Med oppdaterte tal vil mjølkemålpris åleine bruke 7,2 milliardar kroner i prisstøtte dersom målpris for korn vert avvikla. Tilsvarande vil kornmålprisar åleine bruke 3,9 milliardar kroner med kornavlingar som i 2021.

Å fjerne målpris for korn gjev rom for målprisauke for mjølk, men berre for nokre år framover.

Å fjerne målpris på mjølk gjev rom for varig målprisauke for korn, kombinert med omfattande prisstøtte over statsbudsjettet for andre produksjonar, inkludert mjølk.

Omlegginga av landbrukspolitikken ved avvikling av målpris blir minst for mjølk. Vi har allereie eit volummål gjennom kvoteordninga for mjølk.

For korn er det svært uklart korleis ei ny marknadsordning vil sjå ut etter avvikling av målpris.

Alt i alt gjev avvikling av målpris for mjølk større landbrukspolitisk handlingsrom enn avvikling av målpris for korn.