Framskrivingar av utviklingstrendane viser at det om 20 år vil vere under 2900 mjølkebruk att her i landet om 20 år. Nedleggingstakten dei siste åra er blant dei høgaste i vesten.

Les også: Mjølkebønder forsvinn i tre gonger så stort tempo som elles i jordbruket

Kombinert med mål om 20 prosent produksjonsvekst dei neste 20 åra må mjølkebruka truleg bli meir enn fire gonger større enn dagens gjennomsnitt.

Sjå framskriving av avviklingstakten for mjølkebruk her.

Forskarar stadfestar retninga, men åtvarar mot konsekvensane.

- Det er mange usikre faktorar, men tala samsvarar godt med tidlegare forskingsresultat. Nedleggingstakten for mjølkebruk her i landet er blant dei høgaste i vesten. Konsekvensen kan fort bli meir brakklegging av jord, mindre beitebruk og mindre busetjing i distrikta, seier landbruksforskar Ola Flaten i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf).

Minst firedobling på 20 år

Etter kraftig rasjonalisering har det blitt over 4700 færre mjølkebønder dei siste 6 åra.

Les også: Langt meir nedlegging enn tala viser

Produksjonen per gardsbruk er etter kvoteaukinga i år venta å nærme seg eit snitt på 150.000 liter, ein vekst på 50 prosent per bruk sidan 2006. Samtidig har talet på mjølkekyr auka frå eit snitt på 17,5 til nær 23 kyr per mjølkebruk.

Det er berre ein forsmak om dagens nedleggingstakt held fram.

Les også: Fryktar auka fall i mjølkeproduksjonen

Framskrivingane viser eit vidare fall på 7500 mjølkebønder dei neste 20 åra. Blir det totale mjølkeforbruket uendra, trass i stigande folketal, vil nedleggingane åleine føre til eit behov om å firedoble snittbruket i Norge frå 2011-nivå.

Les også: 6200 bønder borte på seks rødgrønne år

Dersom målet i landbruksmeldinga om 1 prosent årleg produksjonsvekst også skal gjelde mjølk, må dei attverande mjølkebøndene levere over 500.000 liter meir mjølk om 20 år enn i dag.

Fråflytting og brakklegging

Flaten seier det er mogleg å firedoble storleiken på mjølkebruka.

- Ja, det går an, sjølv om det høyrest urealistisk ut i dag. Ser ein 20 år tilbake har det skjedd store endringar i det norske landbruket. Det er mogleg, men om det er politisk ønskeleg er noko heilt anna, seier Flaten.

- Men det går i den retninga?

- Ja, det politiske fleirtalet vil ha større bruk. Konsekvensen blir mindre busetjing og aktivitet i bygdene. Meir jord kan bli tatt ut av drift og lagt brakk sidan det er lettare å nytte areala når det er mange bruk spreidd rundt i landet. Beitebruken kan òg gå ned. Med større bruk og fleire mjølkerobotar blir det vanskelegare å ha dyra på beite, seier Flaten.

- Kan dempe takten

Landbruksforskaren seier det er mange grep som kan motverke eller dempe utviklinga.

- Det er fullt mogleg å dempe nedleggingstakten, og felles for mange av tiltaka er at det handlar om betre økonomi. Bonden må ha god nok inntening for å ønskje halde fram, seier Flaten.

Les også: Import har erstatta 3500 norske bønder

Kombinert med andre tiltak vil styrka toll på meierivarer kunne dempe nedleggingstakten og få fleire til å investere og drive vidare, ifølgje Flaten.

Eit liberalt kvoteregelverk verkar i andre retninga. Flaten seier at strengare dyrevelferdskrav også er negativt for dei som driv i mindre skala.

- Blir dei pålagde store investeringar og faste kostnader, er det dyrt for små bruk, seier han.

Les også: Staten sender rekninga for kutt i kvotepris til bøndene

Flaten legg til at trivsel og miljø, som ikkje treng henge saman med økonomi, òg betyr mykje for om bønder vil fortsetje eller ikkje.

Ap: - Vil dempe takten

Saksordførar for landbruksmeldinga og Ap-representant på Stortinget, Arne L. Haugen, seier effektivisering er ønskjeleg.

Les også: Dobbel nedleggingstakt blant bønder på Jæren

Han avviser derimot at Ap ønskjer så sterke strukturendringar.

- Eg trur ikkje vi er tent med ei så sterk strukturrasjonalisering som tala viser. Etter min smak går det i kjappaste laget i dag. Skal vi nå måla om landbruk i heile landet, meir beiting og grovfôr, så må nedleggingstakten dempast, seier Haugen.

- Årets jordbruksoppgjer dempar ikkje takten?

- Det blei ikkje forhandlingar i år. Vi får sjå kva komande oppgjer vil gi, seier han.

Haugen seier økonomien i mjølkeproduksjonen er for dårleg, sjølv om det har blitt betre.

- Kvifor sa de nei på toll?

- Vi får setje oss ned og sjå på det. Det er viktig å ha ein kunnskapsbasert diskusjon og vurdere det òg opp mot handelspartnarar og industri. Styrka tollvern er inga enkel sak. Eg vil ikkje spå utfallet, seier Haugen.