Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tore Storehaug: Regjeringa og SV drar politikken bort frå distrikta

Når høgresida finn saman med ytste venstre, er det distrikta som taper.

Finn saman: Når regjeringa finn saman med SV blir sentrum og distrikta taparane, skriv Tore Storehaug. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Normalsituasjonen i norsk politikk er at styring og makt har gått gjennom sentrum. Fleirtalsregjeringar har vore unntaket heller enn norma – likevel har kompromiss og forlik sikra at politikken er føreseieleg. Det fremste dømet på det her er sjølvsagt sentrumsregjeringa.

Det har blitt fortalt at ein av ministrane frå denne regjeringa var på besøk til eit land i Sør-Afrika og fortalde om den parlamentariske situasjonen i landet. Då han fortalde at regjeringa i Noreg berre hadde 42 representantar i parlamentet kom spørsmålet: «Do you have good connections in the army?».

Eit anna døme får kanskje betre fram det som er poenget mitt. Då regjeringa måtte gå av hadde landbruksminister Kåre Gjønnes fremja landbruksmeldinga «Om norsk landbruk og matproduksjon». Intensjonen var å fremje ei mest mogleg samlande melding som hadde brei forankring frå eit stort fleirtal i stortinget.

Stoltenberg tok over før meldinga var ferdigbehandla, men fann ingen grunn til å trekke henne. Meldinga fekk brei støtte og blant anna blei jordbruksfrådraget vedtatt. I dag seier Budsjettnemnda for jordbruket at denne utgjer ti prosent av bonden si inntekt.

Kulturen med kompromiss og breie forlik i norsk politikk er i endring. Utvidinga av regjeringa og Jeløya-plattforma vil styrke denne endringa ved at regjeringa sin politikk blir endå meir høgredominert. Frå no av treng regjeringa berre støtte frå eitt parti for å få gjennomslag for politikken sin.

Denne støtta kan like gjerne komme frå ytste venstre som frå sentrum av norsk politikk. Det at høgrepartia finn saman med ytste venstre, gjer ikkje at politikken blir sentrumsorientert. Tvert imot blir politikk fjernare frå sentrum.

Regjeringa seier i erklæringa at dei vil legge ned norsk pelsdyrnæring. Forbodet skal gjelde frå 2025 og vil føre til at staten kanskje må betale sju milliardar kroner i erstatning, samstundes som vi taper ei potensiell valutainntekt på opp mot 500 millionar i året. Kvar kan regjeringa få støtte for eit slikt forslag frå?

Ikkje ved å gå gjennom sentrum i alle fall. Her ser det ut som om næringspartiet Høgre vil hente støtte frå ytste venstre for å legge ned ei lønnsam næring.

Pelsdyrhald har lange røter og er ei viktig inntekt og biinntekt i mange distrikt. Med auka velstand i verda rundt oss, og særleg Aust-Europa, har marknadsutsiktene til næringa berre auka. Norsk pelsdyrnæring er leiande på kvalitet, miljø og dyrevelferd. Likevel ser framtidsutsiktene no dystre ut. Hadde det vore bruken av pels ein var i mot kunne ein innført eit forbod mot import av pelsdyr – men det gjer ein ikkje.

Det at høgrepartia finn saman med ytste venstre, gjer ikkje at politikken blir sentrumsorientert.

Annonse

Det mest drastiske er likevel den totale snuoperasjonen ein har tatt. Debatten om norsk pelsdyrnæring har gått lenge. Eigarar har måtte leve med usikkerheit for investeringar. Likevel samla eit fleirtal på stortinget seg om å at næringa skulle få halde fram under fleire pålegg om kontrollar. Dette fleirtalet kom i 2017. Eitt år seinare får næringa kontrabeskjed. Kvar vart det av forlik og føreseieleg politikk?

Eit anna døme er familiepolitikken. Liberalistar og sosialistar har lenge hatt felles front mot ei kvar form for kontantstøtte. Korleis det kan vere eit gode at staten betalar for at born får vere med mor eller far til barnet er eitt år – men utenkeleg at det skjer etter det, forstår eg ikkje. Det nye i Jeløya-erklæringa er at regjeringa ønskjer same tredeling av foreldrepermisjonen. Igjen er det ein einigheit med ytste venstresida. Dette er dårleg distriktspolitikk.

Felles-delen av foreldrepermisjonen blir mindre. Familiar blir behandla meir likt, men det passar ikkje like godt for alle. Kva med dei som har arbeidskvardagar der amming ikkje let seg kombinere med at far er heime? Landet ser ulikt ut, og det gjer familiar også. Einsretting ser betre ut i prinsippet enn i kvardagen.

Føreseieleg politikk, forlik og løysingar som er til beste for fleire delar av landet har vore eit gode i Noreg. Den politiske kulturen endrar seg og når sosialistar og liberalistar i auka grad gjer felles sak. Nokon snakkar som om sentrum er ein mellomting mellom desse to – det er det ikkje. Det politiske sentrum skil seg frå begge desse ideologiane.

Både sosialisme og nokre typar liberalisme byggjer på å frigjere individet frå kultur og avhengigheita til personar rundt oss. I Sverige kritiserte kristendemokratane denne samfunnstrenden og kalla det «statsindividualisme». Motsetnaden til dette er trua på eit sterkt sivilsamfunn. Sentrum har eit mål at samfunnet skal bli bygd nedanfrå i nære fellesskap.

Vi har ei stor oppgåve i å ta vare på fellesskapstanken og dei breie forlika i politikken.

Tore Storehaug er ein av fem faste skribentar i Nationen si spalte Frå Løvebakken. Dei andre fire er Lene Westgaard-Halle, Geir Pollestad, Torgeir Knag Fylkesnes og Else-May Botten.

Neste artikkel

Motstanden mot abortendringer