikkje alltid står øvst på den politiske konfliktordenen, og av dei som hamnar utanfor arbeidslivet. Det er til dømes viktig å ruste opp det psykiske helsevesenet for å fange opp desse hamnar utanfor arbeidslivet, seier Solberg.
Les også: Jens hopper opp i ryggen på Erna
For fire år sidan var Solberg sin status i Høgre meir omstridt. Dårlege meiningsmålingar førte til murring i gangane om at Solberg burde bytast ut. Fyrsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Tromsø, Marcus Buck, seier politiske leiarar tyder mindre enn politiske saker og konjunkturar.
- Solberg har stått på det ho har meint heile tida, og har stått ved partiet sine kjernesaker. Personar tyder lite ved val. Det tek lang tid å byggje politisk tillit til leiarskap, seier Buck.
Må sitje roleg i båten
Han peiker på regjeringsslitasje som hovudårsaka til at Solberg og Høgre ligg høgt på målingane.
- Regjeringsparti tapar 1-2 prosent i oppslutning kvart år dei sit i regjering. Så lenge Solberg sit stille i båten og fokuserer på eigne saker som gir tillit, vil det halde heilt inn til valet, om det ikkje dukkar opp ekstraordinære saker. Slaget er i praksis tapt for Stoltenberg. Samstundes er det eit dilemma for Høgre at dei er i midten på den borgarlege sida, med Frp på den eine sida, og KrF og Venstre på den andre. Det er prosjektet sin akilleshæl å syne at dei kan regjere saman, slik dei raudgrøne har synt, seier Buck.
Solberg seier ho ikkje er i tvil om at det blir tøffe forhandlingar på borgarleg side. Les meir i Nationens eavis eller papirutgåve fredag 3. mai.