Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tore Storehaug: Det er ingen leik å lære

Du kan ta leiken ut av skulen, men då har du ein skule som ikkje er tilpassa dei minste borna.

Gagnleg: Det er ingen leik å lære, skriv Tore Storehaug. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

No er det blitt 21 år sidan reform 97 blei innført. Den største endringa i denne reforma var at 6-åringane blei tekne inn i skulen.

I åra som leia opp til 1997 var det stor debatt om dette spørsmålet. Det var mange som åtvara mot at 6-årskullet skulle takast inn i skulen. Det blei sagt at borna var for små, at ein mangla faglege grunngjevingar for grepet og at læring gjennom leik var betre enn strukturert læring for dei minste.

Løysinga blei eit kompromiss der både 6-åringane og leiken skulle takast inn i skulen. Leik og pedagogikk frå barnehagen skulle prege innhald og arbeidsmåtar, talet på elevar i 1. klasse skulle ikkje overstige 18 og det skulle vere to lærarar.

Ved den neste store utdanningsreforma var debatten flytta og endra. Premissen som fekk dominere heile debatten var «PISA-sjokket», der det viste seg at norsk skule berre var heilt middels. Eit engelsk ordspråk heiter «never waste a good crisis» – og det blei ikkje gjort med PISA-resultata. Læringstrykket skulle aukast, skulen skulle bli tyngre på fag og dei følgjande åra vart og skuledagen lengre.

Kvar blei det av leiken og dei minste borna i iveren etter å gjere skulen til å ein stad å lære framfor ein stad å vere? Ein tankekross er og at det nettopp var PISA-undersøkinga frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling som blei premissen – for læring og danning handlar då om meir enn produktivitet?

Føresetnadane og intensjonen som låg til grunn for å innføre seksårig skulestart blei i stor grad fjerna i Kunnskapsløftet. Leseopplæring skulle starte i første klasse og barnehagelæraren si rolle vart mykje mindre enn i reform 97. Intensjonen var at skulen skulle tilpasse seg dei små borna og ikkje at dei små borna skulle pressast inn i skulen sitt system, men om denne intensjonen blei nådd vart aldri evaluert tilstrekkeleg.

No lyser nokre varsellamper. Ein SSB-studie frå 2012 viser at elevane som starta på skulen som seksåringar ikkje har betre karakterar eller høgare gjennomføringsgrad på vidaregåande. Forskarane finn ingen læringseffektar av innføringa av seksårig skulestart, og seier at vi framleis veit for lite om korleis ein best legg til rette for dei minste borna.

Den skulepolitiske debatten må handle om meir enn berre karakterar, gjennomføring og det som kan målast. Ja, dette er viktige faktorar – men ein skule med mål om både å utdanne og danne må og sjå på dei tinga som ikkje er like lett å måle.

Ein studie frå 2012 viser at elevane som starta som seksåringar ikkje har betre karakterar på vidaregåande.

Annonse

Ei problemstilling er at fleire gutar enn jenter slit med skulen og fell ifrå. Ei årsak til dette kan vere at vi gutar modnast seinare enn jenter og at dagens skulesystem kanskje ikkje ivaretar at unge gutar treng fysisk aktivitet og læring gjennom leik.

Ein alvorleg trend i vår samtid er at talet diagnosar på norske born. Tala frå Folkehelseinstituttet viser at talet diagnosar stig. Ikkje berre det, men tala viser og at born født seint på året oftare får ADHD enn born født før sommaren. Verst er det for gutar der dei som er født seint på året har 40 prosent større sjanse for å gå på ADHD-medisin enn gutar født tidleg på året (!).

Vi må stille spørsmål ved om nokre av dei alvorlege trendane kan ha samanheng med formalisert læring, høgt læretrykk, mykje stillesitting og mangel på fri leik. Skulen opptar ein stor del av tida i borna sitt liv – då må den vere tilpassa deira føresetnadar.

Om ein ikkje får nok tid til å utfalde seg og lære i sin eigen fart, vil born oppleve at det som skal vere ein arena for læring og meistring blir ein stad der du fell attende. Auka læringspress er ein av dei faktorane vi må stille spørsmålsteikn med om er rett. Som med medisin er det ikkje slik at når ein tablett gjer deg betre vil to gjere deg dobbelt så bra – dosen kan bli for stor.

Denne våren har både KrF og Senterpartiet levert forslag om å evaluere korleis skulen og læringstrykket er for dei minste elevane i skulen. Vi håpar å få eit fleirtal med oss på at kunnskap om dei minste borna si rolle i skulen er nyttig inn i arbeid med fagfornying og framtida sin skule.

Ei evaluering av 6-årsreforma handlar ikkje om å sjå bakover, men om å løfte blikket og sjå framover. Vi har trendar i vår samtid som peikar feil veg og der særleg unge gutar opplever utfordringar. Det er ingen leik å lære. Skulen skal tilpassast borna våre og deira måte å lære på – ikkje omvendt!

Tore Storehaug er ein av fem faste skribentar til Nationens spalte Frå Løvebakken. Dei andre fire er Lene Westgaard-Halle, Geir Pollestad, Torgeir Knag Fylkesnes og Else-May Botten.

Neste artikkel

Et daglig skolemåltid