Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi skal tene folket

Stortingskvardagen har vist sider med livet på Løvebakken som bekymrar meg.

For eitt år sidan var eg midt i ein hektisk valkamp som gav eit uventa gledeleg resultat; stortingsplass for første gang på 12 år for Sogn og Fjordane KrF.

Det er ikkje slik at den som blir nominert i eit halvstort parti i Sogn og Fjordane er trygg på å få stortingsplass. Då valresultatet kom, trudde eg det ikkje. Dagen etter trudde eg det heller ikkje.

Mandatet eg har fått er det nest mest utjamna utjamningsmandatet. Så der fleire av mine stortingskollegaar kunne vere rimeleg sikre på kva dei skulle bruke desse fire åra på etter nominasjonane i sine parti, vart det her ei stor overrasking for meg og kona.

Vi hadde nett flytta heim til Sunnfjord frå Oslo, der ho er frå. Planen var å stå på i valkampen for partiet vi begge meiner har dei beste visjonane for landet, for så få ein roleg vikarjobb som lærar. Då valresultatet kom, blei det klart at eg måtte pendle til Oslo, medan Line skulle jobbe i Dale.

Å vere 26 år og sitte på Stortinget er neppe bra for karakteren.

Med livet på heimebane så på plass om det var mogleg å få det, var det berre å gripe fatt på jobben på stortinget. I Energi- og miljøkomiteen har eg både kunne jobba med dei store globale klimaendringane, og dei viktige lokale sakene, som rettferdig nettleige og rassikring. Første lærdom; om du løftar saker og bygger alliansar kan ein få utretta ting – sjølv om det oftare blir eitt steg i rett retning framfor ein full siger.

Stemte stortingskvardagen med kva eg hadde forventa? Berre delvis. Han var like hektisk som eg hadde forventa, minst. Men han viste òg sider med livet på Løvebakken som bekymrar meg. Dels fordi Stortinget tidvis blir ei boble. Ofte held vi på med saker som er viktige for folk heime eller utviklinga i samfunnet vårt, men dei når aldri gjennom i mediebiletet. I staden er det konfliktane, skandalane og intrigane som lagar dei store overskriftene.

Misforstå meg rett, det er ikkje fordi media eller veljarar er dumme. Det er fordi mykje av politikken ikkje blir tilgjengeleg nok for folk flest, og fordi vi lever i eit samfunn der alt går fortare og vi har ein større tilgang på informasjon. På 80-talet refererte lokalavisene alt som skjedde i kommunestyresalen – no må dei konkurrere med Facebook, som gir oss det vi «likar» på eit sølvfat, om merksemda vår.

Annonse

Stortingskvardagen blir òg fort ei boble fordi Stortinget blir meir profesjonalisert. Det har blitt stadig fleire politiske rådgjevarar og stadig fleire kommunikasjonsrådgjevarar i stortingsgruppene. Alle desse gjer ein umåteleg viktig jobb, men kostnaden er at meir av politikken blir profesjonalisert.

Det same ser ein og hos dei som prøvar å påverke oss. Men kva skjer når politikarane og interessene som påverkar oss blir profesjonalisert? Jo, då vinn dei som kan betale mest for dei beste proffane. Medlemstala i dei politiske partia går ned, det same gjer medlemskap i organisasjonar. Kva skjer når partiorganisasjon og sivilsamfunn påverkar politikken mindre? Blir ikkje det rommet fylt av noko?

Noko av det som har overraska meg mest dette stortingsåret er kor makteslaus eg tidvis kan kjenne meg. Ja, eg er del av ei lita stortingsgruppe med stor påverknad. Likevel kjenner ein at prosessane går feil veg same kva ein vedtar. Eit døme på det meiner eg Eid-ordførar Alfred Bjørlo set godt ord på.

Saman har KrF og Venstre ein arv frå tida vi var i regjering saman om å spreie statleg arbeidsplassar i landet. Eit mål som både sittande regjering og storting har uttalt og vedtatt i enkelttilfelle gang på gang. Likevel skriv Bjørlo treffande: «Dei statlege kolossane – NAV, Politiet, Statens vegvesen, rettsvesenet, direktoratsjungelen – turar fram som om 1960-talet aldri skulle ha tatt slutt. Sentraliserer, flyttar mot storbyane, bygger ned kompetansemiljø i distrikta bit for bit.»

Men kva skjer når politikarane og interessene som påverkar oss blir profesjonalisert? Jo, då vinn dei som kan betale mest for dei beste proffane.

Til hausten kjem eit nytt døme: Statens vegvesen skal omorganisere seg. Eit globalt konsulentselskap har fått oppdraget om å lage rapporten, som skal vere klar våren 2018. Når eg spør statsråden om kva som ligg i denne rapporten, svarar han berre at han blir lagt fram med statsbudsjettet. Erfaringa frå liknande prosessar viser at når det kjem til folkevalt nivå er beslutningane allereie tatt, og arbeidsplassane flytta.

Om ein månad blir det fulle veker på Løvebakken igjen. Stortingsferien er eit god høve til å stoppe opp og minne seg på kva ein vil med mandatet eg har fått. Å vere 26 år og sitte på Stortinget er neppe bra for karakteren. I den tida av livet då eg skulle vore ute i den harde førstegongsjobben har eg gode kollegaar i eige og andre parti som hjelper å spele meg god og eg får alt eg treng av støtte rett oppi hendene.

Den viktigaste påminninga for ta vare på det som måtte ver att av karakter trur eg er nokre ord frå avslutningstalen til Odd Jostein Sæter som jobba i regjeringar, storting og parti i ei livstid før han no har pensjonert seg: «politikk er ei teneste».

Målet er å tene andre så godt ein kan. Det er ein verdi og lærdom som eg ikkje ville vore forutan, og som inspirerer til eitt år til med lange stortingsmøte og bunkevis med sakspapir!

Tore Storehaug er ein av fem faste spaltistar i spalta Frå Løvebakken. Dei andre fire er Lene Westgaard-Halle, Geir Pollestad, Else-May Botten og Torgeir Knag Fylkesnes.

Neste artikkel

Drøftinger om melkekvotene